Svart humor om kvite menn i bushen

BOK: Tidvis morosamt, men for langt mellom punchlinene i noko langdryg skildring av dr. Livingstones siste reis gjennom Afrika.

Publisert: Publisert:

I eitt og anna kort glimt blir den europeiske imperialismen litterært dissekert i «Ut av mørket, skinnende lys». Men det skjer for sjeldant, meiner Aftenbladets meldar. Foto: Gyldendal

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 3 of 6 stars

Petina Gappah: Ut av mørket, skinnende lys. Historisk roman. 333 sider. Omsett av Tone Formo. Gyldendal.

Ikkje ukjende dr. David Livingstone finn det for godt å utanda for aller siste gong under ein ekspedisjon i landsbyen Chitambo i det indre Afrika, 1. mai 1873. Følget hans bestemmer seg for å frakta levningane heim til Storbritannia. Noko som straks byr på forviklingar, ettersom eit lik fort blir uhandterleg etter berre kort tid under den brennande tropesola.

Livet, men ikkje minst døden, til den berømte, oppdagingsreisande skotten – bwana Daudi i lokal språkføring - er utgangspunkt for zimbabwiske Petina Gappahs historiske roman. Det ligg likevel oppe i dagen at denne konkrete historia er eit forteljegrep for å skildra ei større historie. Som tematiserer og underforstått kritiserer skuggesidene ved europeisk kolonisering av Afrika og dei tilhøyrande vestlege framstillingane av denne tidsperioden.

Dette litterære prosjektet blir gjort på ein forsøksvis ambisiøs måte, med nærare 20 års research, fleire forteljarar, bruk av autentiske tekstar som dagboknotatar og arabiske og afrikanske ord og nemningar; sistnemnde truleg for å skapa realisme og nærleik til miljøet og tidsperioden. Kart og ordliste er vedlagt, og ein forklarande prolog set tonen, så det manglar ikkje på innpakking.

Dei to forteljarane – den frittalande kokka Halima og den nyfrelste misjonæren Jacob Wainwright – gir trass det postkoloniale perspektivet langt frå noko idealisert framstilling av dei ulike afrikanske stammesamfunna, der slavehandel, vald og undertrykking eksisterer uavhengig av europeisk innblanding. Eit vesentleg problem med Ut av mørket, skinnende lys er derimot ein laber, til tider ikkje-eksisterande, framdrift. Det tar over 150 sider før den varsla ekspedisjonen med daude Bwana Daudi kjem seg av garde. Langt frå all miljøskildringa før den tid kjennest like naudsynt. 

Heldigvis blir me livna opp innimellom av ein nokså svart humor, som dessverre kjem litt sjeldan til syne. Eit godt døme er skildringa av korleis dr. Livingstone blir gjort klar for aller siste reis. For kva gjer ein med éin stykk stiv og snart stinkande brite, som ein skal drassa på i 300 dagar og 240 mil? Jo, ein sløyer han og heng han til tørk. «Akkurat som du gjør med fisk,» som Halima tørt konstaterer. I eitt og anna kort glimt blir altså den europeiske imperialismen litterært dissekert.

Publisert: