Magisk midtsommarnatts-draum

TEATER: Rogaland Teaters «En midtsommernattsdrøm» har alt du kan be om av eit teaterstykke. Dette må du sjå.

Publisert: Publisert:

Magisk, poetisk, morosamt, visuelt og rørande. «En midtsommernattsdrøm» på Rogaland Teater har alt du kan be om. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 6 out of 6

EN MIDTSOMMERNATTSDRØM

Av: William Shakespeare. Regissør: Maria Kjærgaard-Sunesen. Scenograf og kostymedesign: Simon Holk Witzansky. Koreograf: Belinda Braza. Komponist og lyddesign: Anders Ortman. Maskør: Jill Tonje Holter. Lysdesign: Haakon Espeland. Dramaturg: Michael Evans. Duft i salen: Rasa Gundersen. Med: Espen Reboli Bjerke, Nina Ellen Ødegård, Lars Berge, Jacob Vigeland, Marianne Holter, Ingrid Rusten, Eva Ragnhild Tysse, Ulrikke Døvigen, Jonas Digerud, Marko Kanic, Matias Kuoppala, Mareike Wang.

– Mot slutten måtte eg tørka tårer fordi det var så rørande vakkert. Men to minuttar tidlegare rann tårene fordi eg lo så eg grein. Eg har ingen mascara igjen, sa ho som sat ved sida av meg då premieren på «En midtsommernattsdrøm» på Rogaland teater var over. Det var ei ganske god oppsummering.

«En midtsommernattsdrøm» skal vera Shakespeares mest spelte komedie. Det er ikkje heilt enkelt å oppsummera stykkets handling, men det dreier seg om ei slags forviklingskomedie. Me er i Athen, og hertugen (Espen Reboli Bjerke) skal gifta seg med si Hippolyta (Ulrikke Døvigen). Samtidig må det avklarast kven den unge Hermia skal enda opp med. Ho og Lysander (Lars Berge) er gjensidig forelska, men mora har lova henne bort til Demetrius (Jacob Vigeland), som bestevenninna Helena (Ragnhild Tysse) forresten er håplaust forelska i. Hermia og Lysander bestemmer seg for å flykta ut i skogen etter at sola har gått ned, Helene og Demetrius følgjer etter.

Og der ute i skogen møter dei og me ei magisk verd der alvekongen (Reboli Bjerke) og kona (Døvigen) herskar og alvane syng. Og så har du smådjevelen Puck (Nina Ellen Ødegård) som kompliserer alt endå meir, skaper ein kar om til eit esel, som alvedronninga så blir forelska i, bare for å nemna éi bisarr vending. Det heile liknar på ein draum, konvensjonell logikk er oppheva, alt kan skje.

Merkelege Puck omgjeven av dei fargerike alvane. Foto: Pål Christensen

Visuell fest

Kva er det som gjer at dette merkelege stykket fungerer så godt i danske Maria Kjærgaard-Sunesens regi? La oss starta med det visuelle. Teater er ei visuell kunstform. Det skal vera kjekt og interessant å sjå på. Og visuelt er denne midtsommarnattsdraumen ein fest. Det startar med ein kvit platting - som kan roterast - omkransa av klassiske joniske søyler. Me er altså i antikkens Hellas.

Men når natta fell på, blir søylene stiliserte trestammar i ein skog, når eit rikt bladverk kjem dalande ned frå himmelen, og skuggar og lys skapar ei magisk verd. Og der oppe i lufta kan både Puck og alvekongen sveva og fly.

Ei verd av alvar og magi set store krav til kostyma. Også her er det bare å applaudera. Kreasjonane i alveriket er akkurat så fargerike og fantastiske å sjå på som du kunne drøyma (sic!) om.

Levande teater er også lyd, og skogens lydar kompletterer her det visuelle, enten det er froskar eller fuglar som kvekkar eller syng. Det same gjer musikken, enten han ligg på boks eller alvane syng acapella, nesten overjordisk vakkert, som eit slag komp til talen.

Espen Reboli Bjerke er både myndig, sjalu, morosam - og kan fly - som hertug og alvekonge. Foto: Pål Christensen

Tru mot teksten

Og talen, ja. Kjærgaard-Sunesen har valt å vera språkleg tru mot opphavet - om enn med nokre moderne referansar og justeringar. Det er Shakespeares eigne, poetiske språk som dominerer. Å framføra Shakespeare på vers kan bli utruleg stive og unaturlege greier, men dette ensemblet klarer å formidla teksten på ein måte som både kjennest naturleg, som er poetisk, slagferdig og morosam.

Tekstleg renessansehumor treng hjelp for å fungera på ein scene i 2019. Og her leverer altså skodespelarensemblet med bravur. Ødegård gjer ein djevelsk god Puck, Tysse viser stort komisk talent i framstillinga av den håplaust forelska og frustrerte Helene, Jonas Digerud er herlig overspelande amatørskodespelar - og esel. Og sånn kunne eg halde fram, og trekt fram alle som ein. For dette er framfor alt ein ensemblesiger, der også dei mindre replikktunge rollene funklar, der også det vesle spelet er nydeleg. Sjå og høyr på Matias Kuoppala, enten han er den nervøse Harald Hamre, eit syngjande sennepsfrø, nervøs mur eller puslete løve.

Alvane, her ved Matias Kuoppala og Mareike Wang, syng nesten overjordisk vakkert. Foto: Pål Christensen

«En midtsommernattsdrøm» er ein teaterleik, og Rogaland Teaters versjon tek leiken heilt ut. Her er både «høgt» og «lågt» spel, komedie og poesi, i andre akt er det ei stund nesten fysisk teater og full farse. Før det altså landar vakkert, vemodig og godt når natta er over. Når alle vaknar og ingen heilt veit om dei verkeleg har opplevd alt dette eller om det heile bare var ein draum.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet fant kokain hjemme hos Petter Northug etter at han hadde råkjørt i 168 km/t: – Har gjort en stor feil

  2. Arbeidsgiver TV 2 skal diskutere fremtiden med Northug: – Dette er en alvorlig sak

  3. Aldri har hasj vært sterkere. Den erstattet sex, mat og venner for Anne (20). Til slutt turte hun ikke gå ut

  4. Jakob Ingebrigtsen etter fantomløpet på 1500 meter: ­– Helt sykt og ekstremt deilig

  5. Mot morens vilje sendte Eva (21) inn sitt DNA for å finne hennes amerikanske opphav

  6. Pågrepet for knivtrusler

  1. Teater
  2. Scenekunst
  3. Teateranmeldelse
  4. Sceneanmeldelse
  5. Anmeldelse