Om dei som lagar løgner, og oss som trur på dei

SAKPROSA: Bente Kalsnes har laga ein kort, men nyttig introduksjon til debatten om falske nyheiter.

Publisert: Publisert:

Forfattar Bente Kalsnes prøver å rydda opp i den nokså kaotiske debatten om falske nyheiter. Foto: Sonja Balci / OsloMet

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 out of 6 stars

Bente Kalsnes: Falske nyheter. Løgn, desinformasjon og propaganda i den digitale offentligheten. 161 sider. Cappelen Damm Akademisk.

Falske nyheiter – «fake news» - er ikkje noko nytt. Men interessa for fenomenet har auka eksplosivt i seinare år. I 2016 kåra Språkrådet falske nyheiter til årets ord, og det same skjedde i fleire andre land. I 2016 var det 667 artiklar i norske medium som omtala falske nyheiter, året etter hadde det auka til heile 5010 artiklar, ifølgje mediearkivet Retriever.

Donald Trumps siger i det amerikanske presidentvalet og Brexit-avrøystinga i Storbritannia var dramatiske hendingar i 2016 som sette fart i debatten om falsk informasjon. Utviklinga innan sosiale medium og avsløringane av reine løgnfabrikkar i Russland og andre land har også skapt uro for at me ikkje lenger kan stola på informasjonen som ligg til grunn for samfunnsdebatten og for viktige politiske avgjerder. Falske nyheiter er med andre ord ein trussel mot demokratiet.

LES OGSÅ:

Les også

Morderisk lappelik i Bagdad

Les også

Kjærlighet før dommedag

Ryddar i omgrepa

Forfattar Bente Kalsnes deler denne uroa, men prøver samstundes å rydda opp i den nokså kaotiske debatten om temaet. Boka «Falske nyheter» er for det første eit forsøk på å definera omgrepa, deretter vil ho forklara kvifor falsk informasjon som fenomen har fått så stort omfang i våre dagar. Til slutt er det eit kort kapittel om metodar for å kjempa mot problemet.

Kalsnes er eigentleg ikkje så glad i sjølve omgrepet falske nyheiter, og det er ein fornuftig skepsis. Omgrepet er vanskeleg å definera og ofte blir brukt som propagandistisk merkelapp. Hos Donald Trump er det eit standard skjellsord mot alt og alle han ikkje liker, men han er ikkje aleine om å nytta det for å stempla motstandarar som løgnarar, også når det handlar om ulike verdivurderingar og tolkingar av fakta som det kan vera legitim usemje om.

Forfattaren meiner det ofte vil vera meir dekkande å bruka ord som desinformasjon og propaganda om den bevisst falske informasjonen som blir spreidd for å påverka politiske prosessar og offentleg debatt. «Desinformasjon» er eigentleg eit omgrep frå Stalins Sovjet, og manipulering av informasjon var ein sentral del av den kalde krigen. Slik sett er det nye eigentleg ikkje den falske informasjonen i seg sjølv, men den raske og effektive distribusjonen via internett. Det er ikkje lenger ei overdriving at ei løgn reiser rundt jorda og tilbake før sanninga har knytt skoa, slik Mark Twain uttrykte det for hundre år sidan.

LES OGSÅ:

Les også

Finnes det egentlig en fredelig familiehytte?

Les også

Sommeren før katastrofen

God innfallsport

Som introduksjon til debatten om falske nyheiter fungerer «Falske nyheiter» godt. Bente Kalsnes presenterer ei rekke forskingsarbeid om temaet, og litteraturlista er på imponerande 19 sider. Det er ein god innfallsport for den som vil fordjupa seg i emnet.

Sjølv held Kalsnes seg mest på overflata, det er ei bok med meir breidde enn djupne, og forfattaren er forsiktig med å flagga eigne, sterke synspunkt. Boka er relativt lettlesen, men enkelte stader får vanskelege omgrep passera utan nærmare forklaring, for eksempel når ho snakkar om «den demokratisk korporative mediemodellen» i Nord-Europa og «den polariserende pluralistmodellen» i Sør-Europa.

Prisverdig er det også at ho sveipar innom sosialpsykologien og spør kvifor så mange menneske faktisk trur på falsk informasjon. Denne bolken kunne gjerne vore fyldigare. Det same gjeld avslutningskapitlet om tiltak mot falske nyheiter, som er ganske tynt og gir inntrykk av at forfattaren nå har lyst til å bli ferdig med boka.

Desse kritiske kommentarane må likevel ikkje overskugga at «Falske nyheter» er nyttig hjelp for den som vil forstå og engasjera seg  i ein av dei viktigaste debattane i vår tid. For som den store amerikanske journalisten Walter Lippmann sa alt i 1919: Eit samfunn som ikkje er i stand til å avsløra løgner, kan ikkje vera fritt.

Publisert: