Au pair og terrorfreistarinne

BOK: Spennande nok, men står ikkje heilt til truande: Erlend Kaasa meir kunstig enn kunstferdig denne gongen.

Publisert: Publisert:

Det er tydeleg at Erlend Kaas vil noko også i sin tredje roman, «Men ikkje Maria». Men romanen held ikkje heilt same nivå som dei to førre.

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker

Grade: 4 out of 6

Erlend Kaasa: Men ikkje Maria. Roman. 364 sider. Samlaget.

«Men ikkje Maria» er den tredje romanen til Erlend Kaasa (1976), men held ikkje samme nivå som dei to førre: Allereie debutboka, «Thunder Road» (2009) var eit lite meisterstykke av eit sveinestykke, og «Livius» seks år seinare var ikkje bare ein imponerande romankonstruksjon, men ein spennande innsiktsfull, spenstig og sanseleg krigsroman som synte koss krig bryt krigarane ned, for «I barbariet blir me alle barbarar.» Sjølv stod Kaasa fram som ein tydeleg forfattar som ville meir enn bare skriva, for han hadde noko å fortelja som vi alle gjorde vel i å trekka til oss.

Det er tydeleg at forfattaren vil noko her også: Mellom fleire siktemål syner han koss ein kjernefamilie kan bli sprengt i møtet med ei større og mykje farlegare verd enn den fredelege heimenorske, her i skap av tittelens Maria då ho kjem inn i livet deira som au pair.

For å få det til å gå rundt hyrer ekteparet Palle og Gro den unge kvinna Maria frå Albania som au pair. Ho går stillferdig og er forknytt, held seg for seg sjølv om ho ikkje blir invitert inn til vertsfamilien, men er ei kjelde til uro og spenning bare ved å vera der, i ein familie som alt er på bristepunktet og der ektefellene (ikkje utan grunn) mistrur kvarandre.

Her er kjernestoffet til intrigen, men Kaasa vil meir, og utvider han: Foran kvar av dei fire hovudbolkane Vår, Sumar, Haust og Vinter, er ein kursivert introtekst som etterkvart gir oss brokkar av den bakgrunnshistoria til Maria frå Albania som har gjort henne til den ho er, ein terrorist planta inn i norskheita. Dette skaper alt saman ikkje bare spenning i ei norsk familiehistorie der Maria har grepet om familien der han svakast: Ho knyttar barnet til seg og tar også det som på ny norsk blir kalla balletak på den lystne ektemannen og småbarnsfaren.

Bare så synd at spenninga med sin utruskap på så mange kantar likevel kjennest lett forsert og romankonstruert, også når Politi og Interpol blandar seg inn og alt skal toppa seg. Mannen, verten, elskaren kunne til dømes ikkje godt i rom tid ha unngått å sjå noko som skulle skremma han på Marias kropp, så nakne som dei har vore for kvarandre. Men replikkar er Kaasa god på.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Nå blir det billigere å kjøre buss

  2. Men her blir det både konsert og bingo!

  3. Rogalending i 30-årene pågrepet og siktet for seksuelle overgrep mot hunder

  4. Liverpool – Arsenal flyttes på grunn av pubenes nye stengetider

  5. Siktede i avhør: – Det var hun som angrep meg

  6. Viktig sandneshistorie skal opp i dagen

  1. Litteratur
  2. Roman
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Bøker