Aftenbladets kulturpris 2008 til Hanne Tømta: - Mål oss på kvalitet, ikkje i tal

Avtroppande teatersjef Hanne Tømta syns det er håplaust å måla kunst og kultur i tal. Aftenbladets kulturpris for 2008 får ho for kvaliteten på det Rogaland Teater har levert i hennar sjefstid.

Publisert: Publisert:

Eit teaterprosjekt som «Mann=Mann» ser ikkje bra ut, rapportert inn som publikumstal. Men ser du på korleis det blei mottatt av dei som sat i den halvfulle salen, av kritikarar og av Hedda-juryen, blir biletet eit anna, seier Hanne Tømta.

Denne helga gjekk flyttelasset hennar til Oslo – sjølv om ho kjem til å vera ein god del i Stavanger fram til ho formelt overtar som teatersjef på Nationaltheatret 1. januar 2009. Med seg i sin mentale bagasje har 40-åringen blant anna ein fersk Hedda-pris – norsk teaters svar på Amanda – for Årets teaterprosjekt i 2007, for stykket «Mann=Mann». Ho har akkurat fullført tidenes dyraste norske teaterprosjekt, «Eventyr i landskap», på Lundsneset. Og så får ho altså med seg Aftenbladets kulturpris for 2008. Djerv

I grunngjevinga skriv juryen at Hanne Tømta har vore ein djerv teatersjef som har endevendt teatret, funne nye muligheiter og utfordra både stab og publikum.

– Kva har du tilført Rogaland Teater?

I staden for å svara på spørsmålet, begynner Tømta å snakka om kor luksus det er å vera teatersjef på Rogaland Teater. Ho snakkar om den solide eigenkapitalen, om eit risikovillig og kompetent styre, om dei flinke skodespelarane, om direktøren og staben på teatret.

– No svarer du strengt tatt ikkje på spørsmålet?

– På premieren på Lundsneset, følte eg for første gong på mange år at eg kunne senka skuldrene og tenka: No har eg gjort så godt eg kunne. No får det bare vera.

Hjelp

Tømta har framleis ikkje svart på spørsmålet. Ho treng tydeligvis hjelp. I redaksjonen har me snakka om at Tømta, med si regiutdanning frå St. Petersburg, kanskje tilførte Rogaland noko frå den russiske teatertradisjonen?

– I staden for at skodespelarane heile tida har visst kva rolle dei skulle spela neste gong, har eg meint at det var viktigare å vita noko om kva prosjekt me skulle jobba med framover. Me har liksom vore ein gjeng som har vore saman om noko, om nye prosjekt. I staden for eit solistfokus, har me hatt gruppearbeid. Det er kanskje litt sånn kollektiv, russisk kommunistgreie, svarer Tømta.

– Korleis har publikum merka din russiske bakgrunn?

– Me har jo sett opp russiske stykker og brukt russiske regissørar. Men eg veit ikkje om me har spelt så mykje meir russisk teater enn andre — det har bare vore meir uttalt når me har gjort det, svarer Tømta.

Høgdepunkt

Oppsettinga av Mikhail Bulgakovs «Mesteren og Margarita» i 2005, var eitt av høgdepunkta. Tømta og regissør Yngve Sundvor - også han utdanna i Russland - snudde opp ned på det meste, spelte teater i salen og hadde publikum på scena. Forestillinga var med i grunngjevinga som gav Rogaland Teater Hedda-pris for særlig faglig innsats det året.

–Eg hugsar godt premieren på «Mesteren og Margarita». Då tenkte eg at me hadde fått til noko spesielt, seier Tømta.

Sjølv meiner ho at ho har bygd vidare på arven etter sine to forgjengarar.

– Eirik Stubø hadde eit hardcore, kunstnarisk, gjennomreflektert repertoar - men ikkje alltid dei store publikumstala. Ingjerd Egeberg tok teateret ut blant folk, skapte nye scener og fekk dei som bur i regionen til å føla at dette var deira teater.

Balansegang

Dermed har Tømtas utfordring vore å balansera mellom det kunstnarisk utfordrande og den breie, folkelige apellen.

–Eg er glad for at me ikkje har gjort det lett for oss sjølv. Samtidig som me har spelt «Skyfri himmel» og «Maktå på Straen» - garanterte publikumssuksessar på Rogaland Teater - har me tatt sjansar, der målet bare har vore å treffa nokon, ikkje alle.

Rogaland Teater har eit godt rykte i teaternorge - og har ifølgje Tømta hatt ord på seg for å vera kunstnarisk interessant heilt sidan Kjetil Bang Hansen blei sjef i 1976. – Kva er det som har gjort Rogaland Teater bra?

– At me i snitt har hatt utrulig gode skodespelarar, som Even Stormoen, Sally Nilson, Espen Hana, Glenn André Kaada og Nina Ellen Ødegaard. Mens mange andre teater kan slita med å setta opp Hamlet, fordi dei ikkje har nokon som kan spela hovudrolla, har me til ei kvar tid 3-4 stykker som kan aksla den rolla.

– Kvifor er skodespelarane ved Rogaland gode?

– Fordi dei har jobba ræva av seg. Mens fast tilsette skodespelarar på Oslo-teatra kanskje gjer ein til to roller i året, gjer våre folk fire, seier Tømta og flirer så snusprisen nesten syns.

– Og så har det altså vist seg at ein blir god av å jobba. Og nokre gonger veldig sliten.

Publikum

–Er Stavangers teaterpublikum like avansert som teatret sitt?

–Når 15.000 menneske kjøper billett til noko dei ikkje aner kva er - «Eventyr i landskap» - tyder det på at risikoviljen også er blitt større blant publikum. Eg trur Stavanger 2008 har hatt ein effekt når folk kjøper Jon Fosse-billettar usett og det er fullt på danseforestillingane til Inbal Pinto på Sandnes.

Tømta meiner det viktigaste med at Stavanger er europeisk kulturhovudstad i 2008, er diskusjonsrommet det har opna; at folk har engasjert seg så sterkt, for og imot.

– Er kultur bare garnityr og pynt i oljerike Stavanger, eller stikk det djupare?

–Både og. Samtidig som mykje handlar om kroner og øre og hotelldøgn, føler eg at kultur i større og større grad blir verdsett som andeleg kapital, som ein verdi som skil seg frå botnlinjesfæren, svarer Tømta, som då ho blei teatersjef prøvde å setta i gang eit prosjekt for å måla kultur etter andre indikatorar enn tal, kroner og ører.

– Men det stranda.

– Kva anna fekk du ikkje til?

– Mykje som handlar om leiing. Eg gjennomførte bare to av fire medarbeidarsamtalar. Og så brukte me mykje lenger tid enn eg hadde forventa på å få folk i styre og stell til å skjøna kva Barne- og ungdomsteatret er, og at det treng ressursar.

– Kva har Rogaland teater tilført deg?

– Han som tilsette meg på Nationaltheatret sa: «Då du begynte i Stavanger, fekk du ein jobb du ikkje på nokon som helst måte var kvalifisert for. Til gjengjeld har Stavanger kvalifisert deg for denne.» Det fins ikkje noko teatersjefutdanning her i landet. Men det fins ein stad som heiter Rogaland Teater.

Juryens begrunnelse

_Teatersjef Hanne Tømta ved Rogaland Teater får Aftenbladets kulturpris for 2008. Hun er en djerv teatersjef som har endevendt teatret, funnet nye muligheter og utfordret både stab og publikum. I flere forestillinger er selve teaterrommet forvandlet - som da hun i 2005 startet sin sjefsperiode med å sette opp «Mesteren og Margarita» og gjorde scene om til sal og teatersal til scene. Hun har hele tiden våget å eksperimentere, men har samtidig videreført teatrets tradisjon for bredde. Alt er gjort med krav til kvalitet, noe som har gitt stor oppmerksomhet blant kritikere og teaterfolk, senest illustrert ved at teatret fikk tre Hedda-priseri høst - delt ut i nettopp Rogaland Teater. En kulturpris til Hanne Tømta er også en stor anerkjennelse av staben ved teatret, skuespillere, håndverkere, teknikere, administrasjon og andre som gyver løs på oppgaver som mange større teatre ville vegre seg mot å ta fatt på. I tillegg har Tømta og Rogaland Teater i 2008 virkeliggjort to av de sentrale målsetningene ved kulturhove dstadsåret: Med «Eventyr i landskap» har teatret både tatt kulturen ut i naturen og bidratt til et tett samarbeid mellom internasjonale og lokale kulturarbeidere.

Aftenbladets jury har bestått av multimedieredaktør Sven Egil Omdal og avis- og kulturredaktør Tarald Aano_

Publisert: