Endeleg Amanda-pris til Pia Tjelta

HAUGESUND: Pia Tjelta fekk laurdag kveld Amanda-pris for innsatsen sin i filmen «Blindsone». Etter å ha blitt nominert to gonger før, slo det endeleg til på tredje forsøk.

Pia Tjelta med Amanda-prisen for beste kvinnelige hovedrolle.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Pia Tjelta kom til Amanda-utdelinga på Festiviteten blant anna saman med dottera Sofia.
Les også

LES OGSÅ: Amandaprisen: «Ut og stjæle hester» den store vinneren

iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Det var jo f&%/ ikkje ein dag for tidleg, sa Tjelta då ho blei ropt opp for å motta Amanda for Beste kvinnelege hovedrolle.

Og då Aftenbladet møtte den glade prisvinnaren rett etterpå, utdjupa ho:

– Eg har venta på denne prisen sidan «Mongoland». Eg er rett og slett skikkelig, skikkelig glad!

Éi tagning

«Blindsone» er skriven og regissert av Tuva Novotny. Tjelta spelar Maria, som ein kveld opplever at dottera prøver å ta livet sitt - heilt ut av det blå. Det spesielle formgrepet i filmen er at alt er filma i éi tagning.

– Er ikkje det frykteleg vanskeleg - eller liknar det på å spela teater, som også er éi, lang «tagning»?

– Det kom godt med å ha teatererfaring, ja. Å jobba med «Blindsone» har vore noko heilt anna enn alt eg har gjort på film tidlegare. Vanlegvis kan me gjera ting både undervegs og etterpå som ikkje var mulig her, svarer Tjelta, som først måtte læra seg manuset på rams, snakka veldig tett med regissøren, gjera masse research - og så sleppa seg heilt fri når kamera endeleg gjekk.

Me følgjer Marias dotter Tea (Nora Mathea Øien) frå handballtrening og heim, og så vidare til sjukehuset i ulande ambulanse, med den sjokkerte mora på hjul. Dermed følgjer me også mora Maria frå harmonisk heimeliv, via det første sjokket, desperasjonen, til vantrua, fortvilinga og forsøket på å skjøna kva som har skjedd - saman med ektemannen (spela av Anders Baasmo Christiansen).

Les også

Pia Tjelta: – Jeg har fått mye større selvtillit på at jeg har noe vettugt å komme med

Masse prisar

Kritikarane - frå norsk presse til The New Yorker - har vore samstemte om at Tjelta imponerte stort i den dramatiske rolla.

Amanda-prisen er bare den siste i ei lang rekke prisar Tjelta har fått for innsatsen sin i «Blindsone». Ho vann tilsvarande pris på den prestisjetunge filmfestivalen i San Sebastian, ho vann den norske Kritikarprisen og Kanonprisen for beste kvinnelege hovudrolle.

– Det har vore veldig stas med alle dei andre prisane også, som til dømes Kanon-prisen, men akkurat denne har eg altså drøymt om heilt sidan 2001.

Tjelta har vore nominert til Amanda to gonger tidlegare, i 2007 («Mars og Venus») og 2013 («90 minutter»). På tredje forsøk skulle det altså bli pris.

Alexandra Gjerpen frå Sandnes var nominert i kategorien «Beste kvinnelige birolle» for sin innsats i «Når jeg faller». Men den prisen fekk Maria Bonnevie for «Føniks». Til gjengjeld fekk Gjerpen dela ut prisen for «Beste klipp» til «Harajuku».

Alle Amanda-vinnerne

Beste norske kinofilm
Ut og Stjæle Hester — produsent Turid Øversveen, Karin Julsrud, regi Hans Petter Moland

Beste barnefilm
Psychobitch — produsent Ruben Thorkildsen, regi Martin Lund

Beste regi
Hans Petter Moland — Ut og Stjæle Hester

Beste kvinnelige skuespiller
Pia Tjelta — Blindsone

Beste mannlige skuespiller
Tobias Santelmann — Mordene i Kongo

Beste kvinnelige birolle
Maria Bonnevie — Føniks

Beste mannlige birolle
Bjørn Floberg — Ut og stjæle hester

Beste filmmanus
Martin Lund — Psychobitch

Beste foto
Rasmus Videbæk — Ut og stjæle hester

Beste produksjonsdesign/scenografi
Lina Nordqvist — Sonja

Beste visuelle effekter
Lars Erik Hansen (Gimpville), Torgeir Busch (Storyline Studios)  Espen Nordahl (Storm) og Magnus Olsson (Filmgate) — Skjelvet

Beste musikk
Kaspar Kaae — Ut og stjæle Hester

Beste klipp
Karsten Meinich og Elise Solberg — Harajuku

Beste lyddesign
Gunn Tove Grønsberg — Harajuku

Beste kortfilm
She-Pack — Produsent Lotte Sandbu for Den Norske Filmskolen, regi: Fanny Ovesen

Beste dokumentarfilm
Hvor Man Vender Tilbake, produsert av Racha H. Larsen for Yellow Log, regi: Egil Håskjold Larsen

Beste utenlandske kinofilm
Kapernaum — regi: Nadine Labaki, distributør: Arthaus

Folkets Amanda
Skjelvetprodusent: Fantefilm, regi: John Andreas Andersen

Amandakomiteens Gullklapper
Filmfotograf Philip Øgaard

Amandakomiteens Ærespris
Petter Vennerød

Les også

  1. Pia Tjelta vant anerkjent filmpris i Spania

  2. Pia Tjelta får internasjonal anerkjennelse

  3. Pia Tjelta kåret til beste skuespiller i fjor

  4. Pia Tjelta får gode kritikker i London

Publisert:
  1. Pia Tjelta
  2. Amanda-prisen
  3. Film

Mest lest akkurat nå

  1. Siktedes kjæreste bodde i nabolaget til Birgittes foreldre

  2. Omdiskutert ordning gjør at Tage og kompisene kan sove 40 minutter ekstra hver morgen

  3. – Vi gir deg 100 000 kroner hvis du tar en master

  4. Eldre kvinne kjørte gjennom gangsti på Stokka

  5. Navnet på omkommet MC-fører i Sandnes frigitt

  6. – Akkurat nå ligger strøm­prisen i Sverige og Danmark på 15 øre. Hvordan forklarer dere det? Vi betaler 82 øre