Snakk, snakk, snakk, skrekk?, snakk

FILM: Snakkete norsk skrekkfilm som aldri blir verken spennande eller skremmande.

Venninnegjengen på utdrikkingslag – med skrekktema. Det blir mykje snakk, og fint lite skrekk.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

ALLE MÅ DØ

Med: Viktoria Winge, Linni Meister, Veslemøy Mørkrid, Julia Schacht, Tinashe Williamson, Marte Sæteren. Sjanger: Skrekkfilm. Regi: Geir Greni. Nasjonalitet: Norge, 2019. Aldersgrense 15 år. 1 time, 22 minutt.

La oss starta med det positive: Geir Grenis «Alle må dø» er ikkje særleg lang. Til gjengjeld er han forbløffande kjedeleg til å vera så kort.

Ein jentegjeng «kidnappar» venninna Gina (Viktoria Winge) for å dra på utdrikkingslag i ei hytte utanfor Oslo. Temaet for festen skal vera skrekkfilm, og hytta blir pynta til ho ser ut som ei norsk stove som skal ha Halloween-party for klasse 6b.

Så går det ikkje heilt etter planen, nei.

Klassisk skrekkfilmoppsett, altså.

Skal ein skrekkfilm fungera, trengst ein del element som manglar eller ikkje fungerer i «Alle må dø». Greni har lagt opp til at me skal bli kjende med hovudkarakterane før drepinga startar. Tanken er god, sidan me sjølvsagt kjenner det meir i magen om me har sympati med offera når det blir blodig.

Problemet er at opptrekket fram mot at det skal skje noko er så uendeleg langt og så drepande kjedeleg. Jentegjengen snakkar og snakkar, om stort og smått, likt og ulikt – med innlagde overtydelege forsøk på å hinta om at det er noko gale her, at det ligg noko under som skurrar. Det er alt anna enn pirrande. Bare uinteressant jabb. Det hjelper heller ikkje å kle av jentene. Eller leggja inn ein fis.

Når det så endeleg skjer noko, er det like spennande som å gå gjennom eit spøkelseshus på eit omreisande tivoli.

Så skal det liksom bli blodig, men då blir det me lenge har mistenkt veldig tydeleg: Dette er lågbudsjettfilm, utan midlar til spesialeffektar eller truverdig blodsprut og gørr.

Dessverre bidreg heller ikkje skodespelet til å løfta filmen ut av b-filmsegmentet. Historia er teit og ulogisk, replikkane nesten ufrivillig komiske. Men skodespelaranes framføring av alt jabbet eller reaksjonsmønster i møte med parterte lik, skarpe våpen eller psykologi får deg i alle fall ikkje til å tru meir på dette. Som igjen fører til at du aldri blir verken skremt eller interessert.

Mot slutten byr Greni på ei vending som liksom skal overraska og forklara alt – og som inneber endå meir snakking. Den fungerer heller ikkje.

Så er det heldigvis over, etter bare 82 minutt.

Denne meldinga stod også på trykk 12. mars, då filmen opphavleg skulle ha premiere.

Publisert:
  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. filmer

Mest lest akkurat nå

  1. Det forlatte alpe­paradiset Ischgl sliter med skammen og ryktet. Én turist­gruppe vil de ikke ha til­bake

  2. Nå kan du få mykje for hytta: – Aldri opplevd maken

  3. Frykter tre tilfeller av mutert virus i Stavanger

  4. Før syntes de at bilene var stygge. Nå eier de 60–70 gamle Saaber.

  5. Sandnes: To smittetilfeller knyttet til mutert virus i Klepp

  6. «Ytringsfrihet og dritt – slik vi lærer det til de unge»