Varmt og vemodig om velmeint løgn

FILM: Skal bestemor få vita at ho er sjuk og snart skal døy? «The Farewell» handlar om familien som lyg og heller inviterer til bryllaup.

Publisert: Publisert:

Bestemor (midten) er sjuk og skal døy. Men det veit bare familien rundt henne, som prøver å halda humøret oppe og arrangera bryllaup i staden for gravferd.

Grade: 5 of 6 stars

OBS: Helsedirektoratet har bestemt at alle kinoer i Norge skal holdes stengt fratorsdag 12. mars kl 18.00 og i 14 dager framover.

THE FAREWELL

Med: Awkwafina, Shuzhen Zhao, X Mayo, Hong Lu, Hong Lin, Tzi Ma. Sjanger: Drama. Regi: Lulu Wang. Nasjonalitet: USA, 2019. Språk: Kinesisk og engelsk. Tillaten for alle. Lengde: 1 time 40 minutt.

«Det er forskjell på Aust og Vest,» seier ein kinesisk onkel på eit visst tidspunkt til niesa som har kome reisande til Kina for å ta farvel med bestemora: «I Aust er eit menneskes liv del av ein heilskap. Av familien. Av samfunnet.»

Awkwafina vann Golden Globe for beste kvinnelege skodespelar for rolla si som Billi, ei 30 år gammal kvinne som har budd i USA saman med foreldra sidan ho var seks år. Men ho snakkar kvar dag på telefonen med bestemora heime i Kina.

Ein dag får bestemora konstatert lungekreft med spreiing etter ei CT-skanning. Men det fortel ikkje søstera hennar til henne. I staden blir heile familien invitert, både dei som bur i USA, dei som bur i Japan og dei som bur andre stader, til Kina for å feira eit plutseleg bryllaup. Alle veit kvifor dei eigentleg er der, for å ta farvel. Bortsett frå hovudpersonen sjølv.

«The Farewell» baserer seg på regissør Lulu Wangs eiga historie – som ho tidlegare har fortalt i podkasten «This American Life». Og handla om noko som både er universelt og spesielt: Kor mykje lyg me for kvarandre, eigentleg i beste meining? Korleis skal me forholda oss til sjukdom og død? Til familie?

Men i tillegg til desse universelle spørsmåla, får me eit innblikk i kulturforskjellen mellom Aust og Vest, mellom USA og Kina, sett gjennom blikket til ei som både er kinesisk og amerikansk, men kanskje mest av det siste. Ho ville fortalt bestemora sanninga. Men den kinesiske familien ser det altså annleis. I USA er individet viktigast, i Kina kollektivet. Der er det familiens oppgåve å bera sorga, men la bestemora bli verande sorglaus, forklarer onkelen. Men dette er ikkje lett, ikkje for nokon.

«The Farewell» er uhyre velspelt, intelligent og flott filma. Filmen lukkast i å vera både morosam og vemodig på éin gong.

Og alt er altså basert på ei løgn. Til gjengjeld er det ei sann løgn.

Publisert: