Steinalderøkonomen

HELGEINTERVJUET: På dagtid rekrutterer økonomen Sindre Aven framoverlente folk til moderne teknologibedrifter. Men på kveldstid er han oppteken av dei bakoverlente og det som skjedde for 5000 år sidan.

Ein moderne mann i ei steinalderhole. Sindre Aven er økonomen med interesse for arkeologi - og trur ein neandertalar i dress ville likna på oss.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Hadde du fått sjansen til å reisa tilbake i tid og leva éi veke her, ville du gjort det, spør Sindre Aven. Og legg til, som den økonomen han er:

– Kor mykje ville du betalt for ein sånn tur? Ville du betalt 20.000 kroner?

Han står midt i Vistehola på Randaberg. Midt i Norges kanskje eldste bustad. Kanskje den staden der det har budd folk i lengst, samanhengande. Med ujamne mellomrom har det budd folk her frå 6000 år f. Kr og heilt fram til folkevandringstida, rundt 500 e.Kr.

– Mange som blir spurt kor dei ville dratt om dei kunne reisa i tid og rom, svarer Golgata og korsfestinga av Jesus. Men hadde det ikkje vore kult å dra til Vistehola, seier den NHH-utdanna siviløkonomen, gründeren og rekrutteraren, mens han ser ut over hav og land.

Les også

«Vistegutten» kan ha vært jente

Forfattar i fornminne

Sist veke debuterte han som skjønnlitterær forfattar med boka «Arkeologene». I boka funderer han mykje på fortid, minner og tid. På fortidsminne som Vistehola, som i boka får besøk av ein revisor frå kommunen. Revisoren skal prøva å finna ut kor mykje det kostar å halda fornminnet ved like. Underforstått: Om det er verdt å bruka skattebetalaranes pengar på ei steinaldergrotte det ikkje har budd folk i på 1500 år. For kva slags verdi har ein stad som dette?

– Det er lettast å verdivurdera ting, som eigentleg betyr minst. Det vanskelege er å fastsetja verdien av det som betyr mest: Identitet. Røter. Kven me er, seier Aven.

Som økonom veit han jo litt om kost-nytte-vurderingar, om excelark, inntekter, utgifter og det evige kvartalskravet om å gå i pluss.

Men, som det står i boka: Arkeologiske minner er uerstattelege, og dermed uvurderlege. Der kan ein fort gå i minus, sjølv om rekneskapen kan bli komplisert å plassera på kontoane i ei hovudbok.

– Tap av kulturminne betyr tap av forståinga av oss sjølv som menneske. Som filosofen Arne Næss sa: «Somme menneske har mykje pengar. Andre er rike», seier Aven.

Arkeologiske minner er uerstattelege, og dermed uvurderlege, seier økonom og forfattar Sindre Aven i Vistehola.

Fordommar

Folk som har gått på NHH eller BI får prøva å ha meg unnskyldt, men blant denne journalistens tallause fordommar, er den om at skjønnlitterær kortprosa står relativt svakt siviløkonommiljøet. Aven ser poenget, sjølv om han presiserer at det finst lesarar og jordnære folk også på Norges handelshøgskole.

Aven var sjølv ikkje særleg oppteken av litteratur, og i alle fall ikkje av kortprosa, som er sjangeren han nå debuterer i.

– Men det skjedde noko i livet mitt då eg var 25 år, seier han.

Aven hadde for så vidt kost seg med lette bøker og krim på stranda. Men ein gong han skulle fly til New York, var han innom biblioteket og bad om den beste boka bibliotekaren visste om til flylektyre. Opp på skranken kom «Brødrene Karamasov» av Fjodor Dostojevskij.

Aven blei sogen inn i den tjukke boka, flyturen til New York gjekk i ein fei. Økonomen hadde fått seg ei overveldande, litterær oppleving. Sidan har han lese.

– Når ungane er i seng, set eg meg til med ei bok, kanskje eit godt glas vin. Og så noterer eg gjerne ned ting, leikar meg med språket, seier han.

Bilkø og arkeologar

Men korleis kom han på å skriva bok? Om arkeologar!?

Ein dag mens Aven sat i ein bilkø på veg til jobben på Forus, såg han ein gjeng folk ute på eit jorde, nesten som vadefuglar. Der stod dei, arkeologane, innanfor sine nøye oppsette måleband, og skrapa seg nedover i jorda, bakover i tida.

Han som fører pennen i «Arkeologene» kjenner på misunning. Her sit han, stille i ein kø på motorvegen. Og der står dei, arkeologane, ute i den friske lufta og undersøker tida. For arkeologane er jorda eit vindauge mot fortida som dei tørkar støv av.

– Sanninga er at eg ikkje hadde vore veldig nysgjerrig på arkeologar før. Ein gammal kompis av meg blei arkeolog, og spurte meg stadig kvifor eg ville studera på NHH, kva som var poenget. Mens eg ikkje forstod poenget med å bli arkeolog, seier Aven.

Her er altså to tankegangar som strengt tatt kolliderer ganske brutalt. Som siviløkonom og rekrutterar med eige firma er Aven oppteken av framtid og folk som er framoverlente. Men som arkeologinteressert forfattar er han oppteken av fortid og verdiar som ikkje får plass i eit rekneark.

Les også

Skulle det dukke opp flere skjeletter, er det bare å ringe

Bakoverlent

– I boka skildrar du ein arkeolog på jobbintervju, som seier at han er bakoverlent og oppteken av det gamle. Det er vel nøyaktig det motsette av kandidatane du er på jakt etter i dagjobben din som rekrutterar?

– Ja, i jobbsamanheng er «bakoverlent» av mange sett som ein forferdeleg eigenskap, for det skaper ikkje verdiar framover for teknologibedriftene eg rekrutterer til. Men du kan vera veldig verdifull på andre måtar som bakoverlent og interessert i historie, svarer Aven.

I eit økonomisk effektivitetsperspektiv er nok heller ikkje litteratur det mest rekningssvarande ein kan driva med. Lesing – og ikkje minst skriving – av bøker inneber sakte tid, elendig timebetaling og uklar avkasting.

– Dei fleste har ein eksentrisk hobby. Somme mekkar på ein motorsykkel. For meg er det litteraturen, seier Aven.

Metalldetektorist

Ja, og så har han forresten blitt metalldetektorist, som ein slags konsekvens av si nye interesse for arkeologiens mysterium og fortida. Han har gått rundt med detektoren på jorde i Tananger, på jakt etter pipelydar og skattar frå farne tider.

– Det er ei ganske rar oppleving. Plutseleg får du utslag, du blir veldig spent, leitar i jorda, håper på eit vikingsverd. Og så finn du eit leverposteilok frå 1950-talet, seier Aven.

Loket vil ikkje hamna på arkeologisk museum. Men enten det er noko så kvardagsleg eller Vistehola han er i, skaper desse restane etter fortida assosiasjonar og tankerekker hos Aven. For korleis hamna leverposteiloket akkurat her? Korleis såg det ut i Vistehola for 5000 år sidan?

Eit besøk i steinalderhola i Randaberg får Sindre Aven til å lura på korleis dei som budde her hadde det.

– Sjøen stod høgare, landet var lågare på grunn av tyngda frå isen. Hola ligg gunstig til i ly for vestavinden, her var nok ideelt for båtar og fiske og å bu.

– Det er jo ein fin stad, flott utsikt. Om steinalderfolka var opptekne av sånt?

– Ja, ikkje sant! Du får sånne tankar når du er her. Fortida blir levande. Du begynner å tenkja på korleis dei hadde det her, kven dei var. Går du gjennom eit landskap med ein arkeolog, ser han spor etter fortida overalt. Du får eit langt rikare blikk om du ser heile tida, ikkje berre nået.

– Er det stor forskjell på steinaldermenneska og oss moderne menneske?

– Ikkje veldig. Hadde du kledd ein neandertalar i dress og plassert han på t-banen i New York, er det ikkje sikkert du ville lagt merke til at det var ein neandertalar. Dei var lågare enn oss, men ikkje veldig ulike.

Les også

Fikk se fortidens ansikt

Fortidsfascinert

Aven registrerer at han ikkje er den einaste som er fascinert av fortida. I år er det 1150 år sidan slaget i Hafrsfjord, og det skal i juni feirast med eit stort 11-dagars jubileum i Rogaland. Interessa for vikingane manifesterer seg i stadig nye tv-seriar, filmar og besøkssenter. Det blir arrangert vikingdagar der folk kler seg ut og leikar med desse røtene våre.

– På den eine sida er folk fascinerte, på den andre sida litt irriterte over arkeologane. Er du utbyggar eller bonde og får arkeologar på besøk, kostar det både tid og pengar og kan kjennast som heft. Men finn dei ein 4000 år gammal pilspiss, er jo det litt stas, utan at det er så lett å forklara kvifor.

Om eit par tusen år er det oss arkeologane skal grava fram spor etter. Kva trur Aven at dei vil finna?

– Dei vil nok finna chipane etter datateknologien og titanhoftene me har fått operert inn.

Altså spora etter det me i dag ser på som moderne teknologi, men som vil vera forhistorisk om 1000 år.

Men éin ting trur Aven vil vera evig: Arkeologane.

– Dei som grev oss opp, vil sjå heilt like ut som i dag. Dei vil gå rundt der ute på markene, i flanellskjortene sine, som vadefuglar.

Publisert: