Varm og vond amerikansk tragedie

FILM: Varmt, vondt og vakkert om amerikansk ungdom og familie i trøbbel. Og om Amerika?

Publisert: Publisert:

Tyler lever eit vellukka middelklasseliv. Han jobbar hardt og er kjærast med Alexia. Det kan ikkje vara…

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

Waves

Sjanger: Drama. Manus og regi: Trey Edward Shults. Med: Taylor Russell, Kelvin Harrison Jr., Alexa Demie. Nasjonalitet USA, 2019. Lengde 2 timar 16 min. Aldersgrense 12 år.

Det går jo ikkje så bra borte i USA for tida. Donald Trump må gjerne skryta av økonomien, men bak børstala kokar det i eit polarisert og dysfunksjonelt samfunn.

Eg klarer ikkje å unngå å ha dette i bakhovudet når eg ser gode og mykje omtalte «Waves» – som i utgangspunktet er eit familiedrama.

Filmen startar hektisk, med hektisk kameraføring, kjappe klipp, dundrande musikk. Det er ein effektiv måte å illustrera 18 år gamle Taylors hektiske liv: Han går siste året på high school, trener knallhardt på skolens brytelag, både på skolen og heime. Han gjer lekser, må ha gode karakterar. Samtidig er han kjærast med fantastiske Alexis, bror til Emily, har ei karrieremor og ein kravstor og dominerande far.

«Folk som oss må jobba ti gonger så hardt for å lukkast som andre,» insisterer faren hans ein dag Tyler tilsynelatande vaklar under presset. «Folk som oss» handlar her om at Tyler og familien er svarte.

«Waves» er eit familiedrama, men Aftenbladets meldar les også USAs drama inn i historia.

Alt på stell. Så...

Familien tilhøyrer øvre middelklasse, har alt på stell. Alt ser såpass vellukka ut at eg etter ti minuttars tid tenkjer at nå må det skje noko. Drama blir skapt av at karakterar blir sett under press, ut over å gjera lekser og trena.

Så skjer det noko. Tyler blir definitivt sett under press. Ikkje bare frå éin kant, men frå fleire. Det blir drama.

Når Tylers drama har nådd sitt klimaks, skjer det eg har lagt merke til som eit trekk i fleire filmar den siste tida: Her kjem eit brot, ei uventa vending. Plutseleg handlar det ikkje lenger om Tyler, men om ei anna historie. På eitt vis er «Waves» to filmar, eller i alle fall ein og ein halv.

Ungt talent

Filmskapar Trey Edward Shults er bare 31 år, men blir allereie sett på som eit svært interessant namn i amerikansk (indie)film. «Waves» er hans tredje – og ifølgje han sjølv: mest personlege – langfilm. Shults sitt store tema er familie. Nærmare bestemt: Familiar i trøbbel. Der har Shults erfaring sjølv.

Han har altså skrive historia med innsidekunnskap, og har funne skodespelarar som fyller historia med liv og truverd, både når det går bra og når det går dårleg. Det er vondt å sjå Tyler kjempa med seg sjølv, med press og forventningar frå familie og omverda, med si eiga tragedie. Det er både vondt og varmt å sjå søstera Emily og kjærasten Luke, begge nydeleg spelt.

Kamera ligg tett på, rører seg, rundt og rundt, eller med karakterane, er nesten ein aktør sjølv. Bileta er særs bevisste og rike, frå hektisk pumpande til dvelande og rolege bilete i duse fargar. Uttrykket er ungt, som hovudkarakterane sjølv.

Og så er her eit imponerande soundtrack som spelar godt opp under ungdommane og liva deira, signert gigantar som Kanye West, Radiohead, Frank Ocean and Tame Impala, for å nemna nokre av dei. (New York Times hadde ei eiga sak om korleis i all verda ein indie-filmskapar som Shults klarte å få med seg dette stjernelaget.)

Om USA også?

Men samtidig som dette er eit veldig emosjonelt og psykologisk familiedrama, klarer eg altså ikkje å unngå å sjå filmen utan å ha USAs eige drama i bakhovudet. Opioidkrisen, døyvinga av smerte med tungt avhengigheitsskapande tablettar. Den amerikanske draumen/presset, der alle er si eiga lukkes smed. Det ekstremt sensitive abortspørsmålet. Religion. Rase. Andelen svarte menn som fyller opp amerikanske fengsel.

Sånn er «Waves» også ein svært sjåverdig versjon av ein amerikansk tragedie.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 18-åring mistet lappen etter å ha kjørt i 131 km/t på Motorveien

  2. Vil kaste Bandidos ut fra hus i Hillevåg

  3. Turistforeningen fra­råder populær tur ved Lysefjorden

  4. Kjørelærer: – Mange må vente for lenge på å få kjørt opp. Nye bestillingsregler bidrar til kaos

  5. Sjekk denne perlen fra Viking-spilleren: – Jeg bare la den i hjørnet

  6. Med to ord fikk han en samlet norsk samfunns­elite til å innse korona-alvoret

  1. Film
  2. USA
  3. filmer
  4. Anmeldelse
  5. Filmanmeldelse