– Norske kunnskapar om religion strandar ofte på eit banalt nivå

- Vi kan bare det vi lærte i grunnskulen. Og vi les det ofte med kristne briller, seier Jørg Arne Jørgensen.

- Unge er eksistensielle vesen, seier religionshistorikar Jørg Arne Jørgensen.
  • Solveig G. Sandelson
    Solveig G. Sandelson
    Debattredaktør
Publisert: Publisert:

Jørg Arne Jørgensen er religionshistorikar. Han har undervist på lærarutdanninga i mange år. Nå jobbar han i vidaregåande på Steinerskulen, og er ein av fire forfattarar bak det kritikarroste læreverket «Store spørsmål». Som skal læra ungdomsskuleelevane våre om kristendom, religion, etikk og livssyn. Alt i det første kapittelet er målet at elevane skal kunna diskutera og snakka med andre om religion og livssyn. Kva trengst då?

Det er eit fag som fort kan bli veldig abstrakt.

– Vi har satsa på grunnkunnskap. Det er som å bli kjent med ein person. Ein må få religionane under huda. Då er heilskapen viktigare enn detaljane. Det handlar litt om sortering, vi har valt å presentera religionane, kvar for seg, heller enn under felles tema. For det er eit fag som fort kan bli veldig abstrakt. Vi presenterer dei fem verdsreligionane, (kristendom, islam, buddhisme, hinduisme og jødedom, red.merk.). Men det er ein diskusjon i akademiske kretsar om det eigentleg finst. Kan vi seia at ein bonde i Colombia høyrer til same religion som ein businessmann i New York? Vi held på det. Å utfordra omgrep som "verdsreligion" blir igjen for abstrakt. Det krev modning. Du må begynna ein stad, ikkje abstrahera vekk heile faget for ungane. Sjangeromgrepet i norskfaget forsvinn også. Det er feilslått. Det heiter ikkje essay eller kåseri lenger, det du skal driva med, er kreative tekstar.

Religionane kan koma ganske dårleg ut av det.

– Det er jo ganske tomt? Vanskeleg å vita når ein bryt grenser, viss ingen har streka opp grensene for deg?

– Ja. Det blir feil å løysa det opp på dette nivået. Vi treng eit språk, eit vokabular. Vi fortel eigentleg historia om religionane. Logisk og grunnleggjande. Å forstå ting historisk, fell lett for oss. Men det er klart, når elevane skal læra om så mange religionar i så ung alder, må ting forenklast. Religionane kan koma ganske dårleg ut av det. Hinduismen, for eksempel, som ofte er vanskeleg å forstå. Korleis forklara at dei både tilber statuar av gudar, samtidig som dei trur på ei usynleg kraft, utan at det blir banalt? Både buddhismen og hinduismen, som eg kjenner godt, har veldige, filosofiske djup. Mens vi må leggja det fram ganske konkret for ungane. Vi prøver å setja det inn i ein samanheng. Ta religion på alvor. Det er viktig.

– De trekkjer opp ei slik overbygning alt i starten av boka. De fortel om dei store, mytiske forteljingane alle religionar har. Dei kan vera urgamle, likevel har dei overlevd, og kanskje fordi det ligg så mykje livsvisdom i dei.

– Det er veldig greitt å bli utsett for forteljingane, i vår eigen kultur, og i andres. Ein spør seg alltid kor grensa går for forkynning. Der kan ein fort bli for paranoid. Ungane må få møta desse forteljingane. Og dei må få møta dei likt – alle religionar på likefot.

Vi må framstilla dei slik at truande kan kjenna seg igjen.

– Kva slags språk har de valt, når ulike religionar skal forståast, men ikkje forkynnast om?

– Det har vi gjort nesten litt intuitivt. Vi har spurt oss kva som er for vanskeleg, kva som blir for enkelt. Faget er i spagat. Det skal fremja både dialog, toleranse og respekt på den eine sida, og religionskritikk på den andre. Vi vil i utgangspunktet framstilla religionane positivt. Vi må framstilla dei slik at truande kan kjenna seg igjen. Og heller setja det problematiske i ein kontekst.

– Er det greitt å kalla dei religiøse forteljingane mytar?

– Vi meiner det. Det er eit fagleg omgrep. Fundamentalistar vil sjå det annleis, dei vil lesa dei som heilag sanning. På den motsette sida har vi dei som ikkje vil forholda seg til noko anna enn det som vitskapleg kan bevisast. Naturvitskapen er blitt så dominerande, spesielt for midtausten-religionane har det fått mykje å seia. Dei ser på mennesket som unikt. Det gjer ikkje Darwin.

– Men mange kristne ser ikkje nokon motsetnad mellom Darwins utviklingslære og skapinga - dei les den siste som ei mytisk, religiøs framstilling?

– Ja, dei fleste godtar bibelen som ein historisk tekst. Desse tekstane handlar om eigne, eksistensielle sanningar, dei byggjer ikkje på naturvitskaplege bevis, men utspelar seg i eit eige, mytisk språk. Og dei gir meir verdi til mennesket enn evolusjonsteorien.

Du må tru deg vekk frå evolusjonsteorien for å kunna vera humanist.

– Dei opnar for å stilla heilt andre moralske krav til mennesket?

– Nettopp. Du må tru deg vekk frå evolusjonsteorien for å kunna vera humanist.

– Kva syns du om den omstridde kristendoms-k-en i faget, som den blåblå regjeringa gjeninnførte?

– Der er vi i skvis. Dei valde å sjå bort frå at vi faktisk blei dømde i menneskerettsdomstolen for det; «kristendom, religion, livssyn og etikk». Det ligg ein kvalitativ forskjell der. Som om eit fag skulle heita «Rosenborg, fotball og annan idrett». Politikarane har ikkje grunngitt godt nok kvifor dei tok inn den k'en igjen. Det verkar som dei bare har gløymt heile dommen.

Demp symbolstriden

– Sjølv avtroppande biskop Erling Pettersen var i mot gjeninnføringa av den k-en. Han meinte faget i skulen ikkje skal vera ein kamparena for foreldres livssyn. Kva skal vi meina om julegudstenester då?

– Veldig vanskeleg. Ei gudsteneste er openbart religionsutøving. Ideelt sett burde ein heller gå på besøk, klassevis, og diskutera etterpå. ikkje gjera det til ein felles aktivitet for heile skulen. Men det er ikkje så klare grenser her. Kva er eit livsnøytralt samfunn? Vi kan ikkje finna opp den franske revolusjonen igjen. Fridagane våre er knytt til kristne høgtider, sjølv sjudagars veka finn vi røter til i bibelen. Med sundagen som kviledag. Det flyt over i kultur. Dersom eg lar elevane meditera i timen, er det religionsutøving? Mindfulness, som ein blant anna driv med i den britiske skulen, er faktisk det 7. leddet i buddhismens 8 vegar. Få tenkjer på det som religionsutøving.

En problematisk bokstav

– Er vi lite trena i å sjå og gjenkjenna åndelege aspekt rundt oss?

– Norske kunnskapar om religion strandar ofte på eit banalt nivå. Vi kan det vi lærte i grunnskulen. Og vi les det ofte med kristne briller. Kristendommen blir den «typiske» religionen som vi tolkar andre religionar i lys av.

– I Storbritannia diskuterer ein nå om private, religiøse skular er med på å byggja parallellsamfunn. Kor skal grensene gå?

– Det er det liberale dilemmaet i eit nøtteskal. Fridommen til sjølv å velja kva barna dine skal oppdragast i på den eine sida, mot omsynet til at det også kan undergrava fellesskapet på den andre.

– Sjølv underviser du i Steinerskulen?

– Det er annleis, meiner eg. Det er ein grunnleggjande annleis pedagogikk, eit alternativ som avlastar den offentlege skulen. Eg meiner det er ein betre pedagogikk. Den byggjer på eit tydeleg syn på barns utvikling, på kva dei til ei kvar tid er modne for å læra. Riktig nok byggjer det på Steiners okkulte forståing, men la nå det liggja, vi har iallfall ein utviklingspsykologi. Det manglar den offentlege skulen. Vi prøvde også lenge å unngå kompetansemåla i skulen, nå tonar vi dei ned. Dei er mykje meir øydeleggjande enn folk er klar over. Dei set heile tida kva eleven skal prestera i sentrum, ikkje emnet. Det blir sjølvsentrert.

Eg vil skapa begeistring for emnet

– Det føregår ei individualisering, også av skulen?

– Ja. Eg vil at elevane skal bli interesserte i verda. Eg vil skapa begeistring for emnet eg skal læra dei. Og eg trur faktisk ein del elevar har interesse for religion. Men det er eit nedprioritert fag. Mange lærarar er ikkje kompetente, mange er faktisk sterkt kritiske til religion. Faget treng dyktige, begeistra lærarar. Som må våga å gå djupt inn i det. Eg meiner det er ein veldig god ide å ha eit kunnskapsfag om religion i skulen. Frankrike har inga religionsundervisning i sin skule, dei meiner det høyrer privatlivet til. Men kva skjer då? Muslimane lærer om islam i moskeane, katolikkane om kristendom i kyrkja. Ofte får dei eit dårleg bilde av dei andre religionane.
Eg kan ikkje forstå anna enn at det er eit viktig fag. Det trengs for å forstå andre. Og gi næring til eigne tankar. For unge er også eksistensielle vesen.

LES FLEIRE HELGEINTERVJU:

Les også

  1. Gud er under bordet

Trumps siger: Den kvite manns gjenreisningHelgeintervjuet: Mannen mot strømmen
Publisert:
  1. Religion
  2. Parallellsamfunn
  3. Pedagogikk

Mest lest

  1. Regjeringen vil skjære gjennom ved koronakrangel på Nord-Jæren

  2. Suksess for Vinterland på Ruten - måtte bestille 20.000 flere billetter

  3. De ville gi oppreisning til Inger-Tone, men ble stemt ned

  4. Resultatene i stor fedmestudie overrasker forskerne. Kjell Vidar Moland ble 65 kilo lettere.