Verdas største serie gjekk på trynet i siste sesong

KOMMENTAR: Game of Thrones er blitt ei forteljing om tapte moglegheiter. Me prøver å forklare kvifor.

Foto: HBO

  • Mikkjell Lønning
    Journalist
Publisert: Publisert:

I dag vassar me i eit hav av gode seriar. Netflix, Amazon, HBO og alle dei andre store, bombarderer oss med innhald kvar veke. Det er blitt så mykje at me umogleg kan halde styr på alt. Så me prioriterer. Me vel ut dei forteljingane som me kan kjenne oss igjen i, dei som venene våre seier at me sjå, eller dei som kritikarane anbefaler.

Nokre av desse seriane, nokre få, peiker seg ut for oss i etterkant. Kanskje går me og tyggar på den siste episoden i nokre dagar, og tenkjer at jo, det her var ein av årets beste.

Nokre av dei går lengre. Nokre seriar definerer oss, definerer tiår. Dei definerer sjangrar, heile kulturar. Desse seriane brenn seg inn i minnet vårt, lokkar oss inn til jamlege gjenforeiningar. Dei mobiliserer enorme fanskarar, og dei foreinar menneske.

Game of Thrones er ein slik serie. Den massive produksjonen frå HBO har gått inn i rekkja av dei store namna innan popkulturen. Star Wars, Harry Potter, Ringenes Herre. Celebert selskap. Men Game of Thrones er dessverre òg ein serie som enda opp med trynet ned i gjørma.

Modig og nyskapande gigantserie

Game of Thrones skilde seg ut frå mølja ved å gi straff der straff var fortent. Eit feilsteg her, eit vondt ord der – og du enda opp med hovudet ditt på ein påle over byporten. Dei første sesongane av Game of Thrones var ein vals med døden gjennom det politiske maktspelet i hovudstaden, eit der heiderlege nordbuarar ikkje passa inn.

Etter kvart utvikla serien seg frå slalåm-køyring mellom intrigar i ormebolet King’s Landing, til å bli eit storskala actioneventyr om kjærleik, makt, mord og krig. Episodar som «Hardhome», «Winds of Winter» og «Battle of the Bastards» vart genierklærte av fans for koreografi, kinematografi og fantastisk musikk.

Jon Snow er ein av favorittfigurane våre. Foto: HBO

Men heile tida låg forteljinga på personnivå. Det handla om figurane me elska, som alle opererer i ørten ulike moralske grånyansar. Det var aldri berre svart og kvitt. Alt var flytande, og kven som helst kunne vende frå skurk til helt – eller omvendt.

Serien utmerker seg i korleis den skildrar figurgalleriet sitt. Dei gongane der kjende og kjære figurar kryssar spor, er det vanskeleg å ikkje kjenne tårene presse fram. Ein klem hos ei søster eller ein bror lenge vekke, eller eit møte mellom kjærastar som trassar alle odds for å halde kvarandre i armane sine.

Game of Thrones er òg like flinke med augeblikka som viser fram korleis figurane har vakse, lært av sine feil. Scenane som får det til å kaldt nedover ryggen, og gjer at det nappar til i smilemusklane. Gongen der Arya endeleg får vise fram sverdkunstane sine, eller der drakane til Daenerys reduserer slavehandlarar til oske.

Drivkrafta i forteljinga var alltid korleis figurane utvikla seg. Me engasjerer oss så sterkt, fordi me veit at det er håp for at favorittfigurane våre kjem til å gjere det rette før eller seinare.

Les også

«Game of Thrones»-stjerne mottar behandling

«Game of Thrones»-stjerna Kit Harington (32) mottar behandling, angivelig mot stress, etter at den populære HBO-serien…

Brotet med kjeldematerialets filosofi

På vegen byggjer serien opp figurane, mens den viser at fortida ikkje treng å diktere kven dei er. Jaime Lannister, ein stolt krigar, møter seg sjølv i døra, og drar ut på ei reise over åtte sesongar for å skildre korleis folk kan endre seg. Den hatefulle mannen som i byrjinga definerer seg sjølv utifrå sine grufulle handlingar, forstår at han kanskje ikkje er skjebnebestemt til å halde fram på det same viset. Det er lys i enden av tunnelen. Til trass for den dystre tematikken i Game of Thrones, er det likevel nokre hint til optimisme her og der.

Eller, me trudde i alle fall det. Før det heile sluttar, og alt vendast på hovudet. Det var ikkje slik likevel. Folk er som dei er. Endring skjer ikkje. Frå sjuande sesong vart seriens tyngdepunkt flytta frå figurane til plottet. I det serien kom eit stykke forbi bøkene, blei tidsskjemaet stramma inn. Ting skulle skje på rekkje og rad.

Les også

Game of Thrones har åpnet hele verden for danske Pilou Asbæk. Men nå vil han egentlig hjem

Han fikk rollen som maktgal konge i verdens største TV-serie, med millioner av fans verden rundt.

Nokre av scenane i siste sesong er rett og slett kunst. Foto: HBO

Den tekniske produksjonen er fullstendig utan make mot slutten, og kjem med eit aldeles glitrande lydspor. Dei ømme tonane i Rains of Castamere, den varsame og faretunge Light of the Seven, eller det meisterlege crescendoet til The Night King, alle desse flotte musikkstykka har bygd opp om effektar som berre dei dyraste Hollywood-filmane kan matche. Men eit vakkert ytre betyr lite, viss alt på innsida er tørt og dødt.

Rammene rundt forteljinga i dei siste sesongane fungerer så godt, men sjølve plottet bommar totalt. Figurane tar avgjerder som ikkje er logiske i det heile. «Plottrustninga», det at figurar overlever umoglege odds, verkar plutseleg å vere festa til alle dei sentrale karakterane, som bryt fullstendig med alt av det som gjorde Game of Thrones unikt. Med eitt handlar figurane først og fremst for å få forteljinga i mål. Dei fire siste episodane av åttande sesong er lite meir enn ein stor og dum actionfilm. Så kva skjedde, eigentleg?

I litteraturteorien er det ei likning som kan forklare dette skiftet. Det finst nemleg to måtar å strukturere ei forteljing på. Du har arkitekten med sine detaljerte romplanar, og du har gartnaren i den kaotiske hagen.

Les også

Nå begynner slutten på Game of Thrones

Hvem sitter på jerntronen til slutt? Og hvordan blir livene for alle de fantastiske karakterene fansen elsker og hater?

Møtet mellom arkitekten og gartnaren

Arkitekten likar å halde styr på alt. Han teiknar opp ei skisse for heile forteljinga, der kvar hending er lista opp. Resultatet er gjerne ein sterk slutt, der alt løyser seg med ei sløyfe på toppen. Ulempa er at det blir mindre rom for å bli kjend med figurane.

Gartnaren skal så frøa, og sjå dei vekse fram. Han bryr seg ikkje like mykje om å skissere ut alt og alle, men vil dra på ei reise saman med figurane sine. Kjenslene og motivasjonane deira vil bløme i sommarsola, men vegen blir gjerne litt meir kronglete. Han veit ikkje kva som kjem til å vekse fram. Nokon vil visne og døy, etter kvart som forfattaren rotar seg vekk i eit subplott som ikkje går nokon veg. Så kanskje gjer han det han kan for å redde planten, eller han byrjar på nytt. Og slik går dagane.

Game of Thrones-forfattar George R.R. Martin passar så til dei grader inn i den siste skildringa. Det er grunnen til at han er så flink til å skrive figurar – og grunnen til at nokre av dei seinare bøkene hans verkar rotete. Det blir fort gjort å skrive seg sjølv inn i eit hjørne. Den einaste løysinga for det, med mindre ein byrjar på nytt, er tid. Tid er noko forfattaren har. Dei to neste bøkene skal visstnok vere på over 1500 sider kvar.

Les også

Vinterkrigen er (nesten) i gang

Gjensynet med verdens beste tv-serie er kjærkomment, men det må være lov å si at begynnelsen på slutten i «Game of…

Emilia Clarke er ei av mange som har fått fleire Emmy-nominasjonar for Game of Thrones. Foto: HBO

Tid er derimot ikkje noko dei to serieskaparane til Game of Thrones hadde. David Benioff og David Brett Weiss, dei som styrer skuta for Game of Thrones, er begge to arkitektar. Dei hadde eit sett av scenario for slutten, ein visjon, og jobba fram mot den. Ved å ta valet om å avslutte heile Game of Thrones på ein sesong i år, måtte dei drastisk skru opp tempoet i forteljinga. Resultatet var at særpreget til Game of Thrones forsvann.

Hastverk pregar mesteparten av både sesong sju og åtte. Det oppstår logiske kortslutningar når det kjem til kor kjapt figurane flyttar seg rundt i verda, og viktige figurar forsvinn inn i bakgrunnen – rett og slett fordi serien ikkje har tid til å avslutte forteljinga skikkeleg.

Møtet og blandinga av dei to tilnærmingane kan fungere, men berre viss det er gjort frå starten.

Stor skuffelse

For det er ikkje vanskeleg å sjå kva som skar seg i dei siste sesongane. Det er nesten rart at ikkje fleire i det gigantiske støtteapparatet til HBO sat ned foten.

Les også

Jon Snow og gjengen som tegneserie

Samtidig som siste sesong av serien «A game of thrones» braker løs på tv-skjermen, kommer tegneserieversjonen av bøkene…

Slutten til fjernsynsserien er nok ganske lik den me får i bøkene. Men for å byggje motivasjonen til figurane og få dei dit dei skal vere, trengst det langt meir kjøt på beinet enn det serieskaparane gav oss.

Benioff og Weiss tok ein snarveg. Denne har gjort at mange sit igjen skuffa, for det er så mange lause trådar igjen etter Game of Thrones.

Det å endre metodebruk midt oppi sluttfasen av ei forteljing, er ei oppskrift på katastrofe. Plantane til gartnaren tar den tida dei treng. Dei bryr seg ikkje om skissene til arkitekten. Den einaste måten å foreine det på, er å gjere rom for nettopp dette på teiknebrettet, og det gjer du ikkje ved å avslå tilbod frå HBO om både fleire episodar og sesongar.

Kvaliteten på den åttande sesongens filmtekniske sider svever som drakane over høge fjell, mens forteljinga dukkar ned i djupe, gjørmete dalar. Mest av alt er det veldig trist kor mykje potensial som serieskaparane har kasta vekk.

Publisert:

Les også

  1. Slik har du ikke sett Bjørgen før

  2. Game of Thrones-skuespiller om rollen: – Han tenner på makt

Mest lest

  1. To nye korona­smittede i Stavanger lørdag

  2. Prinsesse Ingrid Alexandra (16) tok NM-gull i surfing på Jæren

  3. Ulykke med motorsykkel og bil på E39

  4. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  1. Strømming
  2. Game of Thrones
  3. HBO
  4. Fantasy
  5. TV-serier