Kort, fransk og litt mystisk
FILM: Kort, fransk og litt mystisk om foreldre, barn og sorg.
- Jan ZahlKulturjournalist
LILLE MAMMA
Kinopremiere: 29.10.2021. Originaltittel: Petite maman. Med: Joséphine Sanz, Gabrielle Sanz, Stéphane Varupenne, Nina Meurisse, Margo Abascal. Sjanger: Drama. Regi: Céline Sciamma. Nasjonalitet: Frankrike, 2021. Aldersgrense: For alle. Språk: fransk. Lengde: 1 time, 12 minutt.
Åtteåringane i Céline Sciammas «Lille mamma» liknar lite på dei åtteåringane eg har kjent godt. I denne korte, franske filmen er det nemleg ikkje ein einaste digital skjerm å sjå. I staden møter me undrande, lett filosoferande og veslevaksne åtteåringar som finn glede i samtalar og brettspel. Ikkje minst leikar dei gjerne aleine i skogen med nokre pinnar eller nøtter. Sånn var ikkje mine ungar då dei var åtte.
Sciamma fekk fantastisk mottaking for sin forrige film, «Portrett av en kvinne i flammer». «Lille mamma» er noko heilt anna. Filmen handlar om ein liten familie som skal rydda ut huset til ei død bestemor. Mora i filmen, som dermed også er dotter til den døde, er i djup sorg. Den vesle dottera hennar Nelly, fint spela av Joséphine Sanz, merkar sjølvsagt dette. Også ho var tett knytt til bestemora.
Men ein dag mens Nelly puslar med seg sjølv ute i skogen, møter ho ei jente som er kliss lik seg sjølv – og som til alt overmål har det same namnet som mora. Dei to små jentene blir venner.
Dette er ikkje ein film med dei store faktene, tvert imot. Alt går stillferdig for seg, enten det gjeld dialog, lyden (nesten ingen musikk, berre naturlig lyd) eller det visuelle. Dette er ein vakker film å sjå på, filma i eit landleg, fransk haustlandskap. Og så er her eit mystisk element, nesten eit sci-fi-element, eg ikkje vil avsløra.
Det handlar om familie, sorg, kjærleik, tilknytinga mellom barn og foreldre. Her er strengt tatt ikkje noko konflikt eller særleg til dramatisk spenningskurve. Mange kritikarar har sett pris på dette, på kor stillferdig og vakkert Sciamma fortel denne vesle og nedstrippa historia si. Men for meg blir det litt for stilleståande, litt for kjedeleg, til at eg vil finna fram dei same superlativa som blei filmen til del på det prestisjetunge hovudprogrammet på Berlinalen i år. Der var «Lille mamma» nominert i kategorien «Beste film».
Film- og tv-anmeldelser
Altfor mye av alt
Hvordan er det å være 15 år og plutselig oppdage at snille og kjærlige far er en kriminell?
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Mest lest akkurat nå
89-åring ved sykehjem ble ikke lagt om kvelden. Satt i stolen hele natten
Laget til solabuen vant rundt fem millioner kroner: – Det kom noen tårer
Kan sjefen bestemme når du skal ha ferie? Eksperten har et overraskende svar
Okea med milliard-kjøp i Nordsjøen
Skal sikre drikkevann til rundt 330.000 rogalendinger
Brøt sammen i gråt i jubelrusen: – Jeg kommer aldri til å glemme støtten