Dei tilsette kritiske til sjefsjakta på Sølvberget

Dei tilsette på Sølvberget meiner det burde vore lengre søknadsfrist på sjefsjobben - og stadfestar bekymringa for at det er avgjort på førehand kven som får jobben.

Publisert: Publisert:

Linn Tønnessen representerer dei tilsette i Sølvberget-styret. Ho har fått mange reaksjonar både frå tilsette og folk utanfrå på framgangsmåten for å finna ny sjef til Sølvberget. Foto: Ulrikke Valvik Mitchell

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Dette er ein kjempejobb som burde tiltrekka seg søkarar frå heile landet. Ein burde hatt meir is i magen og teke seg betre tid for å sikra at ein fekk dei beste søkarane, seier Linn Tønnessen, tilsetterepresentant i styret ved Sølvberget.

Tysdag skreiv Aftenbladet om jakta på ny bibliotek- og kulturhussjef på Sølvberget. Tidlegare hovudjegar Elin Ørjasæter er kritisk til at stillinga ikkje er lyst ut på Finn.no eller i papiraviser, og ville også hatt lenger søknadsfrist enn 13 dagar. Denne kritikken stiller også dei tilsette ved Sølvberget seg bak.

– Eg har fått reaksjonar både frå dei tilsette og frå folk utanfrå, som både reagerer på den korte fristen og den smale utlysinga. Denne bekymringa har eg meldt vidare til styreleiar Hilde Karlsen, seier Tønnessen.

– Lyttar til HR

Karlsen sa i går til Aftenbladet at ho følgjer råda ho har fått frå HR-avdelinga i Stavanger kommune om rekruttering, og at om dei ikkje får mange nok og gode nok søkjarar, blir det ein ny runde.

Men Tønnessen fortel at både tilsette og folk utanfor huset reagerer på same måte som Ørjasæter over ein så avgrensa prosess for å finna ny kulturhussjef:

– Særleg utanfor huset tolkar folk det som om det allereie er bestemt kven som skal få jobben når ein gjer det på denne måten, seier Tønnessen.

Ho og dei andre tilsette på Sølvberget meiner jobben som bibliotek- og kulturhussjef er ein heilt sentral jobb i kulturlivet i Stavanger. Tønnessen har også fått reaksjonar på ordlyden i annonsen.

Søker kontorsjef?

– Det ser ut som dei søker etter ein kontorsjef, ikkje ein kulturhussjef. Dei skjønar tilsynelatande ikkje at dette er ein jobb der du må ha brei kompetanse innanfor kultur. Du skal utvikla eit bibliotek, driva eit litteraturhus, jobba med ytringsfridom, ha eit redaktøransvar for eit kulturelt innhald i landets fjerde største by. Det er ikkje småtteri, seier Tønnessen, og peikar på at det er veldig sjeldant at denne typen jobbar blir lyste ut

Tønnesen meiner det er kjempeviktig at Sølvberget får dei best mulige søkarane til toppstillinga. Men for å få det til, meiner Tønnessen ein bør bruka betre tid og gå breiare ut enn nettannonse på Sølvbergets heimesider og hos Nav, samt fire dagar med bannerannonser på Aftenbladet.no.

– Me må ha ein leiar som er fagleg oppdatert og god på heile kulturfeltet. Me vil jo ha den beste til Sølvberget, avsluttar Tønnessen.

Blir politisk sak

Sjefsjakta på Sølvberget har også skapt reaksjonar i det politiske miljøet. Kristoffer Sivertsen (FrP) reagerer kraftig på Aftenbladets sak, og vil løfta henne inn i onsdagens møte i Kommunalstyret for kultur og idrett.

– Kritikken Ørjasæter reiser mot prosessen er såpass alvorlig at eg vil be om ei utgreiing rundt rekrutteringsprosessen, seier Sivertsen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 17 flygninger til Norge med koronasmitte

  2. – Du skal ikke ha kniv fra Ikea, sier far

  3. Har mest sannsynleg blitt smitta her i regionen

  4. Tesla målt til 221 km/t: Eieren får førerkortet beslaglagt inntil mai neste år

  5. For farlig å dykke i elva nå, håper på lavere vannstand

  6. Kjørte i 108 i 60-sonen ved flyplassen - mistet førerkortet

  1. Elin Ørjasæter
  2. Stavanger kommune
  3. Kultur
  4. Sølvberget kulturhus