Er prisen for å ytringsfridom å enten flykta eller bli arrestert?

KOMMENTAR: Den verdskjende fotografen Shahidul Alam trudde han var trygg heime i Bangladesh då me møtte han til serien «Forbudte stemmer» i september 2016. Men i august 2018 blei han arrestert. Kampen for ytringsfridomen er ikkje over. Heller ikkje i Stavanger.

Publisert: Publisert:

Over heile verda har det kome reaksjonar på arrestasjonen av Shahidul Alam i Bangladesh. Her frå ein demonstrasjon i Dhaka 11. august. Foto: Mohammad Ponir Hossain / NTB scanpix

Denne artikkelen er over ett år gammel

– Dette er eit knivsår eg fekk i 1996. Dei sette åtte knivar i meg den gongen. Men eg har ikkje blitt knivstukken på 20 år, så nå har eg det okei.

Shahidul Alam smilte i det grå skjegget mens han viste fram arra på armen. Han såg og høyrdest ut som ein britisk gentleman, med sin perfekte Oxford-engelsk og britiske understatement.

Men me var i Dhaka, med larmen frå verdas verste trafikkork i bakgrunnen. Det var september 2016 og kollega Finn Våga og eg var i Bangladesh for å møta folk som stod på dødslista til islamske fundamentalistar, folk som ville koma seg ut av landet for å redda livet. Og folk som Alam, intellektuelle og aktivistar som insisterte på å bli.

Les også

I skuggen av døden

Aftenbladet møtte Shahidul Alam i Dhaka i september 2016. To år seinare blei han arrestert. Foto: Finn Våga

– Om ikkje folk som eg blir verande og kjempa, kven skal då kunna gjera det, sa Alam. Han meinte han hadde eit visst vern i at han var ein kjent person, økonomisk sjølvstendig, at han hadde mektige venner og støttespelarar.

Arrestert og torturert

Men vernet var ikkje nok, skulle det visa seg. Søndag 5. august i år møtte minst 20 politifolk opp heime hos Alam, få timar etter at han hadde posta ein video på Facebook og stilt opp i eit intervju med Al Jazeera. Alam uttalte seg kritisk om korleis dei bangladeshiske styresmaktene handterte (student)protestane som hadde blussa opp i Dhaka etter at to studentar blei kjørt på og drepne av ein buss i den livsfarlige trafikken.

Alam ropte at han var uskuldig og at han ville ha ein advokat då han blei dregen av garde av horden av politifolk. Du kan sjå det på YouTube. Då han seinare blei framstilt for retten, var han halt og berrføtt og sa han hadde blitt torturert, ifølgje New York Times.

Dei internasjonale reaksjonane på arrestasjonen har vore massive og eintydige, frå presseorganisasjonar til menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International. «Ein mørk dag for pressefridomen» var franske Reportarar utan grensers dom.

Langt borte, men nært

Det finst så mange skjebnar der ute i verda. Om ein vil, kan ein kvar dag finna offer for overgrep ein eller annan stad. Dei fleste går oss hus forbi - om me skal vera ærlige. Dei er nok eit ansikt, nok eit menneske me ikkje kjenner, nok ei problemstilling langt, langt borte, nok ein deprimerande statistikk. For mykje til å ta alt inn over seg.

Men for meg, for kollega Finn, for Aftenbladet, er Alam litt annleis. I fjor sommar laga me nemleg ein omfattande reportasjeserie med utgangspunkt i eit lite kontor på Sølvberget. Icorn i Stavanger er hovudkontoret for eit internasjonalt fribynettverk som hjelper forfølgde forfattarar og artistar å finna ein trygg stad der dei kan halda fram med å ytra seg fritt. I serien «Forbudte stemmer» - som også finst som podcast - møtte me fem av dei som har fått hjelp. Først drog me til den nye, frie heimbyen deira - for så å dra til landet dei flykta frå. Me var på Cuba, i Iran, på Sri Lanka og i Gaza.

Les også

Høyr podkasten «Forbudte stemmer»

Les også

Ord er farlige. Du kan dø av dem

Les også

Saftige og viktige historier i ny podkast

På dødslista

Og altså i Bangladesh, etter først å ha møtt Ratan Kumar Samadder. Bloggaren Ratan hamna på islamistanes dødsliste etter å ha ytra seg fritt om religion, politikk og samfunn. Ekstremistane hadde allereie drepe fleire på lista, men Ratan og familien kom seg ut, med Icorns hjelp. Han bur nå i fribyen Bergen.

Men i Dhaka insisterte altså Alam på å bli. På å ikkje halda kjeft, men kjempa for ytringsfridom, rettferd og toleranse i eit samfunn han meinte blei stadig meir intolerant, urettferdig og autoritært - påstandar som får forsterka tyngde nå når han er arrestert. Han snakka om eit samfunn der folk ikkje var frie. Og det var altså folk flest, ikkje privilegerte intellektuelle som han sjølv, Alam var mest oppteken av - slik han også har vore det som fotograf. Han refsa oss aldri så lite, der me sat, kritiserte internasjonale medium for å slå stort opp når ein bloggar eller ein utlending blir drepen.

– De burde heller skrive om frykta vanlege folk opplever i Bangladesh, for folk er livredde. Det døyr folk i Bangladesh kvar dag, heilt ukjente folk som ingen lagar overskrifter om. Der ligg den verkelege storyen, sa Alam, som meinte hovudproblemet i Bangladesh er styresmaktenes manglande evne og vilje til å sørga for skikkeleg lov og orden i samfunnet.

– Det er litt som eit HIV-virus i samfunnet. Immunsystemet ligg nede. Ein ligg open for kva sjukdom som helst, sa Alam.

Når du har møtt eit menneske ansikt til ansikt som risikerer liv og fridom for meiningane sine, og som så blir arrestert, er det ikkje fjernt lenger. Då er det nært. Ubehageleg nært.

Jan Zahl presenterer «Forbudte stemmer» og møter Stavangers nye fribyforfattar, teiknaren Ali Dorani frå Iran, på Aftenbladfestivalen Møteplassen på Sølvberget, lørdag kl 16.

Publisert: