Nært, nedpå og nydelig

TEATER: Få med deg gjestespelet «Uten navn» på Rogaland teater før det plutseleg er for seint.

Publisert: Publisert:

Nils Jørgen Kaalstad fekk Heddaprisen for beste mannlege medspelar for rolla si i «Uten navn». Det skjønar Aftenbladets meldar godt. Foto: Trine Sirnes

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

Uten navn - å miste sine nærmeste

Rogaland teater, Teaterhallen. Av: Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyer. Regi: Mattis Herman Nyquist. Lysdesign og scenografi: Øyvind Wangensteen. Komponist: Gaute Tønder. Med: Nils Jørgen Kaalstad, Alfred Ekker Strande, Gine Cornelia Pedersen, Anne Marie Ottersen. Lengde: 1 time. Gjestespel frå Østfold kulturutvikling og Kulturdråpen. Blir spela til og med 12. november.

Då teaternorge i juni skulle kåra det beste som var framført på norske scenar gjennom det siste året, var Mattis Herman Nyquist og Fredrik Høyers «Uten navn» ein av tre Hedda-nominerte for beste scenetekst.

Det skjønar eg godt.

Då prisane blei delte ut, gjekk Heddaprisen for beste mannlege skodespelar/medspelar til Nils Jørgen Kaalstad, for innsatsen i «Uten navn».

Det skjønar eg også godt.

Ekte historier

«Uten navn» har eit litt uvanleg utgangspunkt. Manusforfattarane har snakka med ei rekkje rusavhengige og pårørande, og så skrive ein tekst basert på desse samtalane. Stykket har altså utgangspunkt i den verkelege verda, i verkelege menneske og historier - samtidig som det er blitt eit eige (kunst)verk.

Ofte skjer det noko i overføringa når ein skal forsøka å festa verkelege menneskes muntlige historier i skrift. (Prøv sjølv. Det er kjempevanskeleg å få gode historier til å fungera på papir.)

Noko av det verkeleg imponerande og fine i «Uten navn», er korleis både tekst og framføring ligg så tett på sånn som me snakkar, sånn som me fortel historier, at du i periodar gløymer at det er skodespelarar som står der og framfører ein tekst dei har pugga. Når Kaalstad står der og er faren til Pål, som blei narkoman og til slutt tok ein overdose, når han «gløymer» kor i historia han var, hoppar litt fram og tilbake i kronologien, øh-ar og eh-ar, vekselvis flirer litt over minna, i den eine augneblinken snakkar om kor bra type Pål var, i den neste sørgjer over at ingen flagga på halv stong, at ingen sa noko då sonen døydde, for så plutseleg å hoppa over til noko heilt anna, så sit du der og trur på han. At det faktisk er faren til Pål som står der. Og at han fortel ei sann historie.

For det er sånn folk fortel historier. Ikkje perfekt, men tidvis stotrande, utan heilt å finna dei rette orda. Ikkje bare trist, men med glimt av varme og humor i tragedien, paradoksale situasjonar, rare minne som plutseleg dukkar opp.

Men det er altså ekstremt vanskeleg både å skriva, regissera og framføra ein tekst som blir akkurat sånn. Så tett på, så nær, så overtydande, så «verkeleg».

Det er dei pårørande perspektiv me møter i «Uten navn», bl a med Gine Cornelia Pedersen (t.v.) og Anne Marie Ottersen. Foto: Trine Sirnes

Pårørandes perspektiv

Det er dei pårørandes perspektiv me møter i «Uten navn». Det finst mange rusavhengige i Norge - men langt fleire pårørande. Her får me møta ein far, ein bror, ei syster, eit barn, ei kone, alle desse som prøver å hjelpa, prøver å forstå, alle dei som blir dregne med i det dragsuget som oppstår når eit menneske går til grunne i rusen.

Dei fire skodespelarane går inn og ut av fleire roller, framfører på overtydande vis kvar sine monologar, kvar sine historier, tidvis i munnen på kvarandre. Dei gjer det mot ein enkel, men flott, lysvegg som heile tida skiftar i fargar og nyansar. Og med ein bevisst bruk av musikk og lyd, tidvis rolig i bakgrunnen, andre gonger høg og intens.

Det er ein stadig diskusjon korvidt teater bør «gå inn i si tid» og seia noko om samtida. Somme tider lukkast ein, enten teksten er gammal eller ny, andre gonger ikkje. «Uten navn» tek opp eit særs viktig tema i samtida, som ein sjeldan ser tematisert på norske scener, og behandlar rus og omsorg nært og nedpå, utan å bli melodramatisk eller moraliserande. Det er nydelig teater enten du er pårørande til nokon som rusar seg eller ikkje.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Helt uvirkelig

  2. Bygdedyret ser ut til å ha gode kår også i sentrale strok

  3. Brann på Bokn er slukket

  4. - Det var grufullt. Eg syns det var dårleg gjort å skriva sånt om ein debutant

  5. Tidligere Bryne-spiller har alvorlig sykdom. Her har han akkurat fullført gåturen fra Bergen til Oslo.

  6. Høie fortsetter i Høyre når han blir fylkesmann i Rogaland

  1. Teater
  2. Rogaland Teater
  3. Anmeldelse
  4. Teateranmeldelse
  5. Scene