Ny norsk tv-serie siktar høgt

TV: «Furia» er norsk tv-dramatikk som tør å tenkja stort og internasjonalt.

Asgeir (Pål Sverre Hagen) er politimannen som prøver å flykta frå fortida si til ei stille bygd på vestlandet. Det blir ikkje så stille i «Furia», som har premiere denne helga.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Furia

Premiere på Viaplay: 26. september. Episodar: 8 (alle blir lansert samtidig). Serieskapar: Gjermund Stenberg Eriksen. Konseptuerande regissør: Magnus Martens. Med: Pål Sverre Hagen, Ine Wilmann, Trond Espen Seim, Preben Hodneland, Cecilie Mosli, Henrik Mestad, Hallvard Holmen, Fridtjov Såheim, m.m.

Gjermund Stenberg Eriksen er mannen som tilsynelatande dukka opp frå ingenting og plutseleg skapte ein hit både heime og ute med TV-serien «Mammon» i 2014. Andre sesong av serien skulle til alt overmål få ein internasjonal Emmy.

Nå er Eriksen tilbake med ein ny og minst like ambisiøs serie på Viaplay. «Furia» er både norsk og lokal, tysk og internasjonal, og kombinerer brennbare, aktuelle, politiske tema med menneskeleg drama.

Lokalt utgangspunkt

Det startar lokalt, i spektakulært vakre omgjevnader av fjord og fjell på vestlandet. Hit kjem politimannen Asgeir (Pål Sverre Hagen, på heimedialekten stavangersk denne gong) køyrande med den sju år gamle dottera si. Frå første stund er det tydeleg at Asgeir er på flukt og har bak seg ei dramatisk historie.

Men det som skulle bli eit roleg og udramatisk liv i idylliske Vestvik, blir ikkje så stille likevel. For flyktningmottaket i bygda blir utsett for hærverk og det viser seg at Asgeir langt frå er den einaste som ber på mørke løyndommar. Ikkje minst gjeld dette Oslo-innflytta Ragna (Ine Wilmann), som skal få ei sentral rolle utover i serien.

Ragna (Ine Willmann) har flytta til Vestvik frå Oslo. Også ho har sine mørke løyndomar.

For etter kvart skal det visa seg at «Furia» er langt meir enn eit lokalt drama i vakkert, norsk fjellandskap. Handlinga skal gå frå Romsdalen via Oslo og til Berlin. Norske Monster Scripted har samarbeida med tyske X Filme, og på eit visst tidspunkt er det nesten som om serien er blitt tysk. Det er meint som eit kompliment.

Internasjonalt ambisjonsnivå

Det internasjonale ambisjonsnivået viser seg også tydeleg i tematikken. For sjølv om me blir kjende med karakterane sine eigne, personlege drama og bakgrunnar, handlar «Furia» framfor alt om store, aktuelle og trøblete politiske tema på den internasjonale arenaen.

Serieskapar Eriksen er USA- og politikknerd – sjekk podkasten hans «Trump mot verden» – og det viser seg i manuset. For her handlar det om høgreradikalisme, flyktningpolitikk, polarisering, manipulering, ytre påverking for å destabilisera både Tyskland og Europa – og heile verda – og terrorisme.

Det er kompetent gjort, med stadig nye vendingar som får deg til å sitja ganske langt utpå stolen til tider. Sjølv om det som skjer på skjermen ikkje alltid er like spennande som musikken skulle tilseia og det tidvis kan kjennast litt krampaktig kor mange gonger me nesten, men likevel ikkje, skal få vita kva som eigentleg går føre seg.

Å tenkja stort

Heile «Furia»-produksjonen oser av dei høge ambisjonane. Serien ser og høyrest ut som ein internasjonal thriller - og er, slik sett, meir vellukka enn TV 2s ambisiøse forsøk med serien «Bortført» frå i vår. Det er litt action og nedteljing som i «Homeland» eller «24», litt kontraspionasje og kontordrama a la «Le Bureau». Men heile tida med eit norsk utgangspunkt.

Asgeir (Pål Sverre Hagen) skal prøva å leva eit stille liv som politimann i Vestvik. Der møter han lensmannen (Henrik Mestad).

Her er eit stjernegalleri av skodespelarar – som i Vestvik snakkar imponerande god romsdaling. I dei mest sentrale (norske) rollene klarer både Hagen, Wilmann og Hodneland å gi overtydande framstillingar av sine karakterar. Drama oppstår når karakterar blir sett under press. «Furia» byr på imponerande mengder – nesten i overkant – med press.

Det er frigjerande å sjå eit døme på ein norsk tv-serie som torer å tenkja så stort, ambisiøst og internasjonalt. Allereie før premieren er serien plukka ut som éin av åtte finalistar i den internasjonale hovudfinalen til Series Mania Festival, som er ein av Europas leiande festivalar for dramaseriar.

Det skal bli spennande å sjå korleis det går med «Furia». Både i Norge og internasjonalt.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Den eldste Egersund-cowboyen: Et stille og fint portrett

  2. Går det an å teikna ein dokumentarfilm om Taliban? Absolutt!

  3. Burde vært bedre

  4. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  5. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  6. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Viaplay
  3. TV-serier
  4. TV-serie