Moralfilosofi og mord i rommet

DATASPEL: Årets mest etterlengta rollespel tikkar dei fleste boksane for vår meldar.

«The Outer Worlds» er eit rollespel i kjend stil frå Obsidian Entertainment.
  • Mikkjell Lønning
    Mikkjell Lønning
    Journalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

The Outer Worlds

iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Plattform: PC (testa), PlayStation 4 og Xbox One. Sjanger: Actioneventyr. Utviklar: Obsidian Entertainment. Aldersgrense: 18 år.

Eg er typen som alltid veit kva eg skal ha på menyen frå første stund. Val er ikkje vanskelege for meg. Eg tar eitt, held på det, og stort sett går det greitt. Eg brukar sjeldan tid på det å velje.

Rom-rollespelet «The Outer Worlds» har snudd dette litt på hovudet for meg.

Tenk deg at du er stranda på ein aude planet. Skipet ditt har krasjlanda på ei eirgrøn slette, og treng ei ny straumkjelde for å fly. Denne straumkjelda kan du berre få tak i ved å enten ta straumen til ein stor landsby eller ein utpost med desertørar.

Landsbyen er fylt opp med hardtarbeidande menneske som er avhengig av straumen for å overleve, men er styrt av ein tyrann, ei utsending frå ein megakorporasjon der menneska ikkje er verd meir enn arbeidskrafta dei kan gi. Blir du sjuk, må du enten jobbe og gjere deg tent til medisinar, eller døy aleine. Bebuarane har ein viss tryggleik, men dei er ulukkelege og undertrykte.

Desertørutposten er reine paradis å rekne i samanlikning, der folket lever i harmoni. Men der er det langt færre folk. Og du har ingen garanti om at innbyggjarane i landsbyen kjem til å desertere til utposten.

Valets kvalar

«The Outer Worlds» tar deg med til slike etiske dilemma, og lar deg gnege, gnege og gnege meir på kva som er det rette svaret. For det er jo ikkje noko rett svar.

Du møter sympatiske figurar som du dannar forhold med blant folket i både landsbyen og utposten. Det du skal gjere, det vil få alvorlege konsekvensar. Uansett kva. Enten slår du av straumen til landsbyen for å frigjere folket frå korporasjonanes tyranni – samstundes som du risikerer at nokon døyr av svolt, eller så lar du utposten døy fullstendig ut.

Det er fascinerande å dykkje ned i den fargerike verda som utviklaren har skapt.

Eg har aldri slite så mykje med å gjere noko i eit spel før. Det er som Phillipa Foot si likning om trikken, og valet mellom å la den køyre på fem personar, eller skifte spor og la den drepe ein annan. Dette er same stilen, berre at du kjenner alle personane på begge sider, du veit motivasjonane deira, kva dei gjer, kva som driv dei. Den interaktive naturen til spel opnar for kjenslemessige reaksjonar i deg som ingen andre kulturformer kan kome i nærleiken av å matche.

Ver din eigen skurk

Slike val, både store og små, gjennomsyrar «The Outer Worlds». Spelet har ein drøss med ulike sluttar basert på kva du gjer, og det ligg dusinvis av ulike stiar framfor føtene dine. Du kan vere ein dust mot alt og alle, du kan vere nøytral, du kan vere ein komplett engel, eller du kan vere så vondskapsfull at du sjølv omtrent blir skurken i forteljinga.

Det vesle solsystemet i «The Outer Worlds» tar ikkje meir enn 40 timar å utforske, men det er så mange ulike val at du lett kan spele gjennom tre gongar til og ha ei heilt anna oppleving, kvar gong. Det einaste eg syns manglar, er meir konsekvensar forbi det som skjer der og då. Nokon gongar verkar det som at du tar eit val, så skjer noko gale, og så er det alt. Du tar det ikkje med deg vidare.

Glimt i auget

Val er òg basisen for dei andre delane av spelet. Spelestilen din avgjerast av kva du fokuserer på i ferdigheitstrea, om det er rå kraft, treffsikkerheit med rifle, eller sjarm og kløkt i samtale med andre figurar.

Alle som har spelt «Fallout» vil kjenne seg igjen i kampane, i korleis lagersystemet fungerer og alt det andre praktiske, men «The Outer Worlds» kjem likevel med nokre nyvinningar her òg. Moglegheita til å manipulere kor fort tida går for å drepe fiendar meir effektivt, eller bruken av dei sprøe «vitskapsvåpena», fører til at det kjenst ut som ei fersk oppleving.

Tempoet i forteljinga er litt varierande til tider, men summen av «The Outer Worlds» er eit spel som leverer eit engasjerande plott med glimt i auget, reflekterte figurar, ei verkeleg eventyrleg verd og moro frå ende til annan.

Publisert:
  1. Dataspill
  2. Anmeldelse
  3. Playstation 4
  4. Xbox One
  5. PC

Mest lest akkurat nå

  1. Gjenåpningen ble feiret skikkelig i Stavanger lørdag. Ikke minst i Farge­gata

  2. Tusenvis feiret gjen­åpningen på Torget: – Velkommen tilbake, Stavanger

  3. MC-fører tatt i 160 km/t i 60-sone

  4. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  5. Webkamera: Sjekk folkelivet i Vågen nå

  6. Norge er åpnet. Men fortsatt kan 1,5 millioner nord­menn drive smitten videre. Hva skal til for at til­tak blir gjen­inn­ført?