Eili Harboe debuterer med ungdomsroman

Eili Harboes eigentlege plan var å bli lærar. Men nå debuterer skodespelaren som forfattar, med ungdomsromanen «Tre meter med kniv».

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Korleis går det eigentleg med lærarambisjonane dine?

– Det er jo aldri for seint. Eg føler eg har fått ein liten prøvesmak når eg har vore litt rundt med Den kulturelle skolesekken. Det er jo ei form for undervisning, og veldig kjekt.

Eili Harboe sit og hutrar under Ullandhaugstårnet. Det verka som ein god stad å møtast sist veke, då det var sommar. Men nå er det vinter igjen i Stavanger, med sur nordavind og regndråper i lufta.

Hit opp kjem Lykke, hovudkarakteren i Harboes debutroman, etter råd frå faren, for å få overblikk, for å sjå ting i perspektiv. For det er ikkje heilt enkelt å vera 14 år, og attpåtil forelska.

  1. Eili Harboe har alltid likt å skriva. Denne veka debuterer ho som forfattar med ungdomsromanen «Tre meter med kniv». Foto: Kristian Jacobsen

  2. Frå Ullandhaugtårnet kan du få overblikk, sjå ting i perspektiv, meiner faren til hovudkarakteren i Eili Harboes nye roman. Foto: Kristian Jacobsen

Har alltid skrive

Sjølv om ho har studert seg til bachelor både i engelsk litteratur og kunsthistorie, har det sett ut som Harboe er skodespelar. Ho fekk sitt store gjennombrot i Joachim Triers «Thelma» i 2017, ho var «Shooting Star» på filmfestivalen i Berlin og har vore å sjå i ei rekke filmar og teateroppsettingar. Då koronaen slo til, spelte ho i «Kirsebærhagen» på Det Norske Teatret i Oslo.

Men så viser det seg altså at ho også har brukt tida si på å skriva bok.

– Eg har alltid skrive. Har alltid likt å skriva. Norsk var faget mitt på skolen, seier ho.

Opp av skrivebordsskuffa

Sjølv om ho hadde ein hemmeleg draum om ein dag å senda noko til ei forlag, skreiv ho mest for seg sjølv og skrivebordsskuffa. Dikt. Noveller. Korte tekstar.

– Men så blei eg spurt av Aftenposten om å bidra med eit essay retta mot unge lesarar før jul i 2017. Eg ville gi teksten eit meir skjønnlitterært preg, og fekk lov til det, seier ho.

Etter at teksten hadde stått på trykk, tok to forlag kontakt. Det eine var Samlaget, som Harboe allereie hadde stor sans for, ikkje minst etter at ho skifta hovudmål til nynorsk for fire år sidan.

På Samlaget kom ho i kontakt med redaktør Brynjulf Jung Tjønn, som meinte det kunne liggja ein ungdomsroman i den korte teksten Harboe hadde skrive, om ho utvida og utbroderte meir. Og slik starta samarbeidet som nå er blitt full roman.

Eili Harboe bur i Oslo, men er tettast knytt til heimbyen Stavanger. Foto: Kristian Jacobsen

Prøving og feiling

– Det har vore mykje prøving og feiling. I starten var alt veldig fragmentarisk og usamanhengande. Men så losna det. Plutseleg visste eg kva det skulle handla om og kva dette var.

– Kva er forskjellen på ein ungdomsroman og ein roman?

– Eg håper det ikkje er så stor forskjell i dette tilfellet. Unge lesarar er målgruppa, men eg håper folk på tvers av alder kan ha utbytte av å lesa. Men det blir meir nostalgisk for vaksne, kanskje.

I boka er det Lykke på 14 år som fører ordet, og me får sjå familien, klassen og vennene gjennom henne. Og, ikkje minst, Simeon, guten ho forelskar seg i, mens kroppen står i ein slags hormonell brann.

– Korleis set du deg inn i hovudet til ein 14-åring?

– Eg er så ung at eg framleis hugsar mange av mine eigne opplevingar frå den tida, og har basert meg ein del på det, seier ho med eit smil:

– Lykke observerer verda rundt seg, dei vaksnes verd, som ho framleis ikkje er ein del av. Ho er i eit slags limbo mellom barn og vaksen.

Harboe bur strengt tatt i Oslo, der det finst mest jobb for folk som driv med teater og film. Men ho er tettast knytt til Stavanger, er her så ofte ho kan, og merkar korleis minne, bilete og assosiasjonar dukkar opp når ho er heime.

Snart skal Eili Harboe få prøva seg i ei heilt ny rolle. Som mor. Foto: Kristian Jacobsen

Fjortisbobla

– Du lever i ei boble når du er 14. Heile verda var å gå på ungdomsskolen, vera saman med vennene på fritida, bruka ekstremt mykje tid saman.

– Det er ein kaotisk periode av livet?

– Ja. Det er vanskeleg å skilja ut kva som er viktig og ikkje, kva ein skal bry seg om. Det er lett å bli distrahert, tankane går i alle retningar, svarer Harboe, som er oppteken av å ta dei unge karakterane sine på alvor, på å få dei til å stå fram som ekte menneske.

Harboes framtidsplanar er ei blanding av usikre og veldig tydelege. Ho er permittert frå Det Norske Teatret. Fleire av filmprosjekta er sett på vent på ubestemt tid.

Samtidig er ho i startfasen med eit nytt bokprosjekt. Og så avslører den struttande magen at det ikkje er lenge før Harboe skal få prøva seg i ei heilt ny og omfattande rolle. Som mor.

Publisert:
  1. Roman
  2. Litteratur

Mest lest

  1. Kvinne ringte nødtelefonen 20 ganger, hundebråk, fyllebråk, slåssing og biltyveri

  2. Hun hatet naturen. Så bestemte hun seg for å gå tur i minst en halvtime hver dag

  3. Én ny person med koronasmitte i Stavanger siste døgn

  4. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke