Kapittelforfattarar helsar fengsla forfattarkollega

Karl Ove Knausgård, nobelprisvinnar Wole Soyinka, Carsten Jensen, Mette Karlsvik og Tore Renberg er blant forfattarane som har skrive under på Kapittels solidaritetsbrev til den fengsla, tyrkiske forfattaren Asli Erdogan.

Publisert: Publisert:

Kapittel og ICORN sender helsing til den fengsla, tyrkiske forfattaren Asli Erdogan etter årets internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom. Foto: Kapittel

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

16. august i år gjennomførte tyrkisk politi ein razzia mot dagsavisa Özgür Gündem – ein månad etter forsøket på statskupp i landet. Avisa blei stengt og politiet tok med seg materiale, for å "hindra spreiing av propaganda for det kurdiske partiet PKK".

Dagen etter pågreip politiet 25 av avisas medarbeidarar. Blant dei Asli Erdogan, spaltist og rådgjevar for avisa.

Den kjende forfattaren var fribyforfattar i Krakow, Polen, i 2015. Fribyordninga blir administrert frå Stavanger gjennom organisasjonen ICORN, og under siste vekes Kapittel-festival gjekk ICORN og Kapittel saman om å be forfattarar skriva under på eit kort som skal sendast til Erdogan.

"You are not alone, we'll support you with all we got," skreiv Karl Ove Knausgård.

"Don't give up! You are fighting for all of us!" skreiv danske Carsten Jensen.

Kortet er også underskrive av folk som Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø, Kapittelsjef Espen Røsbak og ICORN-sjef Helge Lunde.

Livsteikn

— Det viktigaste med dette kortet er å visa at me framleis tenkjer på henne – og at me gjer alt me kan for å hjelpa henne, seier Elisabeth Dyvik i ICORN.

Ho ser at eit kort i posten kan virka symbolsk, men har sjølv snakka med andre fribyforfattarar som har sete fengsla og isolert.

— Dei seier at det betyr enormt mykje å få livsteikn utanfrå; å vita at nokon tenkjer på dei. Det kan bety forskjellen på liv og død for enkelte, seier Dyvik.

Kapittel sender også ein kopi til den tyrkiske ambassadøren i Norge, slik at tyrkiske styresmakter får vita at underskrivarane meiner at fengslinga er uakseptabel.

Lette å be

— Er forfattarar lette å be om å skriva under på eit slikt kort?

— Ja, veldig lette. Karl Ove Knausgård sa han kjende saka veldig godt, og hadde allereie engasjert seg. Det same har Forfattarforeininga og Mette Karlsvik, seier Dyvik, og legg til at det forfattarane kan synast er vanskeleg, er å vita kva dei skal skriva på kortet.

— Dette er ganske emosjonelt for mange. Mohammad Habib sat ni år i fengsel i Syria. Hans medkjensle for Erdogans situasjon er tydeleg i helsinga, seier Dyvik.

PEN International

PEN International har også engasjert seg i Erdogans sak, og tysdag denne veka blei det kjent at svenske PEN tildeler sin Tucholskypris til Erdogan for 2016. Svenske PEN seier Erdogan er eitt av den unge, tyrkiske samtidslitteraturen fremste og mest kontroversielle namn, som aldri har slutta å skriva om kurdaranes rettar, det armenske folkemordet, vald mot kvinner eller torturen i tyrkiske fengsel.

Noko av det PEN og Kapittel reagerer på, er vilkåra Erdogan opplever i fengsel. Ho har astma og ein lungesjukdom som krev medisinar, men blei nekta dette dei fem første dagane i fengsel.

PEN International anerkjenner tyrkiske styresmakters ønske om å bringa dei ansvarlege for statskuppet til retten, men ber samtidig styresmaktene respektera ytringsfridom og menneskerettar. Dei ber Tyrkia sleppa fri alle journalistar og forfattarar som er fengsla for å ha brukt ytringsfridomen sin.

— Får Erdogan kortet?

— Ja. Me er ikkje i direkte kontakt med advokaten hennar, men med folk som er det. Ho får senda meldingar ut, og me veit at ho får post. Så ho får kortet.

LES OGSÅ:

Publisert:

Les også

  1. Ny Kapittel-rekord – igjen

  2. Ooooo, vi vandrar saman

  3. Frå urbane flanørar til Birken-galningar