Puccini til folket!

Denne helga set Opera Rogaland opp sin første, fullskala opera, når Puccinis «Tosca» blir spelt i Sandnes kulturhus lørdag og mandag. Blant anna med eit 16-årig operatalent frå Vigrestad som får vaksne menn til å gråta.

«Tosca» av Puccini går av stabelen på Sandnes kulturhus denne helga og på mandag. Det er store, evig kjensler. Foto: Kjartan/WiFi

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Han der Tobias, seier dirigent Peter Szilvay, og tek seg ein neve peanøtter han omtaler som «middag». Det er 20 minuttar til teppet skal gå opp i Sandnes kulturhus. Ute i foajeen summar det allereie i publikumsforventningar, mens her, bak scenen, svirrar vaksne, svartkledde symfonikarar med fiolinen, valthornet eller bratsjen sin, mens ei gruppe geriljakledde barnesoldatar frå Jæren - me skal koma tilbake til dei - har stått og gurgla ei stund i vannflaskene sine.

Men her sit me altså, i den bitte lille garderoben til mannen som snart skal dirigera Puccinis store opera, og snakkar om Tobias. Nærmare bestemt Tobias Vigrestad Mellemstrand frå Vigrestad, som skal synga rolla som Gjetarguten.

– Då Tobias song her om dagen, begynte tre stykker i det tekniske personalet å gråta. Og så spør du om det gir oss som jobbar profesjonelt noko å jobba med amatørar, smiler Szilvay, og heller innpå litt cola til nøttene.

– Sjølvsagt gir det oss noko. Det gir oss masse.

Det ser kanskje ut som Rebecca Svensen (t.v.), Aline Boganes, Tobias Vigrestad Mellemstrand og Terese Gåsland står og drikk brus. Men nei. Dei bles ut mens dei syng skalaøvingar. Dei varmar opp stemmene til dei skal på scenen i «Tosca». Foto: Anders Minge

Gigantløft

Å setja opp ein opera er eit gigantisk prosjekt. Eit økonomisk løft av dimensjonar. Så stort at du sjeldan ser opera i Rogaland.

Nettopp det har Opera Rogaland IKS prøvd å gjera noko med sidan etableringa i 2014. Opera Rogaland har sett opp utselde operagallaer både i Sandnes og Stavanger, har samarbeida med Den norske Opera om «Barberen i Sevilla» - også den utseld. Men «Tosca» er den første fullskala produksjonen dei er med på frå start til mål.

– Dette er ein milepæl for oss. Men me hadde ikkje hatt råd om me ikkje samarbeidde med andre, seier dagleg leiar Karl Bøe Skogen i Opera Rogaland.

«Tosca» er eit samarbeid mellom Kilden Opera i Kristiansand, Nordnorsk Opera og symfoniorkester, og altså Opera Rogaland - i eit prosjekt som blir vist i tre landsdelar, som involverer tre barnekor, tre symfoniorkester, fire ulike gjetargutar.

– Prosjektet kostar rundt sju millionar. Men sidan me samarbeider, slepp Opera Rogaland unna med rundt tre millionar, seier Bøe Skogen, som både har vore i Oslo og i Rogaland fylkeskommune og argumentert for større løyvingar for å lukkast i ambisjonane sine. Men det er ikkje enkelt.

– For å få statleg støtte, må du visa at du leverer. Men utan pengar kan du ikkje levera. Det er ein klassisk catch 22, seier Bøe Skogen.

Talentutvikling

Opera Rogaland har fleire ulike mål. Dei skal gi opera til folket, men skal også bidra til talentutvikling. Og det er her folk som Tobias kjem inn i biletet - kledd i uniform og kule solbriller.

– Dette er barnesoldatkostymet. Eg er ikkje bare Gjetarguten, eg er med i koret også, forklarer Mellemstrand der han står i stram giv akt.

Tobias Vigrestad Mellemstrand (16) frå Vigrestad har lært å synga opera på Hå kulturskule sidan han var ti år. Ifølgje songlæraren har han ei heilt unik stemme. Foto: Anders Minge

Mellemstrand er altså ungguten som får vaksne menn til å gråta, som får dirigenten til å ta av seg hatten, når han syng.

– Det er ikkje så veldig mange gutar på Vigrestad som går rundt og syng på opera. Men det er eit veksande operamiljø på Jæren, forklarer Mellemstrand.

Sjølv begynte han som elev ved Hå kulturskule for seks år sidan, då han var ti år gammal.

– Eg har alltid likt å syngja, men tenkte at eg skulle syngja pop. Det kom som ei overrasking då songlæraren min ville læra meg opera. Men mor meinte eg burde gi det ein sjanse før eg slutta. Men så viste det seg at det var gildt. Og så blei det bare gildare og gildare.

– Kva er det som er så gildt med å synga opera?

– Det aller beste er at eg får gleda andre med songen min. Men så finst det også så mange typar klassisk musikk. Eg liker best barokk.

Det er viktig å vera korrekt sminka når du først skal vera syngande barnesoldat. Her tek Karine Cortez grep. Foto: Anders Minge

– Heilt spesiell

Songlæraren var i Tobias sitt tilfelle Katrine Imerslund, tidlegare omtalt her i avisa som «Jærens operamisjonær» og sentral i talentprogrammet Ung Opera i Hå kulturskule.

– Tobias er spesiell på fleire måtar, seier Imerslund, og forklarer kva det er med dette unge, jærske songtalentet:

– Han liker, som meg, å jobba teknisk. Og så liker han å få utfordringar. Då kan ein fort bli god, om ein held på ei stund, slik Tobias har gjort.

Men det som gjer Tobias heilt spesiell, er stemma han syng med. For sjølv om han er ein ung mann som er ferdig med stemmeskiftet, syng han sopran - altså den lysaste kvinnestemma. Som mann er ikkje Tobias sopran, men sopranist.

– Det er veldig spesielt at han kjem så høgt opp i registeret. Det finst veldig få slike, på verdsbasis, faktisk, og det gjer han veldig unik. Og så er han spesielt god til å vera så ung, skryt songlærar Imerslund.

Og dermed er ikkje dette første gong Mellemstrand opptrer som solist. Han var til dømes solist på Operagallaen i februar, under kunstnarisk leiing av Elizabeth Norberg Schultz. Han har to gonger vunne 1. pris i sin klasse i Modgardkonkurransen for unge talent innan klassisk musikk.

– Skal du bli sopranist når du blir stor?

– Det er draumen. Det hadde vore heilt fantastisk.

– Men du går ikkje på musikklinja på vidaregåande?

– Nei. Eg går på studiespesialisering. Det har litt med den typen song eg lærer nå. Det er ikkje så mange songlærarar som driv med det, svarer han.

Men kan Tobias bli songar når han blir stor? Songlærar Imerslund er ikkje i tvil:

– Om han vil, kan han definitivt bli profesjonell songar.

Det er litt venting også når du skal setja opp opera. Her bruker Helynne Silvano og Kristoffer Korsvik litt av daudtida til å spela Color Switch. Foto: Anders Minge

Samarbeid

«Tosca» koplar altså profesjonelle songarar og musikarar frå Stavanger symfoniorkester med unge talent frå Hå og klepp kulturskule. Dei har stått der, i barnesoldatuniformane, og sunge skalaøvingar ned i eit røyr i ei flaske full av vatn, slik at musikken bokstaveleg talt boblar fram. Nå begynner dei å bli klare for store kjensler og høge tonar. Dei må bare først høyra kor høgt det smell når kanonen blir fyrt av.

– Eg har jobba mykje i skjæringspunktet mellom proffe og amatørar, og eg er overtydd om at det gir mykje til begge partar, seier produsent Kjetil Falkum:

– Amatørane får noko å strekka seg etter når dei jobbar med proffar, mens proffane får tilført ein heilt spesiell energi og ei umiddelbar glede.

Dirigent Szilvay karakteriserer det som ei gåvepakke å samarbeida med dei unge kora. Men han ser effektar også utanfor scenen:

– Blandinga av proffe og amatører bygger både publikum og musikkinteresse langt utanfor det profesjonelle miljøet. Me skal ikkje spela for kvarandre. Me skal ut til folket, og dei frivillige bringer med foreldre, søsken og andre «pårørande», seier Szilvay.

Evige tema

Og når me først har ein forrektig dirigent her: Kva er det med operaen «Tosca»?

– Det er ei historie som er like aktuell i dag som då han blei skriven. Kjærleik. Maktovergrep. Metoo. Det finst inga datostempling på store kjensler som kjærleik og hat, seier Szilvay, som karakteriserer Puccini som tidenes første musikalkomponist:

– Han får oss til å føla veldig direkte. Det er lett å skjøna kva han er ute etter at du skal kjenna, både i musikken og handlinga. Puccini er ikkje så subtil.

– Det er meint som eit kompliment?

– Absolutt.

Meir opera?

I kulissane vandrar også den daglege leiaren i Opera Rogaland. For kan det bli meir opera i Rogaland? Det kjem an på pengane. Opera Rogaland har vore på statsbudsjettet sidan 2016, men har ifølgje Bøe Skogen hatt langt lågare løyvingar enn tilsvarande regionale operaselskap. I forslaget til neste års statsbudsjett er løyvinga til Opera Rogaland auka med ein halv million kroner.

Men det trengs meir. Bøe Skogen kjempar for å få opp dei statlege løyvingane, men då trengs sannsynlegvis også eit større engasjement frå Rogaland fylke.

– Me skal i møte før jul. Så får me sjå, seier Bøe Skogen, før teppet går opp og Puccini slepp laust på folket.

Les også

  1. - Æg ska bli operasangar!

Publisert:
  1. Opera (musikk)
  2. Sandnes
  3. Sandnes kulturhus
  4. Klassisk musikk
  5. Musikk

Mest lest akkurat nå

  1. Sirdal-ordfører: – Kan i verste fall ta dager før strømmen er tilbake

  2. Skjenking må vente. Barna får lettelser. I neste uke blir det dag for dag-vurderinger

  3. Slåssing utenfor ungdomsklubb på Bryne

  4. Travel dag for eieren etter at naustet knelte

  5. Dette er den nye tv-serien du skal sjå

  6. – Vi må nok bruke dagen til å måke oss ut av hytta