Katastrofe-roman frå 1920-talets Midtvesten

BOK: Uvant blikk på fellesskapet, men kva seier det eigentleg?

Publisert: Publisert:

Kate Southwood er aktuell med romanen «Falle til jorden». Foto: Solum Bokvennen

  • Kristin Auestad Danielsen

Grade: 4 out of 6 stars

Kate Southwood: Falle til jorden. Roman. 262 sider. Omsett av Pål F. Breivik. Solum Bokvennen.

Kate Southwood er busett i Noreg og gir ut bøker i USA. “Falle til jorden” har fått positive bokmeldingar i amerikansk presse og no utgjeven på det sympatiske forlaget Solum Bokvennen. Boka tematiserer korleis naturkatastrofe påverker eit samfunn etterpå. Det hjelper ikkje at tornadoen rammar vilkårleg når samfunnet er djupt kristent og ein lærer at Guds vilje har ei meining. Southwood legg fram ein hard moral der det må vere ei jamn fordeling i skuld og tap for at samfunnet skal byggast opp igjen.

Southwood skildrar tornadoen som rammar Marah, ein liten by i Midtvesten 18. mars 1925. Vi blir kjende med familien Graves som er den einaste familien som ikkje mister hus eller familiemedlemmer. Det veks fram ei skuldkjensle i familien over at dei er dei einaste som ikkje lid tap og dei blir meir og meir isolerte frå resten av byen, som har nok med å begrave sine døde og flytte inn i midlertidige bustader. Når mannen i huset i tillegg tener gode pengar på å bygge kister til dei døde og å gjenoppbygge byen, så renn det over for lokalbefolkinga. Korleis kan denne familien vere så heldige når alle andre blei ramma så hardt?

Southwoods karakterar er sympatiske, flittige, kristne, kvite folk i Midtvesten som lærer ungane sine rette verdiar, tener pengar og held huset reint og koseleg. Det er som eg kjenner desse folka frå oppveksten, skildring frå bøker og filmar, kristne snille folk som må hjelpe indianarar eller svarte og fattige. Dei er er gjerne forvirra over sine eigne privilegier og det er ei uskuld over dei, eit sympatisk herrefolk, som gjer lesaropplevinga mi ein smule nostalgisk.

Southwood vekslar mellom skildringar av den spesifikke familien og samfunnet utanfor. Skildringane av familien Graves er fulle av detaljar medan skildringane av resten av samfunnet er meir generelle, sjølv om her også er gode observasjonar og detaljar. Eg hadde gjerne sett at det var eit mindre gap mellom familien og “dei andre”. Møta mellom familien Graves og andre folk er no prega av sjokk og avstand. Eg skjønar at Soutwood vil ha denne spenninga, men for meg gjer denne spaltinga lesinga mi ein smule einspora, tung og forutsigbar.

Så skal det seiast at Southwood har spart det beste til slutten. Lesaropplevinga tar seg skikkeleg opp på dei siste 20 sidene. Her er nokre svært slåande scener som skaper gisp og innsikt og som viser korleis sivilisasjon og enkle liv heng saman og påverker kvarandre, og dei verkar sanne og truverdige i dette romanuniverset.

Publisert: