Fribyens forkjempar
Friby-direktør Helge Lunde jobbar for verdas fridomskjemparar og trøbbelmakarar. Ikkje på barrikadane, men i kulissane.
- Jan ZahlKulturjournalist
– Dei mest spesielle og sensasjonelle sakene våre kan me ikkje snakka høgt om. Me er ikkje på barrikadane, men må halda oss i kulissane for å få ting til, seier Icorn-direktør Helge Lunde.
Dei fem siste vekene har Aftenbladet publisert sin store serie «Forbudte stemmer», både i form av avisartiklar og podkastar. Me har møtt fem kunstnarar, journalistar og intellektuelle som har måtta flykta frå heimlandet fordi dei blei forfølgde for ytringane sine. Først har me møtt dei i deira nye, trygge by, sidan har me reist til landet dei måtte forlata, for å møta dei som blei igjen.
Ord er farlige. Du kan dø av dem
Uroa på Cuba veks – les om han som måtte flykta frå det harde regimet
Trudde dei skulle skyta han og dumpa han i ei grøft
Mysteriet i Colombo
Leia frå Stavanger
Bak desse fem står Helge Lunde og kontoret han leiar på Sølvberget. Fribynettverket Icorn blir leia frå Stavanger, og omfattar nærmare 60 byar. Dei har hjelpt nær 200 forfølgde forfattarar - blant anna ein vinnar av Nobels litteraturpris og ein vinnar av Nobels fredspris - i løpet av dei 11 åra det har eksistert.
– Nettverket kjem til å veksa. Me fekk ti nye byar i fjor. Det er ei vekking på gang i USA, der Pittsburgh er ein pådrivar. Det ligg i sakas natur at når det går verre for ytringsfridomen rundt om i verda, vil fleire engasjera seg for å verna om ytringsfridomen. Målet vårt er å ikkje veksa for fort, men me kjem til å runda 100 byar om få år, seier Lunde.
– Kor sært er det at dette internasjonale nettverket blir styrt frå Stavanger?
– Det er litt tilfeldig. Samtidig har det vore ein vilje her heilt sidan 1990-talet. Stavanger blei Norges første friby, gjennom eldsjeler som Harald Hermansen og Kapittel-festivalen. Sidan kom kulturhovudstadsåret med sitt motto «Open Port», og tydeleg støtte frå både Leif Johan Sevland og nå Christine Sagen Helgø. Det blei rett og slett naturlig at Stavanger blei sentrum, svarer Lunde.
Tøffe ytringstider
Korleis står det til med ytringsfridomen for tida? Det globale biletet er ikkje spesielt lystig: I Tyrkia, Kina, fleire afrikanske land og i Midt Austen går utviklinga feil veg. Men også i europeiske land som Ungarn, eller i Russland, har det frie ordet stadig vanskelegare kår. Sist, men ikkje minst: USAs president Donald Trump har ikkje akkurat stått fram som nokon sterk forkjempar til dømes for den frie pressa eller fakta.
– Samtidig finst det positive trekk. Tilbakeslaga blir følgde opp av at motkreftene mobiliserer, som i USA. Og mens mange frykta for utviklinga i Europa etter Brexit og Trump, for kva som kunne skje i Nederland, Frankrike og Tyskland, så gjekk det ikkje slik pessimistane frykta. Eg har fått større tru på dei demokratiske måtane å handtera truslane mot ytringsfridom og menneskerettar dei siste månadene enn eg hadde for eit halvt år sidan, seier Lunde.
Mange av oss har nok tenkt at verda ville gå framover, etter hundreår med blodige konfliktar og undertrykking. At stadig fleire land på eit gitt tidspunkt ville innsjå styrken i demokratiet, i menneskerettar og liberale verdiar. Utviklinga i det siste tyder på at det ikkje er så enkelt, at verda ikkje nødvendigvis går lineært framover, men at utviklinga like gjerne er syklisk; at ein vender tilbake til tidlegare tiders tabbar; til populisme, nasjonalisme, ekstreme høgrekrefter og undertrykking av det frie ordet, opposisjon og motargument.
– Det er mykje eg ikkje skjønar av utviklinga. Det er tydelegvis ikkje automatikk i at det går bra med menneskerettar og ytringsfridom. Me meiner statar må halda fast på desse verdiane. Ytringsfridomen er demokratiets andedrett. Det er livsviktig, seier Lunde.
Høyr podkasten «Forbudte stemmer»
Tilbakeslaga
Han ser at det tydelegvis kan vera fristande for makthavarar å halda nede desse verdiane for å nå andre mål på kort sikt.
– Me åtvarar styresmaktene i mange land, ikkje bare i Afrika og Asia, men også i land som Ungarn eller USA, om at dette kan slå grusomt tilbake.
Lunde meiner det er skremmande å sjå kva som skjer i land som Burma, der menneskerettsbrota aukar, utan at den profilerte menneskerettsforkjemparen Aung San Suu Kyi kan gjera noko. Like skremmande er det som skjer i Tyrkia, som i Den arabiske våren blei halde fram som dømet på at det går an å kombinera demokrati og islam. Nå går president Erdogan i stadig meir autoritær retning - og får attpåtil støtte på vegen i folkeavstemmingar.
– Er det ikkje paradoksalt at folk går til urnene og støttar regime som blir stadig meir autoritære og stadig mindre liberale?
– Dette er det store, populistiske dilemmaet i verda. Når viktige, grunnleggjande menneskerettar som mat og ly er på plass, kan det virka som om enkelte ser på ytringsfridomen som ein luksusrett. Her kviler det eit stort ansvar både på enkeltindividet og utdanningssystemet. Men me må nesten tru på det gode og opplyste mennesket, svarer Lunde.
I skuggen av døden
Byens nye rolle
Noko av det interessante som er i ferd med å skje, er å sjå korleis byar har begynt å koma på arenaen når statar og statsleiarar sviktar. Når president Trump seier han skal gå etter immigrantar, reiser fleire amerikanske byar seg og seier dei vil garantera ly. Når Trump går ut av Paris-avtalen, lover store byar som New York og Los Angeles at dei vil halda fast ved den internasjonale overeinskomsten rundt klima - og vel så det.
– Vår visjon har heilt frå starten av vore at byar kan gjera ting nasjonalstaten ikkje kan gjera. Det ser me meir konkret og aktualisert i USA nå enn nokon gong før, seier Lunde.
Då fribynettverket feira 10-årsjubileum i Paris i fjor, var tittelen på hovudtalen, levert av nå avdøde Benjamin Barber: «Går vegen til å endra verda gjennom rådhuset?»
– Barber var ein revolusjonær type. Han meinte vegen til ei betre verd går gjennom byane. Dei store byane har dei store problema tett på, men er dermed også tett på til å bidra til å løysa dei, enten det handlar om migrasjon, miljø eller kriminalitet, seier Lunde.
Globalt nettverk
Barber la grunnlaget for det globale bynettverket «Global parliament of mayors», som skal ha samling i Stavanger i september. Då kjem 80–100 ordførarar frå heile verda til byen - i Barbers and.
– Byane får nye roller, ikkje bare som del av nasjonalstatar, men som eigne aktørar, seier Lunde.
Utfordringa og avgrensinga for byane, er at dei ligg under nasjonalstatens lovverk. Ikkje minst gjeld dette migrasjon og flyktningar.
– Ein by kan ikkje invitera kven dei vil, men treng statleg godkjenning. Det kjempar me med heile tida i fribynettverket, seier Lunde.
Konkret og symbolsk
«Ytringsfridom» og «menneskerettar» kan fort bli luftige og store ord ytra i festtalar og på velmeinande seminar der alle er einige om Det gode. Men akkurat fribyordninga er konkret arbeid på bakkenivå for den gode saka: Ein hjelper éin og éin truga person ut av heimlandet og gir vedkomande ly og ein sjanse til å halda fram arbeidet sitt i ein trygg by.
– Ordføraren i Paris, Anne Hidalgo, står sjølv i spissen for fribyarbeidet i den franske hovudstaden. Ho seier Paris har teke imot flyktningar i hundrevis av år, men at det fine med fribyordninga er at du får kombinert det heilt konkrete med det symbolske. Gjennom å vera med i ordninga understrekar Paris gjestefridom, solidaritet og ytringsfridom - verdiar byen held høgt, seier Lunde.
Paris var ein av byane me besøkte i Aftenbladets store fribyprosjekt. Der bur den iranske teiknaren Mana Neyestani, som blei fengsla etter å ha teikna ei uskuldig barneteikning der ein kakerlakk uttaler eit fatalt «Hæ?».
Hjelper dei som blir
Lunde ser ein tilleggsverdi i fribyordninga. For faktisk kan det vera viktig også for dei som ikkje blir henta ut og får tildelt ein friby.
– Den tyrkiske forfattaran Orhan Pamuk har sagt at han truleg ikkje vil reisa i eksil - men at vissa om at det eksisterer eit system som kan hjelpa om situasjonen skulle bli for ille, gjer at han kan tora å seia og gjera meir enn han elles kunne, seier Lunde.
Fribyordninga kan altså vera til hjelp både for dei som dreg og dei som blir igjen - som jo er den store majoriteten.
– Og det er jo desse folka - fridomskjemparane og trøbbelmakarane, dei som tør å seia ifrå sjølv om det er farlig - som er heile grunnen til at me finst, avsluttar Lunde.