– Knusande og uetisk bok-kåring

Forfattar Odveig Klyve meiner kåringa av «Tidenes rogalandsbok» offentleg underkjenner arbeidet til over halvparten av fylkets aktive og nolevande forfattarar. Juryleiar Stine Honoré er ueinig, og meiner kåringa er eit uhøgtideleg prosjekt.

Publisert: Publisert:

Odveig Klyve meiner prosjektet med å kåra «Tidenes rogalandsbok» diskvalifiserer heile forfattarskap til levande rogalandsforfattarar, og at prosessen er uetisk. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Det er alvorleg og veldig trist, skriv Klyve i eit debattinnlegg i Aftenbladet.

Som ein del av det nasjonale bokåret 2019, har Kapittel-festivalen og Kiellandsenteret teke initiativ til å kåra «Tidenes rogalandsbok», saman med Aftenbladet. Søndag 2. juni går fristen ut for publikum til å stemma fram ei kortliste etter at ein ekspertjury har plukka ut ei langliste på 50 bøker. I neste omgang skal bøkene på kortlista presenterast i Aftenbladet gjennom sommaren, før publikum stemmer fram ein vinnar. «Tidenes rogalandsbok» blir annonsert på Kapittel-festivalen i september.

Les også

Ny kåring børster støv av lokale forfattere

– Offentleg underkjenning

Men no kjem det tydeleg kritikk av prosjektet, frå ein prominent forfattar og poet busett i Rogaland - som ikkje har fått ei bok med på langlista over dei 50 beste.

– 54 prosent av ei yrkesgruppe på om lag 70 aktive, nolevande forfattarar i Rogaland, har fått livsverket sitt offentleg underkjent av ei såkalla ekspertgruppe. Kva anna yrkesgruppe ville akseptert ei slik behandling? spør Klyve. Ho trur det kjennest ganske knusande for fleire å få «forfattarskapen sin overkøyrd på denne måten i det offentlege omdømmet», som ho skriv.

– Dette er ikkje berre ein uskuldig leik for å få fleire klikk og skapa ein brei diskusjon om lokale forfattarar. Det er eit forakteleg spel med aktive forfattarskap, skriv Klyve, som også meiner det er svært underleg at eitt av jurymedlemmene - Terje Torkildsen - har akseptert at ei av hans eigne bøker står på langlista.

– Eg skjønar ikkje at ei seriøs avis, to forfattarsenter og ein jury ikkje oppdagar kva dei har gjort, skriv Klyve.

– Ikkje underkjenning

Juryleiar og leiar av Kiellandsenteret på Sølvberget i Stavanger, Stine Honoré, er ikkje einig i at langlista representerer ei offentleg underkjenning av halvparten av fylkets aktive forfattarar.

– Då hadde me ikkje gjort det. Me hadde ei liste på over 140 forfattarar i utgangspunktet. Kvart jurymedlem fekk velja 20 bøker kvar. Så har det blitt denne lista, seier Honoré.

Stine Honoré avviser at langlista på 50 rogalandsbøker representerer ei offentleg underkjenning av forfattarane som ikkje er på lista. Foto: Jarle Aasland

Ho meiner «Tidenes rogalandsbok» er ei uhøgtideleg kåring, der målet er å få merksemd rundt rogalandslitteraturen og få folk til å lesa. Det har vore eit poeng for juryen å ha med tidsspennet heilt frå dei eldste titlane, å ha forfattarar frå heile fylket, så jamn representasjon som råd på kjønn og målføre.

– Det var mange omsyn å ta då me skulle koma fram til ei representativ liste, seier Honoré.

– Klyve kallar konkurransen eit forakteleg spel med aktive forfattarskap og karakteriserer prosessen som uetisk?

– Å ikkje stå på langlista betyr ikkje at ein underkjenner forfattarskapet. Det betyr bare at me har så mange gode forfattarskap i fylket at me ikkje fekk alle inn på lista.

– Er det problematisk at eitt av jurymedlemmene har ei bok på langlista?

– Ja, det er vel eigentleg det. Me hadde ein samtale om langlista på eit bokarrangement på Sølvberget i mai. Då var det eit innspel frå publikum at Torkildsens bok burde vera med, sidan ho blir lesen av så mange.

– Uhøgtideleg kåring

– Det er fint at Klyve skriv dette innlegget. Då får me ein debatt om lokal litteratur. Samtidig viser det at det ikkje er lett å ha ei slik kåring, seier Honoré.

Ho er einig med Klyve i at ein ikkje kan bestemma kva som er god og dårlig litteratur gjennom ei avstemming:

– Det ligg litt i heile denne kåringas natur at det må vera litt uhøgtideleg. Ein bestemmer ikkje med eit klikk på nettet om ei bok er god eller dårlig.

Honoré var førebudd på at det ville koma reaksjonar frå forfattarar som ikkje kom med på langlista, men hadde venta fleire reaksjonar frå lesarar, som sakna sine favorittar.

– Har de fått reaksjoner frå skuffa forfattarar?

– Ikkje direkte til oss. Men eg har høyrt om det og sett på Facebook at det er diskusjonar om kven som er med og ikkje. Me kunne ikkje venta at det ikkje blei diskusjon. Men det viktigaste for oss er å seia at dette ikkje er noko underkjenning av forfattarskap.

Les også

Odveig Klyve: «Tidenes rogalandsbok – leik eller alvor?»

Les også

Skal kåra tidenes rogalandsbok

Les også

Hvem er favoritten din? Kielland? Renberg? Noen helt andre?


Publisert:

Tidenes rogalandsbok

  1. Endelig – i dag får vi vite hvilken bok som er Tidenes rogalandsbok

  2. Siste frist: Stem på Tidenes rogalandsbok

  3. Tidenes rogalandsbok: Winters vittige alvor

  4. Tidenes rogalandsbok: Renbergs glade tragedie

  5. Romanen som stakk seg ut frå alt mylderet

  6. Tidenes rogalandsbok: Rapport frå år 2480

Les også

  1. – Aftenbladets tegnekonkurranse er en forfeilet tradisjon

  1. Tidenes rogalandsbok
  2. Litteratur
  3. Bøker
  4. Kapittelfestivalen
  5. Sølvberget kulturhus