Nok ein sommar utan menn

BOK: Ei mors skilsmisse-skriv til dottera—med desperasjonen som mektig drivkraft. 

  • Sofie Braut
    Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Emely Benedicte Kahrs: Du husker ikke dette. 191 sider. Cappelen Damm

Er ein sommar utan menn, ein sommar i eit kvinnekollektiv løysinga når samlivet raknar og livet som åleinemor på deltid trugar? For Nelly, hovudpersonen i Emely Benedicte Kahrs nye roman, vert i alle fall dette alternativet som litt uventa dukkar opp når ho ein dag treffer på Berit, ei fjern studieveninne, i grønsakdisken. Berit inviterer nemleg Nelly og dottera Linda til småbruket sitt. Når Nelly og Linda kjem til gards, vert det snart klart at også to andre kvinner, Tanja og Irene (som har ein liten son) er inviterte, og at Berit med myndig hand formar eit kollektiv rundt seg. Kvinnene «er på et sårbart sted i livet», som Berit noko klisjeaktig påpeikar når kollektivet uventa er eit faktum. No vert det deling, fellesskap og (nesten) manne-fri sone, i ein kvardag prega av hønsehald og huslege oppgåver på rundgang. For Nelly er det dagar ho klamrar seg til, «de utvidet tiden vår, tenketiden, forberedelsen…».

Brev til dottera

Romanen er stila som eit personleg notat frå Nelly til den no vaksne Linda, der ho skildrar sommaren som dottera er for lita til å hugsa. Alt frå tittelen vert denne inderlege du-forma etablert, eit berande element i boka: ei mor som treng å forklara, å synleggjera tankestraumen, vurderingane, uvissa knytt til brotet med faren. Meir overordna peikar Kahrs kompromisslaust på vala vi tek som påverkar barna djupt, men som gjerne vert rasjonalisert bort med forsikringar om at «vi gjorde så godt vi kunne». Romanen erstattar slike forsikringar med spørsmål. Har Nelly gjort sitt beste? I tankestraumen hennar flyt stadige innvendingar og uro: «Hvordan kunne jeg ta feil på noe så avgjørende som å velge far til barnet mitt?» Skulle ho ha blitt hos far til Linda? Kvifor er marginane så små mellom eit forhold som varer og eit brot som sender barn ut i stadige oppbrot, pakking av bagar og fordeling av alt frå klesplagg til kjensler? 

Forma på romanen tillèt Kahrs å ta i desse spørsmåla på ein truverdig måte, med ei mors desperasjon som mektig drivkraft. Tilbakeblikka på brotet og til ulike tidspunkt i Linda sin oppvekst vert knytt saman med den på eitt vis sorglause sommaren i kvinnekollektivet, der Linda jagar høner og sankar egg med ein femårings fryd, uvitande om kor annleis livet eigentleg skal bli.

Vin og te ...

Historiene til dei fire kvinnene som altså finn saman i den biske og brautande Berit sin regi, får også sin plass, for det blir naturlegvis vinglas og tekoppar, pupper som lufttørkar og seine kveldar, med tilhøyrande analysar som knyter an til og kastar lys over Nelly si historie. Her er vi nok ved  romanens svakare punkt; som gjeld eit litt for velkjent tablå («sommeren utan menn» er kjent frå mellom anna forfattar Siri Hustvedt), og at kvinner kan vera kvinner verst er heller ikkje noko nytt. Språkleg vert det tidvis noko seigt og overtydeleg, til dømes i egge-symbolikken, som verkeleg vert utnytta for alt han er verd. Perfeksjonering av eggekoking vert løfta til nye høgder, og der Berit ikkje uventa sver til det hardkokte, set Nelly alt inn på at det egget skal verta akkurat, heilt perfekt og at alle skal lika det på same måten. Symbolikken hadde truleg stått endå betre om han vart stava litt mindre ut.

Forklara, ikkje forsvara

På den andre sida er Emely Kahrs verkeleg kvinne for å løfta opp problemstillingar knytt til barn i skilsmisse på ein interessant måte. Sidan hovudpersonen Nelly er mykje ærlegare i notatet enn i samtalane i kollektivet får vi fin dynamikk mellom hennar ulike stemmer, og samstundes som tema som skilsmisse og abort, og deira ringverknader vert utforska. Begge inneber val som er normaliserte i samfunnet vårt, men i Kahrs univers vert dei krefter med kaos- og katastrofepotensiale. At biologi og morsinstinkt til tider overdøyver mange andre argument, kjem dessutan fram på sjeldan ærleg vis. 

Nelly søkjer å forklara seg, meir enn å forsvara seg, men indirekte fortel det ho skriv at ho kjenner seg klaga av dottera og tynga av lovnadane ho ga som det ikkje var dekning for: «Vi er tre. Skal vi være sammen alltid, mamma?» Det vart jo ikkje slik, sjølv om dottera fekk eit ja. («Hva annet kunne jeg si, du fikk meg til å si det»). Slik sett vert det eit slags forsvarsskrift likevel. Kahrs bitande realisme i avslutninga etterlet ei råkande påminning om at gode intensjonar ikkje alltid når dit ein vil. 

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  2. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  3. Gammal nazist blir som ny

  4. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  5. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  6. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse