Eit stykke for alle som er, har vore eller planlegg å bli gift

TEATER: Ekteparet Nina Ellen Ødegård og Anders Dale gnistrar som ekteparet Marianne og Johan i Rogaland teaters «Scener fra et ekteskap».

«Scener fra et ekteskap» byr både på smil, tårer, kjærleik, svik og komplikasjonar. Omtrent som eit vanleg ekteskap, altså. Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Scener fra et ekteskap

Rogaland teater, Hovedscenen. Av: Ingmar Bergman. Omsett og bearbeida av: Arne Lygre. Regi: Kjersti Horn. Scenografi og kostymedesign: Sven Haraldsson. Lyddesign: Erik Hedin. Lysdesign: Trygve Andersen. Maskør: Jill Tonje Holter. Med: Nina Ellen Ødegård og Anders Dale. 2 timar og 40 minutt, utan pause.

Eg kan like gjerne innrømma det, først som sist: Eg har aldri vore nokon stor fan av Ingmar Bergman. Kanskje var eg for ung då eg prøvde å sjå filmane hans. Kanskje er eg for enkel. Men eg tykte det blei for pretensiøst, for kjedeleg.

Så korleis skulle det gå når eg skulle sjå teaterversjonen av Bergmans tv-serie «Scener fra et ekteskap» frå 1973 på Rogaland teater? Det skulle visa seg å gå godt. Det har framfor alt med skodespelarekteparet Ødegård og Dale å gjera, ganske mykje med regissør Kjersti Horn og hennar kreative team å gjera. Og - dette skriv eg litt motvillig - sannsynlegvis også litt med Ingmar Bergman å gjera.

Se video fra prøvene på stykket:

Kva gjer ein når kvardagen dominerer parforholdet, når brødskiver med leverpostei blir meir freistande enn å liggja saman? Foto: Fredrik Refvem

Kvardag i ekteskapet

Når publikum kjem inn i teatersalongen, er allereie ekteparet Marianne og Johan i gang i glassburet sitt oppe på Hovedscenen. Ho støvsugar i bare strømpebuksa, han står opp, pussar tennene, går rundt i underbuksa og steiker egg til frukost. Det er så definitivt blitt kvardag i dette ekteskapet, og allereie frå denne første scenen dukkar temaet opp: Korleis hamna dei her, i dette mønsteret? Er dei lukkelege? Er dei frie eller fanga i forventningar og rutiner? Er folk skapte for å leva saman i ekteskap, år ut og år inn?

Sidan skal det koma fleire scener: Skal dei få eit barn til, eller skal dei ta abort? Skal dei gå frå kvarandre? Skal dei liggja saman? Skal dei koma saman igjen? Skal dei gå ut og eta? Kva var det eigentleg som gjekk galt? Vil du ha ei brødskive? Skal dei vera ærlege med kvarandre? Vil du ha ein konjakk? Har dei nokon sinne vore ærlege med kvarandre?

Nina Ellen Ødegård og Anders Dale imponerer i Rogaland Teaters versjon av «Scener fra et ekteskap». Foto: Fredrik Refvem

Realistisk

Store tema og tankar blandar seg med kvardagsleg prat og kjekling - og heldigvis ein del halvsvart humor. Det kunne fort blitt luftig med lange diskusjonar om einsemd og tomheit, men Arne Lygres bearbeiding av Bergmans tekst, Horns regi og dei to skodespelaranes framføring gjer at samtalen dei to imellom høyrest imponerande truverdig ut. Ikkje minst fordi dei spelar så nedpå, så kvardagsleg, så realistisk. Dei tek seg til dømes god tid, her er nydelege små pausar. Og når dei to snakkar, skjer det i noko som framstår som eit naturleg språk for to vaksne menneske anno 2019.

Det bidreg også til illusjonen at dei to på scenen er gifte i den verkelege verda: Me føler at me ser inn i eit ekte ekteskapleg drama.

Og det er vel her eg, lett motvillig, må innrømma at Bergman nok visste ein del om kva han skreiv om, og dermed har sin del av æra for at dette fungerer: Han hadde skilt seg fire gonger og nylig gifta seg med elskerinna si då han skreiv «Scener fra et ekteskap». Som forresten ikkje gir eit veldig flatterande bilete av Mannen.

Klaustrofobisk

Sven Haraldssons scenografi, der dei to er lukka inne i ein hybel av glas, forsterkar kjensla av at me kikkar inn på to som er innestengde og begrensa i liva sine. Me ser to som strevar med å bryta ut og bli frie, to som føler dei lever i ei verd som er hermetisk lukka, to som nesten døyr av oksygenmangel, to akvariefisk som stangar mot ruta.

Store delar av tida blir dei to skodespelarane filma, og nærbilete av dei to prosjisert på bakveggen i hybelen. Dermed får me også sjå den minste mimikk, den minste reaksjon og nyanse i ansiktsuttrykk og blikk. Og dette er altså skodespel av ypparste klasse. Regissør Horn har kalla Ødegård og Dale to av Nordens aller beste skodespelarar. Den som ser «Scener fra et ekteskap» vil skjøna kva ho meiner.

To timar og 40 minuttar utan pause er lenge for eit teaterstykke. Eg meiner det er eit rett val å spela utan pause, ikkje bryta intensiteten i dramaet. Kanskje kunne ein ha kutta bitte litt meir i teksten, den siste scenen kjennest til dømes litt lang. Men dette er pirk. «Scener fra et ekteskap» er strengt tatt eit stykke alle som er, har vore, eller planlegg å bli gift - eller skild - trygt kan sjå.

Publisert:
  1. Teater
  2. Nina Ellen Ødegård
  3. Kjersti Horn
  4. Rogaland Teater
  5. Teateranmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. FHI har aldri sett noen lignende: En overraskende effekt av om­fattende smitte­vern­tiltak

  2. Hå-ordføreren: – Alle arrange­menter for barn og ungdom bør avlyses

  3. Avslutter regionale tiltak i nordfylket

  4. Glatte veier i Sirdal - tre biler involvert i ulykke

  5. Under landslagets frokost tok treneren Thorstvedt til side. Han fryktet det verste. Så kom meldingen som sjokkerte 22-åringen

  6. Åtte smittet på skip i Stavanger