Sterke svenske tilstandar

TV: Me er framleis i januar. Men eg påstår likevel at «Den tynne blå linjen» er ein av dei beste tv-seriane du vil få sjå i 2021.

Sara er nyutdanna, blåauga og kristen – og møter ei kompleks og utfordrande verd som politi i Malmö. Foto: SVT

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 6 out of 6

Den tynne blå linjen

Originaltittel: Tunna blå linjen. Svensk tv-serie i ti episodar. Premiere NRK1 søndag 21.45, tilgjengeleg på NRK TV. Serieskapar: Cilla Jackert.

«Den tynne blå linjen» er ein politiserie – men samtidig så uendeleg mykje meir. SVTs ti timar lange storsatsing frå Malmös gater er brennande aktuelt samtidsdrama av høgaste kvalitet – og har allereie fått eit millionpublikum og kritikarhyllest i Sverige.

Me møter ei avdeling politifolk i den skånske storbyen. Nyutdanna, blåauga og kristne Sara. Langt meir temperamentsfulle Magnus. Leah og morfaren hennar; ho vil prøva å gjera ein skilnad, han er rasande over ungdommar som naskar og røyker hasj, over avmakta. Snille, snille Jesse, som leiar avdelinga, er far til tre – og nektar å innsjå at ekteskapet hans er over. Berre for å nemna nokon.

Men gjennom desse politifolka møter me også den verkelege verda – svenske tilstandar anno 2021 – på ein måte eg knapt har sett før. Det er overtydande, nyansert, tragisk, morosamt, aktuelt. For når politipatruljane blir kalla ut på oppdrag møter dei – og dermed me – alt det brennbare og kompliserte som pregar vår tid. Ei stor innvandrarbefolkning, fordommar, idealisme, integreringsproblem, kulturkonfliktar, utanforskap, psykiatri, familievald, sosial naud, terrorisme, frykt, narkotika, velmeinande tiltak, fånyttes forsøk.

Alt dette skal politiet prøva å handtera. Mens det heile tida er mobilkamera til stades blant nysgjerrige tilskodarar – gjer du ein feil, hamnar det på nettet. Alt blir heile tida blir kommentert på sosiale medium; noko er fakta, andre ting er basert på fordommar og feilinformasjon. Alt dette – kjeften, rosen, misforståingane, utskjellinga – flimrar også over tv-ruta, som ein slags folkeleg kommentar i sanntid.

Kompleksiteten, mangfaldet, blandinga av suksess og fiaskoar, karakterar som strevar med tvil og tru, feil og sterke sider, både på jobb og privat, gjer det heile svært truverdig. «Den tynne blå linjen» byr ikkje enkle løysingar, men ser absolutt alt frå mange sider. Her er ingen enkle, moraliserande, «korrekte» svar.

«Den tynne blå linjen» er filma, redigert og spelt i eit ekstremt realistisk tv-språk, ofte med handhalde kamera som ligg tett på karakterane og hendingane. Skodespelarane er drivande gode. Du trur du ser ekte menneske, både i hovudkarakterane og alle dei vanlege menneska dei møter.

Til alle som føler dei har sett gjennom heile Netflix og HBO etter snart eit år med koronaisolasjon: Her er den nye tv-serien du skal sjå.

Meldinga er basert på dei fem første episodane.

Publisert:
  1. TV

Mest lest akkurat nå

  1. E39 Rogfast: Sju entreprenører vil bygge Kvitsøytunnelen

  2. Sjokk i britiske medier over Harry og Meghans avsløringer

  3. Sandnes Ulf forsterker med eliteseriespiller

  4. Ni nye smittetilfeller i Stavanger

  5. Utreder nye nasjonalparker i Rogaland: – Jeg sliter med å se fordelene

  6. 25-30 sykehjemsplasser foreslås nedlagt