Mannen i Vesten - kva no?

BOK: Lesverdig novellesamling om det vestlege paradoks.

Publisert: Publisert:

Amerikanske Jeffrey Eugenides er aktuell med novellesamlinga «Sannhetsvitne».

  • Kristin Auestad Danielsen
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 of 6 stars

Jeffrey Eugenides: Sannhetsvitne. Noveller. Omsett av John Erik Bøe Lindgren. 253 sider. Cappelen Damm.

Jeffrey Eugenides er ein amerikansk forfattar som har gjort suksess med bøker som “The Virgin Suidedes” og “Middlesex”. Denne boka er ei samling med noveller som er publiserte i forskjellige tidsskrift i eit tidsspenn over nesten tretti år. Den eldste novella er frå 1988 og den nyaste er frå ifjor.

Det er fint at novellene er daterte, under lesinga går eg inn i ein leik der eg gjettar meg fram til årstala, årstala pregar lesaropplevinga mi. Eg funderer over forfattarens mogenheit og tema som kan vere “ i tida”, kva som har tolt “tidas tann” og kva tidas tann eigentleg er. Det er forfriskande å lese noveller som er skrivne over eit så stort tidsspenn, sidan vi lever i ei tid der tida mellom produksjon og utgjeving ofte verker nesten umiddelbar.

Her møter vi den barnlause mannen som er invitert som sæddonor til ein insemineringsfest, vi møter den pedofile sexologen som relativiserer pedofili i andre kulturar for å rettferdiggjere sine handlingar og ein mann som har fått besøksforbod mot ekskona og ungane sine, eit forhold som eigentleg starta som ein gest til ein kollega som trengte opphaldsløyve. Novellene tar gjerne for seg ei konkret problemstilling og utforskar slagsidene i ei forteljing. Sånn sett verker novellene svært aktuelle sjølv om eg ser at dei er skrivne for mange år sidan.

Mange av novellene omhandlar menn som ikkje får lov å forsørge familiane sine, som ikkje får til å forsørge familiane sine eller som blir valde bort av kvinner som famliefedre. Sånn sett er det ei novellesamling som kunne hatt tittelen: “Mannen i Vesten - kva no?”.

Favorittnovella mi er første novelle, ei novelle som minner meg om Alice Munro sine noveller, noveller som gjerne skildrar venskapsforhold som går over lang tid. Eugenides bruker den klassiske show don´t tell-teknikken, å vise karakterane sine via handling heller enn forklaring:

“Cathy unngikk å vise seg hjemme hos Della i Grosse Pointe. Hun ville ikke utsette seg for de slitte teppene og de pastellfargede gardinene eller treffe på Dellas republikanerektemann. Hun inviterte heller aldri Della til foreldrenes hus. Det var bedre at de møttes på nøytral grunn, der ingen kunne påpeke hvor forskjellige de var.”

Mange av novellene syns å kretse rundt folk som har nytt godt av det vestlege fridomsidealet for så å få det rett i fleisen. Det som først er ein frigjerande tanke kan bli ein handling med store omkostningar, og eg opplever at novellesamlinga gir interessante bilete på paradoksa i vårt vestlege samfunn.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke i forbindelse med skoleprosjekt

  2. Trener forgrep seg på spiller: Dømt til 15 måneders fengsel

  3. Milliongave til Arboretet - vil lage botanisk vitensenter og knytte seg til forskning

  4. Bodil suste rundt på fester og fløy privatfly i studietiden, men kjente større lykke da sønnen så et fint tre i Røldal

  5. NFF vil åpne for publikum på eliteseriekamper

  6. Mann til sykehus etter arbeidsulykke

  1. Litteratur
  2. Noveller
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse