TEATER: Imponerande storverk om Amerika

«Engler i Amerika» på Nationaltheatret er teater i stort format - og vel verdt ein Oslo-tur.

Aidssjuke Prior (Hermann Sabado) får besøk av Engelen (Trine Wiggen).
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6
icon
Denne artikkelen er over fire år gammel

ENGLER I AMERIKA

Nationaltheatret, Oslo. Av: Tony Kushner. Regissør: Marit Moum Aune. Komponist: Nils Petter Molvær. Scenograf og kostymedesign: Bård Lie Thorbjørnsen. Med: Terje Strømdahl, Nils Golberg Mulvik, Hanne Skille Reitan, Bartek Kaminski, Hermann Sabado, Modou Bah, Ågot Sendstad, Trine Wiggen.

«Årets største teaterbegivenhet» kallar Nationaltheatret nyoppsettinga av «Engler i Amerika», som hadde premiere i Oslo laurdag. På eitt vis har dei definitivt rett: Heile «Engler i Amerika», med sine to delar «Tusenårsriket nærmer seg» og «Perestrojka», varer, med pausar, åtte og ein halv time.

Men det store spørsmålet er jo om dette er stort teater, ikkje bare i omfang, men også som oppleving og i inntrykk. Svaret er ja.

Hermann Sabado imponerer i rolla som Prior, som får Aids og mistar kjærasten.

USA på 80-talet

Handlinga i «Engler i Amerika» er lagt til New York midt på 80-talet. Ronald Reagan er president, og i det homofile miljøet blir unge, friske menn sjuke og døyr. Me møter det homofile paret Prior (Sabado) og Louis (Kaminski), der Prior skal bli sjuk og Louis skal svikta. Me møter det unge mormonarparet Joseph (Golberg Mulvik) og Harper (Skille Reitan), der han er skaphomse og ho har psykiske problem. Og me møter, ikkje minst, den kyniske advokaten Roy Cohn (Strømdahl), som har seg med unge menn, men nektar for å vera homofil. Cohn insisterer på at han har leverkreft heilt til han døyr av Aids. Ja, og så møter me englar, sjukepleiarar, dragqueens, gjenferd og mødre. Nesten alle skodespelarane spelar fleire roller, imponerande turnert gjennom raske kostymeskift og nye dialektar, og kvinnene spelar like gjerne menn som damer.

Tony Kushner fekk både Pulitzerprisen og Tony-award for «Engler i Amerika», og det er ingen tvil om at det er eit fantastisk godt skrive stykke. Blant anna er det eit kunststykke i seg sjølv å skriva og framføra noko som vekslar mellom realisme, draumar, surrealisme og hallusinasjonar på ein måte som blir handterbar for oss i publikum.

Eigentleg kjennest det urettferdig og umulig å fortelja kva maratonstykket handlar om. For det handlar om så kolossalt mykje. Om Aids, seksualitet, homofili, men også alt dette andre som rir Amerika: rasespørsmålet, religion, republikanarar, politikk, kynisme, idealisme, kjærleik, svik.

Mormonaren Joseph (t.v.) er skaphomse, og møter den filosofisk anlagde jødiske Louis.

Bister humor

Det er blytunge tema som blir tekne opp, og absolutt ingen av karakterane på scenen har det særleg godt. Likevel har regissør Marit Moum Aune lukkast i å laga både morosamt og underhaldande teater, der du ler meir enn du gret av den bistre humoren, samtidig som her altså er masse substans og tankestoff å ta med seg.

Nå har det skjedd ein del både når det gjeld synet på homofili og definitivt innanfor den medisinske behandlinga av Aids sidan første del av stykket hadde premiere i 1991, så akkurat den delen kjennest kanskje som eit rystande innblikk i historia meir enn i samtida. Men samtidig lever USA framleis i etterdønningane etter Reagan, og med ein stadig meir intens kulturkamp; sterkt medverkande til at Donald Trump i dag er president - med sine åtak på utsette grupper, liberale verdiar og nedbygging av sosiale sikkerheitsnett.

Terje Strømdahl er fantastisk som drittsekken Roy Cohn - Donald Trumps mangeårige advokat.

Glitrande ensemble

Moum Aune har med seg eit glitrande skodespelarensemble, som går saumlaust inn og ut av ulike roller, kostyme og dialektar gjennom sju timar på scenen. Det er imponerande. Strømdahl er fantastisk som drittsekken Cohn - ein mann som faktisk har levd, og som var Donald Trumps første advokat i New York. Ågot Senstad briljerer i sine fem (sic!) roller, enten ho er eldgammal, mannleg rabbi, sunnmørsk lege eller svigermor med temperament.

«Engler i Amerika» er eit stykke med mange og ganske intellektuelle ord. Men heldigvis er det også visuelt interessant, slik godt teater må vera. Den tilsynelatande enkle og nakne scenografien viser seg å vera mangfaldig og fleksibel, og her er fleire flotte bilete gjennom heile framsyninga, der heile scenerommet blir teke i bruk.

Nils Petter Molvær har levert musikken. Det ville du sannsynlegvis ikkje kome på om du ikkje visste det - og det er meint som eit slags kompliment. Musikken bidreg til stemning og rytme, men spelar likevel ei meir tilbaketrekt rolle. Teatret har hovudrolla.

Frå Stavanger til Oslo

Heile «Engler i Amerika» blei spelt på Intimscenen på Rogaland Teater i 1994, blant anna med Bjarte Hjelmeland, Anders Dahle og Even Stormoen. Kuriøst nok var Ågot Sendstad også med der, då som Harper Pitt. 24 år seinare spelar ho svigermora på Nationaltheatret.

Den gong blei stykket sett som ein kunstnarisk bragd og eit høgdepunkt i Stavanger, det var fulle hus - og folk kom endåtil reisande frå Oslo for å sjå. I 2018 bør Stavanger-folk dra til Oslo for å sjå det åtte timar lange teaterstykket - som forunderleg nok ikkje kjennest for langt.

Ågot Sendstad spelte i «Engler i Amerika» då det gjekk på Rogaland teater i 1994. I 2018 spelar ho igjen i stykket, nå på Nationaltheatret.
Publisert: