Erika Fatland på nye høgder

BOK: Ho er personleg utan å ta for mykje plass. Slikt blir det god reiselitteratur av.

Erika Fatland reiser - det skal vi vera glade for! Her frå ei reise til Breiavatnet i Stavanger. Men den nye boka er skriven etter opplevingar i Himalaya. Foto: Aasland, Jarle

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Erika Fatland frå Ølen har hatt enorm suksess med reiseskildringane sine. «Sovjetistan» frå 2014 og «Grensen» frå 2017 har fått prisar både i Norge og i utlandet, og i alt er bøkene hennar gitt ut i 23 land. Dei mange lesarane hennar har rimelegvis store forventningar også til årets bok, «Høyt», som handlar om Himalaya. 

Dei blir neppe skuffa. Erika Fatland held stilen og nivået frå tidlegare bøker. «Høyt» kunne nok etter min smak vore litt kortare og strammare redigert, men dei fleste av Fatland-fansen vil nyta kvar einaste av dei over 600 sidene.

Fatlands metode er eigentleg uhyre enkel. Ho reiser, observerer, snakkar med folk og supplerer med fakta og bakgrunn – alt saman formidla med skriveglede og respekt. Ho er absolutt til stades i den lettflytande teksten, men er ikkje dominerande, sjølvopptatt, nedlatande eller vidløftig filosoferande. Ho unngår som regel moralisering og skarpe diskusjonar med intervjuobjekta sine, men stiller opne spørsmål og lyttar. Dermed får ho dei til å opna seg, både om det politiske og private.

Erika Fatland reiser alltid aleine, bortsett frå at ho bruker lokale guidar. Ho meiner risikoen er liten, og at ein slik reisemåte har store fordelar. Ho unngår å hamna i ei «turistboble», men blir tvinga til å forhalda seg til dei lokale menneska ho møter. Som kvinne er det også lettare å få andre kvinner i tale, særleg i konservative mannsdominerte kulturar som bokstavleg talt dekker kvinnene til. Dermed får ho eit innsyn bak kulissane som vanskeleg kunne blitt ein mannleg, vestleg reisande til del.

Mellom tradisjon og modernitet

Årets bok byggjer på to reiser i 2018 og 2019 på til saman åtte månader. Fatland har besøkt India, Pakistan, det omstridde området Kashmir, Nepal, Bhutan, Kina (inkludert Tibet) og ei rekkje minoritetsområde innanfor desse landa.

Foto: Tine Poppe

Å seia at Himalaya er eit område med store kontrastar, er naturlegvis ein klisjé, men like fullt sant. Den opprivne fjellgeografien har skapt eit mylder av kulturar, språk og religionar. Hinduisme, islam og buddhisme lever side om side med lokale gudar og det me vil kalla overtru. Forfattaren blir stadig spådd av nye astrologar, med vidt forskjellig resultat.

Den globale kulturen og økonomien har likevel gjort sitt inntog i Himalaya òg, og spenningane mellom tradisjon og modernitet er tydelege. I Nepal møter Erika Fatland kvinner som framleis må overnatta i primitive hytter, i fare for både skorpionar og slangar, når dei har menstruasjon. I same land intervjuar ho vinnaren av ein missekonkurranse for transkvinner.

Kontrasten er heller ikkje liten mellom det strenge islamske samfunnet i Nord-Pakistan og det frivole Bhutan. Skildringane herifrå er eit høgdepunkt i boka. Forfattaren får blant anna oppleva mannleg nakendans, og blir elles stadig påspandert den lokale drammen: heimebrent i smør. Men Bhutan er også avansert alternativt. Landet har introdusert omgrepet «brutto nasjonal lykke», som blir rekna ut med 124 ulike variablar.

Å reisa i bøker

Erika Fatland minner oss samstundes om at modernitet og fridom ikkje alltid er to sider av same sak. På grensa til Kina slår ein fattig nepalesar fast at livet hans er hardt, og at dei har det enklare i Kina. Men som eit ekko av Henrik Wergelands fattige arbeidar i «Hans Jakobsens ost» set han auga i den norske gjesten: «Vi har frihet. Det har de ikke i Kina». På den andre sida av grensa møter Fatland det mest moderne samfunnet på heile turen – ikkje minst i form av overvakingsteknologi – og guidar som tryglar henne om ikkje å stilla nærgåande spørsmål. Her blir forfattaren for ein gongs skuld politisk, og skjuler ikkje sin forakt for Erna Solbergs Kina-politikk.

Det er blitt vanskelegare å reisa. Koronaen har bremsa den internasjonale turisttrafikken, men også statleg byråkrati og reguleringar gjer ofte snakket om opne grenser til ein illusjon. Kanskje må fleire av oss nøya oss med å reisa i bøker i framtida. Globetrotterlitteraturen kan slik få sin renessanse. Erika Fatland er godt skodd til å føra tradisjonen vidare. For reisa må ho: «Jeg klarer ikke lenger å la det være». Det kan me vera glade for.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Reise

Mest lest akkurat nå

  1. Gjert Ingebrigtsen om smittefaren: – Du må tørre å gå i krigen

  2. Trafikkulykke ved Sola sjø - én person kjørt til legevakt

  3. Designet på Rogalands første elferje vekker oppsikt

  4. Med samme regler som Ikea kunne 700 vært på konsert her. Det gjør sjefen forbannet

  5. 37 nye smittede på Nord-Jæren siste døgn

  6. Økning i innlagte koronapasienter. Flere under 60 år på respirator