Intense idear som ikkje heilt innfrir

ROMAN: Ho er møtt med jubel og ho har fått prisar. Vår bokmeldar er likevel ikke overbegeistra for Maren Uthaug si bok.

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
Publisert: Publisert:

Grade: 4 of 6 stars

Maren Uthaug: Der det finst fuglar. Omsett frå dansk av Ingrid Holvik. 332 sider. Samlaget.

Visst er Maren Uthaug prismottakar, og visst har jubelen slått inn over den dansk-norske forfattaren som brottsjøane ho skildrar i det maritime miljøet i hennar nyaste roman. Og visst er ho ein spennande forfattar som ein kan forventa mykje av framover. «Det det finst fuglar» er likevel meir ei framsyning av potente idear enn ein vellukka roman.

Personane i Uthaugs kystsamfunn er ulukkelege, kvar på sitt vis, og særleg ulukkelege er dei i det som verkeleg tel, nemleg kjærleiken.

Vi er i eit miljø forfattaren opplagt kjenner godt, i bygda Uthaug og ved Kjeungskjær fyr like utanfor den barske Trøndelagskysten i første halvdel av 1900-talet. Kystsamfunnet er lite og tett, og romanens tre hovuddelar gir oss same handling frå ulike perspektiv. Hovudpersonane er Johan, som tidleg må aksla eit tungt ansvar, Darling, jenta med det uvanlege, kanskje lagnadstunge namnet, og Marie, prestedottera med djupe drifter som absolutt ikkje kjem til uttrykk i første omgang. Dette er for så vidt det beste med romanen «Der det finst fuglar», ingenting er som det ser ut ved første augekast. Men når dette grepet vert opphøgd til prinsipp, vert det litt som eit pliktløp likevel: her skal liksom botnen detta ut av eit kvart førsteinntrykk – uansett.

Ulykkelege folk

Personane i Uthaugs kystsamfunn er ulukkelege, kvar på sitt vis, og særleg ulukkelege er dei i det som verkeleg tel, nemleg kjærleiken. Johan gifter seg med feil kvinne, og endrar nærast personlegdom over natta. Frå å vera ein sart gut vert han ein brysk vaksen, monomant oppteken av dama som glapp i den avgjerande augneblinken.

Darling, på si side, er eit personifisert utanforskap. Det er slett ikkje berre i namnet ho er annleis. Men ho er den som greier seg, den som berre veit «at ho var typen som kom til å reise seg – same kva». Marie er også ei kvinne med mange lag, ei som har svært lite til felles den ho som prestedotter må ta til takke med, anna enn dette: at ho er totalt oppslukt av ein som ikkje heilt kan bli hennar.

Einsemt og seksuell frustrasjon

I denne romanen er det utforskinga av einsemd og seksuell frustrasjon som rår grunnen; allmenne tema som Uthaug på ingen måte tek lett på. I dei mange forviklingane og konfliktlinjene er det som om menneska likevel står att som litt uferdige og kystlandskapet som litt gisne kulissar. På eine sida får vi eit innblikk i eit lokalsamfunn der alle veit alt om alle, og samstundes er talet på hyrdestunder i det lokale båtnaustet så mange at lange blikk burde avslørt langt meir enn dei gjer.

Her skal så mykje med at det er som om handlinga må spola litt likesælt framover for at alt endeleg skal få si løysing. Det er klart ein blir opprørt over akkurat kor lågt #metoo-medvit det var i dette tøffe trøndersamfunnet. Men på andre sida er jo nettopp dette svært lite overraskande. Det som derimot skal overraska, at alle hovudpersonane alltid mentalt er ein annan stad, vert kanskje litt i overkant; som eit stadig press om at absolutt alt til slutt skal og må henga saman med alt i fjøresusets freudianske underskog.

For alt heng faktisk saman med alt i denne forteljinga; Uthaug meistrar godt den gradvise avsløringa av nye perspektiv og detaljar. Grafisk gru og dyster desperasjon manglar det heller ikkje på, og slik sett minner romanen meir om ein krim med fleire løysingar enn eit djupdykk i lagnadar og sinn vi lever oss inn i og som verkeleg manar fram sympatiane og antipatiane våre. Språkleg har Uthaug prioritert detaljar vekk og skapt eit knapp uttrykksform fint tilpassa eit karrig kystlandskap.

Hadde handlinga vore prioritet etter same prinsipp hadde uttrykket blitt mindre overlessa, mindre repeterande og truleg meir vellukka.

Publisert:

Mest lest

  1. 16-åringen stupte med hendene over hodet

  2. – Ikke en kommunal oppgave å finne tomt til bygging av moské i Klepp

  3. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  4. – Vi ønsker ikke at politikerne våre er en del av en lønnsadel

  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur