Sterkt og sårt frå nynazistmiljø

FILM: Sterk historie basert på verkelege hendingar om forsøket på å koma seg ut av amerikansk nynazistmiljø.

Publisert: Publisert:

Jamie Bell imponerer i rolla som Bryon Widner, skinheaden som prøver å bli familiefar.

Grade: 5 out of 6 stars

SKIN

Sjanger: Biografi, Action, Drama. Med: Jamie Bell, Danielle Macdonald, Bill Camp, Vera Farmiga. Regi og manus: Gut Nattiv. Nasjonalitet: USA, 2019. Lengde: 2 timar. Aldersgrense 15 år.

Frå han var 14 år og til han var 30, var Bryon Widner ein valdeleg skinhead, og medlem av den nynazistiske gruppa Vinlanders Social Club i Indiana, USA. Men så møtte han si Julie og hennar tre døtrer. Frå då av starta kampen for å koma seg ut av det sterke fellesskapet han hadde vore ein del av. Widner ville bli ein familiemann, han ville tilbake til det vanlege samfunnet, erstatta hat og vald med kjærleik og fred. Omtrent som «American History X» frå 1998, altså.

Historia om Widner er dramatisk og sann, og har tidlegare resultert i dokumentarfilmen «Erasing Hate». Nå kjem spelefilmen, med Jamie Bell – kjent frå rolla som Billy Elliot i filmen med same namn – i hovudrolla, og med israelske Guy Nattiv på regi. Nattiv vann Oscar for «Best Live Action Short Film» for ein kortfilm som heitte «Skin» frå 2018.

Smertefull prosess

«Skin» vekslar i tidsplan mellom at Bryon går gjennom ein uhyre smertefull prosess der han får fjerna tatoveringane han har over heile kroppen, og historia om då han møtte Julie. Kvar tatovering Bryon har fått, symboliserer noko viktig for kvit makt-gruppa han har vore ein del av. Han har fått ei ny tatovering for kvar gong han har gjort noko (hatkriminelt) på vegner av Saka, tatoveringane er ikkje estetikk, men politikk. Å fjerna tatoveringane blir dermed ein fysisk og visuell måte å visa at han blir ein nytt menneske, at han legg sitt gamle liv bak seg. Frå å vera ein merka mann, prøver Widner å bli rein.

Bryon møter trebarnsmora Julie, og bestemmer seg for å leggja fortida bak seg og bli familiefar. Det er ikkje enkelt.

Men det er ikkje enkelt å bryta med Vinlanders-gjengen. Dette er ikkje ein gjeng du gjer det slutt med ustraffa. Og straffa for å tysta til politiet, er døden. Dette minner Bryons gamle venner han om på veldig tydeleg vis.

Skittenrealisme

Gjennom ei røff, skitenrealistisk filming viser «Skin» korleis nynazistgjengen plukkar opp ungdommar som ikkje har familie eller nettverk som fungerer. Vinlanders tilbyr fellesskapet dei sårbare ungdommane manglar, men krev total underkasting og lydnad. Bill Camp og Vera Farmiga leverer sterke roller som mors- og farsfigurar i dette miljøet.

Men framfor alt imponerer Bell som Bryon. «Skin» trengjer ikkje veldig djupt ned i det ideologiske eller tankemessige godset og grumset som ligg til grunn verken for gruppa eller for Bryons brot med dei. Men Bell er overtydande i framstillinga av den smertefulle prosessen frå valdeleg, tatovert skinhead til familiefar og ansvarleg samfunnsborgar. Du trur både på den nesten usannsynleg sterke kjærleiken han plutseleg opplever med Julie og døtrene – og på smerta som ligg både i den fysiske fjerninga av tatoveringane og kampen for å riva seg laus frå Vinlanders-gjengen og sitt tidlegare liv.

Publisert: