Flau og fornøyeleg 50-årskrise

FILM: «Klovn 3. The Final» er ikkje stor filmkunst. Men dryg dansk humor får meg framleis til å le.

Publisert: Publisert:

Du kan vera ganske barnsleg, også om du er ein 50 år gammal mann. Her er klovnane Frank Hvam (t.v.) og Casper Christensen i «Klovn 3: The Final». Foto: Filmweb Per Arnesen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 of 6 stars

KLOVN 3: THE FINAL

Med: Frank Hvam, Casper Christensen, Mia Lyhne, Lars Hjortshøj, Marcuz Jess Petersen, Michael Carøe. Sjanger: Komedie. Regi: Mikkel Nørgaard. Nasjonalitet: Danmark, 2020. 1 time, 35 minutt. Aldersgrense: 12 år.

«Klovn» var lenge ein ganske hemmeleg serie som blei sendt seint på kvelden på TV 2. Eg trur ikkje me var mange som såg på. Me var nok endå færre som bestilte DVD-boksen med alle seks sesongane frå 2005–2009 etterpå.

I ei tid der den flaue humoren hadde fått sitt gjennombrot med «The Office», tok danske Frank Hvam og Casper Christensen han heilt ut. Det fanst ikkje eit tabu dei ikkje kunne laga pinleg komedie av. Det fanst inga grense dei ikkje kunne kryssa.

Eg var så sikker på at så få såg «Klovn» at eg var overtydd om at «Klovn. The Movie» (2010) aldri kom til å koma på norsk kino. Slik gjekk det til at ein handfull av oss bestilte fly til København for å få sett filmen.

Så blei det annonsert at «The Movie» skulle koma til Norge – og filmen slutta å gå i Køben. Men me sende ein e-post, forklarte vårt ærend – og så sette den fargerike kinoen opp ei ekstra visning berre for oss.

Problemet var at «The Movie», akkurat som «Klovn. Forever» (2015) ikkje var så bra som TV-serien. Me lo, bevares, men det blei ganske tydeleg at dei vanvittige ideane var gode nok til halvtimes episodar, men ikkje til ein halvannan times film. Og så var kanskje ikkje humoren like crisp og grensesprengande lenger?

Litt av det same gjeld avslutninga på Klovn-eventyret, «Klovn. The Final». På eitt vis er det ei rekke sketsjar plassert inn i ein langfilm. Ein del av sketsjane vil få deg til å le, om du er av typen som klarer å sjå det komiske i underbuksehumor, kynisme og dverghumor. Men stor filmkunst er det ikkje.

Finalen startar med at den superegoistiske sosiale klossmajoren Frank fyller 50 år – og finn ut at kona vurderer å gå frå han. Den minst like egoistiske mannssjåvinisten – men desto meir sjarmerande – og kompisen Casper har kjøpt billettar til Island dagen etter. Reisa går på ingen måte etter planen, og brorparten av filmen handlar om dei to kompisane innelukka i eit hus – og sidan om brannsløkkinga dei prøver seg på.

Humor er på sitt beste når han tangerer noko verkeleg. Noko av det mest lattervekkande i «The Final» er at dette også er tragisk og viser i all si gru kor ekstremt kleint og latterleg ekstremvarianten av sjølvopptatt Mann (50) ser ut.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dagen før dette bildet ble tatt, fikk Anne Marit og Terje dødsdommen

  2. Gravid kvinne tok ny blodprøve som var negativ. Kommunen mener fortsatt at hun må på avrusning

  3. Tøft for reiselivet i Ryfylkefjordene: – Vil du kjøpe en 150-seters skyssbåt?

  4. Sykepleierleder reagerer på feil bruk av munnbind på flyplasser

  5. Haaland byttet ut med skade

  6. «Donald Trump nekter å bli med i en eksklusiv klubb som vil ha ham som medlem»

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Kino