Bra britisk spiondrama frå Den kalde krigen

FILM: Drivande god Cumberbatch i britisk spionthriller frå då verda verkeleg vippa mot atomkrig.

Benedict Cumberbatch spelar britisk – og litt tilfeldig – spion i «The Courier».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

THE COURIER

Med: Benedict Cumberbatch, Rachel Brosnahan, Jessie Buckley, Merab Nididze. Sjanger: Drama. Regi: Dominic Cooke. Nasjonalitet: Storbritannia, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 51 minutt.

Eg har aldri høyrt om Oleg Penkovsky. Ikkje om Greville Wynne heller, for den saks skuld.

Men eg har høyrt plenty om Den kalde krigen. Og ikkje minst om Cuba-krisen i 1962, då verda stod på randa til full, kjernefysisk krig.

Ja, og så har eg jo høyrt om Benedict Cumberbatch.

«The Courier» er nok ein av alle desse filmane som baserer seg på ekte hendingar – og dermed får ein annan tyngde og emosjonell appell enn fri fantasi. Filmen handlar om den britiske forretningsmannen Wynne (Cumberbatch) som blir verva av britiske MI6 og amerikanske CIA til å vera ein slags kurer for topphemmeleg materiale frå oberst Penkovsky (Nididze), som hadde ein høg posisjon i Nikita Khrusthjovs Sovjetunionen.

Det heile startar eigentleg ganske lyst og lett, ja, til og med britisk, tørt humoristisk. Sidan skal det blir alvorlegare og i siste del ganske så mørkt og med eit heilt anna preg. Men filmskaparane lukkast altså i å ta oss med på denne ferda, bli kjende med hovudpersonane, føla med dei, verkeleg lura på korleis dette går.

Sånn sett er «The Courier» eit ganske klassisk, britisk spiondrama. Filmen er likevel lettare å henga med på enn enkelte spionthrillerar basert på legendariske John Le Carrés romanar, der det kan bli så mykje «smoke and mirrors», som det heiter på spionspråket, at ein lekmann ikkje heilt klarer å henga med dei små, subtile hinta og skjønna kva som eigentleg skjer.

Her heng me med, utan at det som skjer er overforklart. Men det dramatiske, verdspolitiske bakteppet, med atomopprusting og Cuba-krisen, bidreg til å forsterka alvoret og innsikta om at mykje står på spel, både for verda og for enkeltpersonane og familiane deira.

Cumberbatch er rett og slett drivande god i rolla lett overraska forretningsmann som plutseleg står midt i eit storpolitisk spel han knapt forstår. Han får oss til å tru på Wynnes mentale – og fysiske – reise. Få kan spela britisk som Cumberbatch. Tilknappa og korrekt, men likevel med hjarte og samvit – og med britisk understatement.

Oleg Penkovsky (Nididze) var russisk oberst – og spion for Vesten. Greville Wynne (Cumberbatch) var ein av kurerane hans.

Også Nididze er god som den endå meir tilknepte og sovjetiske Penkovsky. Filmen leverer to overtydande og tydelege kontrastar også i portretteringa av London og Moskva. Og eigentleg av Vest og Aust.

Fordelen for oss som aldri har høyrt om verken Wynne eller Penkovsky, er at me ikkje aner korleis dette går. Har du ikkje lese deg opp på dette dramaet før du går på kino, vil du sitja ganske langt utpå stolen og lura på korleis det ender.

Og så kan me jo, slik ein alltid bør med filmar «basert på verkelege hendingar», lura på kva som faktisk er sant og kva som er med for å få filmen til å fungera som film.

Men uansett veit me dette: det blei altså ikkje kjernefysisk krig av Cuba-krisen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Punken var visst ikkje død

  2. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  3. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  4. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  5. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  6. Still­ferdig japansk drama om mor­skapets dilemma

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Film
  3. Mi6
  4. Den kalde krigen
  5. Anmeldelse