Bak veggene i Olavs hus

Tore Rems storslåtte biografi viser korleis Olav nølande vart folkets konge.

Rems imponerande biografi syner korleis Olav var ein sentral aktør i å skapa eit «kongedømme på norsk», skriv vår meldar om det tredje bindet i Tore Rems kongebiografi. Her er han fotografert saman med dronning Elizabeth i Stavanger i 1981.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Tore Rem:
Olav V
Ensom majestet 1946-1991
682 sider
Cappelen Damm

Grade: 5 out of 6

Med «Ensom majestet» er Tore Rem til endes med trebandsbiografien over kong Olav V. Det er på alle måtar blitt eit stort verk. Rem har gjort eit enormt kjeldearbeid. Lista over arkiv, intervjuobjekt og andre kjelder i inn- og utland er svært lang. Omfanget av bøkene er tilsvarande. Av og til kan det bli i meste laget med oppramsing, men Rem skriv med sans for drama, lett ironi og friske utsegner. Dei mange svulstige sitata frå norske journalistars dekning av kongens høgtidlege gjerning har dessutan stor underhaldningsverdi.

Kjeldetilfanget kunne ha vore endå større. Olav brende nemleg det meste av den personlege korrespondansen sin før han døydde. Det er naturlegvis eit stort tap, men det er nok av andre som både har skrive og snakka fritt.

Frå Erling Lorentzens arkiv får me såleis vita korleis hans seinare kone, prinsesse Ragnhild, kjeda seg under pliktreisene i Nord-Norge og på Vestlandet. Men besøka hos den britiske kongefamilien var verre. Her var alt så stivt, og særleg prinsesse Margaret var «høy på pæra». Olav sjølv var neppe så negativ, og Rem meiner at den britiske dronningmora kanskje var hans nærmaste fortrulege etter at kronprinsesse Märtha gjekk bort så tidleg som i 1954. Han finn lite substans i dei kvinnerykta som gjekk om Olav. Som tittelen viser til, er det eit sentralt poeng hos Rem at kongen i heile resten av sitt liv var ein einsleg og einsam mann.

Skeptisk til forandring

Olav fekk det i norsk samanheng ærefulle tilnamnet «Folkekongen». Det er slik sett eit paradoks at han lenge stritta imot mykje av det som skulle føra han og kongehuset nærmare folket. Det gjeld ikkje minst giftarmåla til dei tre barna.

Olav var lenge skeptisk til at prinsesse Ragnhild skulle gifta seg borgarleg, sjølv om den sju år eldre herr Lorentzen var ein pen og respektabel mann med aktiv krigsinnsats på rullebladet. Så gjekk søstera Astrid eit steg vidare og gifta seg ikkje berre borgarleg, men med den fråskilde Johan Martin Ferner. Dette var kontroversielt både i kyrkja og i det norske samfunnet i 1961, men Olav aksepterte det til slutt motvillig. Til slutt kom den velkjende ni år lange kampen før kronprins Harald fekk si Sonja i 1968.

I dag høyrest dette rart ut, men Rem viser med ei rekke sitat kor djupt norma om at kongelege skulle gifta seg med andre kongelege, var forankra ikkje berre hos Olav, men hos mange sentrale politikarar og kommentatorar på den tida. Ikkje få spådde at Haralds val kunne bli slutten for monarkiet, dei fleste med uro, somme med forventning.

I ettertid er det lett å sjå at Sonja representerte ei sunn og nødvendig fornying av kongehuset, men det skjedde ikkje utan kamp. Den unge kronprinsessa ville forandra, Olav ville ha ting som dei var. «Han er gal!» kunne ho seia til eskorten.

Kongedømme på norsk

Som ein skjønar, er ikkje Tore Rem nokon skjønnmalande hoffskribent. Han sminkar ikkje Olavs dårlege sider, like lite som han skånar andre representantar for den norske eliten. Fleire blir framstilte som både forfengelege og fordomsfulle. Kongen sjølv kunne tidvis vera litt av ein tyrann på heimebane, og han var ikkje særleg snill med tenarskapet sitt. Olav var nok blid og tjomsleg ute blant folk, men han heldt strengt på etiketten innomhus.

Rem kryssar ikkje grensa over til den billege sladderen. Men han vil ikkje utelata «det som skurrer». Dermed har me fått ein kongebiografi som er ærleg og truverdig, og som viser eit menneske som var «helt alminnelig og helt ualminnelig på samme tid».

Biografien om kong Olav er også ei forteljing om eit Norge i sterk forandring. Olav var av legning konservativ, og vennene hans frå krigsskulen og i seglarmiljøet på Oslo vest svekka neppe den innstillinga. Han heldt fast ved folkekyrkja, og lova om sjølvbestemt abort var kanskje den han hadde størst problem med å akseptera. Han eiga tru var likevel av den romslege varianten: «Jeg er da for f… sjef for denne kjerka ennå!», skal han ha sagt i ein diskusjon med seglarvenner.

Men han følgde med tida. Mannen som likte å kle seg i uniform, enda opp med å bli hugsa for ein trikketur i anorakk. Tore Rem meiner at kong Olav etter kvart utvikla stor respekt for det norske sosialdemokratiet. Sikkert er det i alle fall at det før så republikanske Arbeidarpartiet slo ring om han. Då Olav døydde, stod monarkiet i Norge sterkare enn nokon gong.

Rems imponerande biografi syner korleis Olav var ein sentral aktør i å skapa eit «kongedømme på norsk». Det skjedde av og til motvillig, og med god hjelp av rolla som nasjonalt fellesskapssymbol frå krigsåra. Men det var like fullt ei bragd, og Rems nærgåande innsyn i kongehusets indre liv svekkar ikkje det ettermælet.

Publisert: