Menneska som snudde vinden

BOK: Kvifor vart så mange mot vindkraft så fort? Anders Totland tek oss med på ei reise gjennom norsk motvindland.

Vindturbiner mot nattehimmelen på Vardafjell, fotografert i oktober 2020. Foto: Fredrik Refvem

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Anders Totland: Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør. 295 sider. Samlaget.

Aldri har vel ei folkemeining endra seg så raskt i Norge som i vindkraftspørsmålet. Frå ei open og ganske velvillig haldning hos dei fleste har me dei siste to-tre åra sett ein eksplosjon av motstand, med protestar, demonstrasjonar og aksjonar mot anleggsarbeid. Politikarane har oppfatta signala, og varslar ei meir restriktiv haldning til vindkraftutbygging på land i framtida.

Forfattaren og journalisten Anders Totland var ein av dei som lenge meinte at vindkraft var bra. Rein, fornybar energi frå vindkraftverk var ein del av løysinga for å berga klima og miljø, tenkte han. Men etter kvart som protestane auka i intensitet, vart han nysgjerrig på vindmøllemotstandarane. Svake meiningar om temaet, skriv han i forordet, vart kompensert med fascinasjon over «kva som driv dei, og kor dei kjem frå».

Resultatet vart ei journalistisk reise blant menneske som har stått opp mot vindkrafta, og dermed også mot mektige interesser i det norske samfunnet. Og som langt på veg har greidd å snu opinionen.

Brokete samling

Anders Totland viser oss ei brokete og mangfaldig samling menneske. Her er økofilosofen og den trauste bygdekvinna, klimafornektaren og miljøkamp-veteranen, sameaktivisten og den skuffa ordføraren. Enkelte vindkraftforsvararar får også ordet, i tillegg til folk som står med eitt bein i kvar leir. 

Anders Totland.

Tidlegare Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord illustrerer miljørørsla sitt dilemma i skjeringspunktet mellom klimakamp og tradisjonelt naturvern. Han er ein av dei som prøver å vega omsyna mot kvarandre i kvar enkelt utbygging. Er miljøøydeleggingane for store til å forsvara at me akkurat her byggjer ut den fornybare krafta som verda treng? Det er eit vanskeleg mellomstandpunkt i dag.

Stanley Wirak står i spagaten på ein annan måte. Som Sandnes-ordførar har han teke kampen opp mot utbyggjarane på Vardafjell, og protestert mot støynivå og andre lokale ulemper.  Som grunneigar i Sirdal har han derimot skrive avtale med eit utbyggingsselskap, fordi han meiner denne utbygginga har få ulemper og fordi han ikkje vil stikka kjeppar i hjula for andre grunneigarar i området som er positive. Lett skal det ikkje vera.

Det omstridte anlegget består av sju vindturbiner som driftes av Nordisk Vindkraft. Bildet er tatt fra Noredalen. Bildet er tatt i september 2020. Foto: Pål Christensen

Totland møter menneska med ope sinn. Ei grunnleggjande sympatisk innstilling til det folkelege engasjementet vekslar med kritiske blikk på tendensane til ekstremisme og konspirasjonstenking, som også finst. Og undervegs merkar lesaren ei uro over dei harde frontane, polariseringa og mistilliten som har vakse fram, og som kan bli eit demokratisk problem.

Meir brei enn djup

Boka er nok betre i breidda enn i djupna, og under lesinga får ein av og til assosiasjonar til ein tv-dokumentar. Her er ingen store avsløringar om spelet bak kulissane, boka byggjer stort sett på kjent materiale. Analysar av vindkrafta si rolle i økonomi- og klimarekneskapa finn ein heller ikkje mykje av. Men lesaren får grei oversikt over historia til vindkraftutbygginga i Norge og den politiske kampen om den.

Totland meiner det er tre grunnar til protestbølgja som skaut fart frå våren 2019. For det første steig lønsemda i vindkraftbransjen, slik at sovande konsesjonar vart vekte til live og førte til intens byggeaktivitet. For det andre kom Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) med den nasjonale ramma som blinka ut 13 område som veleigna til vindkraft. Og for det tredje utbygginga på Frøya i Trøndelag, der motstandarane ifølgje forfattaren «stod fram som frontfigurar for heile den nasjonale kampen».

Eg er litt i tvil om særleg den siste forklaringa, men den første er definitivt sentral: Vindkraftanlegga vart brått synlege og nære for mange fleire,  turbinane var mykje høgare enn før, og utbyggingane øydela langt meir av landskapet på bakken enn folk hadde sett for seg. Mange følte seg kraftig lurt. Legg så til at mykje av inntektene går i lomma på utanlandske investorar, og du har fått eit breitt mobiliseringsgrunnlag for motstand.

Så endar då også Totland opp med å innrømma at han definitivt ville ha protestert om det skulle koma vindkraftverk i hans eiga heimbygd i Kvinnherad. Forfattaren har følgt med på ferda.

Publisert:

Vindkraft

  1. SV ber Tina Bru sørge for at forskarar får GPS-merke hubro på Jæren

  2. Forskarar som skal doku­men­tera bestand, blei nekta GPS-merking

  3. Plutseleg var alle mot vindkraft. Kva skjedde?

  4. – Bjerkreim burde sendt nabo­varsel

  5. De kjøpte hytte i Sir­dal for still­heten. Nå frykter de konstant lyd fra vind­turbiner

  6. Vindkraft-gigant vil doble vind-inntektene til berørte kommuner

  1. Vindkraft
  2. Vindkraft
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Naturvern