E-bokprosjekt avslutta før det begynte

Kulturrådets prøveprosjekt for utlån av e-bøker blei avslutta før alle biblioteka som skulle vera med på prosjektet hadde kome i gang. Likevel vil ikkje Kulturrådet karakterisera prosjektet som mislukka.

Publisert: Publisert:

Eigentleg skulle Ryfylkebiblioteket ha kome i gang med utlån av e-bøker i februar 2012. Men på grunn av tekniske problem, skjedde det ikkje før i desember – to veker før Kulturrådets e-bokprosjekt blei avvikla. Her biblioteksjef i Forsand kommune Nina Olaussen (t.h.) saman med kultursjef og prosjektleiar Eva Landre Meling i Strand kommune. Foto: INGVILD LYGREN-JUNGE

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

— At Kulturrådets prosjekt ikkje blir vidareført er ein tragedie. Nesten ingen har fått starta opp utlånet, me fekk 14 dagar i 2012. Det er veldig, veldig trasig, seier Nina Olaussen, biblioteksjef i Forsand kommune.

Les også

Biblioteka i digital bakevje

Forsand er eitt av seks bibliotek som til saman dannar Ryfylkebiblioteket. 13. desember blei dette det andre biblioteket i Norge som kom i gang med utlån av e-bøker til sine innbyggjarar, etter at Buskerud fylkesbibliotek kom i gang i oktober. Men dei fleste av dei få biblioteka som skulle vera med på Kulturrådets e-bokprosjekt hadde ikkje kome i gang då det rett før jul blei klart at prosjektet ikkje blir vidareført i 2013. Biblioteka får dermed ikkje tilgang på fleire e-boktitlar gjennom Kulturrådets innkjøpsordning, og dei rundt 160 e-boktitlane som blei kjøpt inn i 2012 er bare tilgjengelege for utlån fram til 1. juli.

Suksess?

— Me meiner prøveprosjektet på mange måtar har vore ein suksess, sidan partane har snakka saman og me har kome i gang, seier konstituert seksjonssjef Arne Vestbø i Kulturrådet.

Me meiner prøveprosjektet på mange måtar har vore ein suksess

— Korleis kan du rekna prosjektet som vellukka når det blir avslutta før det har kome i gang?

— Utlån av e-bøker er ein viktig del av prosjektet. Men for vår del handlar dette også mykje om administrative og logistiske utfordringar. Me meiner me står mykje betre rusta til å handtera innkjøp av e-bøker – når det måtte koma, svarer Vestbø.

Kulturrådet har ei viktig oppgåve for spreiinga av norsk litteratur. Kvart år kjøper Kulturrådet inn 1000 eksemplar av alle skjønnlitterære vaksenbøker som held tilstrekkeleg høgt litterært nivå. Bøkene blir så sendt ut til landets bibliotek. Dette sikrar eit breitt utval av bøker i heile landet. Av fysiske bokeksemplar, vel å merka. Prøveprosjektet med e-bøker gjekk ut på at 30 av dei 970 eksemplara var elektroniske.

Men før jul ville Forleggjarforeininga og Forfattarforeininga ha endra vilkåra for å bli med vidare; endringar dei ikkje fekk gehør for verken hos Bibliotekforeininga eller Kulturrådet. Dermed bestemte Kulturrådet seg for ikkje å forlenga.

Problemet

— Kva er eigentleg problemet? Er det forlaga, forfattarane – eller mangelen på ein digital kulturpolitikk?

— Litt av alt. Det er vilje til dialog mellom partane, men når du kjem til dei konkrete løysingane, blir det vanskeleg. Forfattarar og forlag sit med rettane, og er redde – kanskje for redde – for å testa ut nye ting. Biblioteka har sitt perspektiv og sitt oppdrag i Biblioteklova, men verkar mindre redde for rettane til forlag og forfattarar, svarer Vestbø, som også peikar på det politiske nivået:

Det er vanskeleg å sjå kven som har ansvaret for kva.

— Det er vanskeleg å sjå kven som har ansvaret for kva. Kommunane eig folkebiblioteka. Er dette dermed Kommunanes sentralforbunds ansvar? Er det Nasjonalbiblioteket? Kulturdepartementet?

E-bok = teneste

Eit anna politisk problem er at e-bøker ikkje er tekne inn i Andsverkslova, men er definert som ei teneste. Dermed er dei heller ikkje definert inn i biblioteka, har moms, mens fysiske bøker er momsfrie.

— Uansett er det ikkje Kulturrådets oppgåve å driva bokbransjen. Innkjøpsordninga står bare for 30 prosent av "marknaden" på biblioteka. Dei 70 siste står biblioteka sine eigne innkjøp for, og denne kommersielle biten må på plass også for e-bøker, seier Vestbø.

Dermed er me tilbake hos Ryfylkebiblioteket, som har fått prosjektmidlar frå diverse kjelder for å utvikla sitt prosjekt. Vil dei nå kjøpa inn e-bøker sjølv når dei ikkje får fleire frå Kulturrådet?

— Me tel på knappane. Kjøper me ei e-bok, kostar ho nesten like mykje som ei fysisk bok – men me får bare ha lisensen i tre år. Det er forstemmande. Begynner me å kjøpa e-bøker nå, blir det som å akseptera desse vilkåra – som me ikkje syns er haldbare, seier Olaussen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tre personer fra Stavanger testet positivt for koronaviruset etter å ha reist med Color Line

  2. Viking har signert ny keeper

  3. Venter på klarsignal til Ryfast-innkreving

  4. Bergelands­tunnelen blir stengt fra mandag til jul: – Veldig omfattende oppgradering

  5. Fem nye smittet og to innlagt med korona i Stavanger: – Vi er forberedt på flere smitte­tilfeller

  6. Slik blir den nye benken ved Ruten