Litterær langtur

FILM: Japans Oscar-kandidat er ein stillferdig meditasjon over sorg, kjærleik og sakn.

Ein mann i djup sorg får tildelt ein sjåfør. «Drive my Car» handlar om sorg, tap og kjærleik. Og ein raud Saab 900.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

DRIVE MY CAR

Kinopremiere: 04.02.2022. Originaltittel: Doraibu mai kâ. Med: Hidetoshi Nishijima, Tôko Miura, Reika Kirishima, Yoo-rim Park, Dae-Young Jin, Sonia Yuan. Sjanger: Drama. Regi: Ryûsuke Hamaguchi. Nasjonalitet: Japan. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 59 minutt.

«Drive my Car» er Japans kandidat til Oscar for beste utanlandske film. Det var ein av favorittane til å vinna den prestisjetunge Gullpalmen i Cannes – der han stakk av med prisane for beste manus og kritikarprisen. Filmen har blitt nominert til – og har vunne – prisar verda over, hausta fantastiske kritikkar lenge før kinopremieren.

Dette er, med andre ord, kvalitetsfilm på høgaste nivå. Sånn film som blir elska av kjennarar på festivalar og kritikarar i avisene.

Men det er også ein sånn film mange vil synast er ganske stille og kjedeleg. Tre timar er kolossalt lenge for ein film. Ikkje minst for ein stillferdig film.

Yusuke Kafuku er ein mann i djup sorg. Eg vil ikkje røpa nøyaktig kva han sørger over, for det ville vera å røpa sentrale delar av ei handling som gradvis faldar seg ut, løyndomar som gradvis blir opna opp. Men han er ein mann som har mista mykje.

Yusuke jobbar med tekst og teater. Når me møter han første gong, er han med i Beckets «Mens vi ventar på Godot». Der har du første, litterære referanse.

Tekst og historieforteljing er også kona Otos fag, bare at ho jobbar med tv. Mykje av tida deira går med til at dei fortel historier til kvarandre, historier som kan bli til eit manus, som kan bli til ein serie eller eit teaterstykke. Dette skjer gjerne mens og etter at dei har sex.

Midt i sorga takkar Yusuke ja til eit oppdrag som regissør for ei oppsetting av Anton Tsjekovs «Onkel Vanja». Han har spela hovudrolla sjølv før, men nå skal han ha regi for eit lag skodespelarar som skal spela ut stykket på kvart sitt tungemål. Yusuke kan teksten godt. Han høyrer konas innlesing av manuset, legg inn sine eigne replikkar, kvar gong han er ute og køyrer i sin knallrøde, gamle Saab 900 turbo. Yusuke liker godt å køyra den bilen.

Oppdraget bringar regissøren i kontakt med fleire nye personar. Ein sjåfør, skodespelarar, andre teaterfolk. Dei snakkar og snakkar. Køyrer og køyrer. Øver og øver på replikkane frå «Onkel Vanja».

Filmen er basert på ei novelle av den japanske forfattaren Haruki Murakami, ein stadig tilbakevendande favoritt på bettinglistene over komande nobelkandidatar i litteratur.

Og dette er altså ein litterær film, der teksten – eller kanskje meir presist: kunsten – står i sentrum. Konas historier. Yusukes gjenforteljing av konas historier. Tsjekovs tekst, både framført av kona, av Yusuke, av diverse skodespelarar på diverse tungemål. Dei andre karakteranes historier. Lag på lag av historier. Gjerne mens dei køyrer bil.

Det blir noko meditativt over det heile. Slik langturar i bil gjerne kan bli. Filmen varer i tre timar. Det er ein kjempelang, meditativ køyretur rundt språk, historier, sorg og bearbeiding. Ingen store fakter. Asiatisk sjølvkontroll og høflegheit. Særs dyktige skodespelarar som heller underspelar enn overspelar. Du aner heller djupet i sorg og kjensler enn at dei viser dette fram på utsida.

Bileta er reine og beine, som japanske interiør. Det er flott å sjå på. Nesten meditativt, det også. Reine linjer. Tydelege landskap.

Skal du ha glede av denne filmen, må du nok koma inn i dette meditative og stillferdige filmlandskapet. For meg blir tre timar av dette for lenge til at eg landar på dei høgaste terningkasta. Men det er ein fin film.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film
  5. Haruki Murakami