Meta-moro med Nicolas Cage
FILM: Nicolas Cage spelar «Nick Cage» i tøysete metafilm om Hollywood og falmande stjerner.
- Jan ZahlKulturjournalist
THE UNBEARABLE WEIGHT OF MASSIVE TALENT
Kinopremiere: 29.04.2022. Med: Nicolas Cage, Pedro Pascal, Tiffany Haddish, Neil Patrick Harris. Sjanger: Action / Komedie. Regi: Tom Gormican. Nasjonalitet: USA, 2022. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 47 minutt.
Ideen er morosam og god: Nicolas Cage, som har hatt ei, ehm, variert filmkarriere i spennet mellom å vinna Oscar for beste mannlege skodespelar i «Leaving Las Vegas» (1995) til å ha spelt i ein haug filmar du ikkje har høyrt om det siste tiåret, spelar Nick Cage. Altså seg sjølv. Altså ein skodespelar som var superstjerne, men som ikkje nødvendigvis funklar like sterkt lenger – og slit med det.
Det vil seia: Nicolas Cage og «Nick Cage» er sjølvsagt ikkje éin og same person. Dette er ingen dokumentar, men ein ironisk, tidvis morosam film som tullar både med Cage, med Hollywood, med actionkomedieformatet og med filmstjerners karrierekurver.
Og, sei kva du vil om Nicolas Cage, men velutvikla sjølvironi har han i alle fall.
Filmen handlar altså om den fallerte, forgjelda og særs sjølvsentrerte Nick Cage, desperat etter å få den rette rolla som kan få han på høgda igjen. Imens er han ein ganske så patetisk figur, som blant anna ikkje imponerer i farsrolla.
Pengenaud får han til å takka ja til å kasta glans i ein bursdag på Mallorca, i regi av milliardæren Javi (Pedro Pascal). Der startar ein bromance med utgangspunkt i felles kjærleik til film. Her er gangsterar, våpensmuglarar, CIA, forvekslingskomedie og aukande actionvolum.
Første halvdel er langt betre enn siste halvdel. I starten kjennest ideen frisk og kreativ. Men så er det som om dei gode ideane tek slutt. Eg mista heilt interessa mot slutten.
Moroa ligg i metakommentarane, både til Cages eigne filmar, men også til heile filmskapinga. Hollywood elskar jo å laga filmar som diskuterer film og Hollywood, og ei heil stund er det ganske underhaldande for oss vanlege filmsjåarar også.
Sidan filmen levde opp til mitt viktigaste krav til komediar – eg lo fleire gonger – skal eg vera snill og trilla ein firar. Sjølv om dette berre er tull og tøys.
Film- og tv-anmeldelser
En heller svak og forutsigbar kjærlighetshistorie i en veldig fransk ramme
Morsom, men tynn ninja-oppfølger
Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...
Manuset er nesten komisk svakt. Og skodespelet. Og regien
Sex og snakk på fransk
James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film
Mest lest akkurat nå
For folk vil koke over fra livet og ned, og fryse seg i hjel fra livet og opp! Genialt konsept!
Har bodd på Tananger i to måneder. Nå tar mormor med seg Zlata (9) og Demid (3) hjem til Ukraina
Jærbanen stengt etter hendelse
Årets folketog i Stavanger
Se bildene fra russetoget her
Falt på elsykkel og slo hodet