Spider-Man-feber i byen

FILM: Odeon Kino har aldri selt så mange billettar så fort som til premierehelga for den nye Spider-Man-filmen. Og det midt i omikronen!

Etter fleire utsetjingar har «Spider-Man: No Way Home» endeleg norsk premiere denne helga.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Eg har aldri opplevd maken. Det tok heilt av, seier program- og informasjonssjef Stig M. Pedersen ved Odeon kino i Stavanger og Sandnes.

Då dei la ut billettane til «Spider-Man: No Way Home» klokka sju måndag morgon, gjekk det berre ein time før alle framsyningane i opningshelga var utselde.

– Me selde over 5000 billettar på ein time. Me har aldri selt så mange billettar til ein film på så kort tid før. Og det inkluderer tida før koronarestriksjonane, seier Pedersen.

Også frå kollegaene ved Odeon-kinoane i Oslo har Pedersen høyrt om elleville tilstandar. Der forsvann 7000 billettar på halvannan time.

Les også

Kor blei kulturen av?

Enorm interesse

Pedersen seier interessa rundt den nye Spider-Man-filmen har vore enorm.

– Den hadde ei av dei beste opningshelgene i USA nokon gong, og nærmar seg 1,7 milliardar innspelte dollar på verdsbasis. Og det før filmen har hatt premiere i Kina, som er ein enorm marknad for desse filmane.

– Kva skuldast den enorme interessa?

– Det er nok ein kombinasjon av mange ting. Dette er tredje Spider-Man-film med Tom Holland i hovudrolla. Dei har vore veldig flinke på å byggja opp forventningane over lang tid. Den førre filmen slutta med ein skikkeleg cliffhangar – og den nye startar akkurat der, svarer Pedersen.

Her heime trur Pedersen dei stadige utsetjingane av filmen på grunn av koronarestriksjonar heller har bidrege til å auka interessa enn å gjera folk mindre lystne.

– Då Sony utsette premieren igjen og me nok ein gong måtte kansellera i desember, var det mange illsinte folk blant fansen. Dei sa dei ville boikotta kinoen og det var ikkje måte på. Men nå ser det heller ut som om forventningane har bygd seg opp over tid, seier Pedersen.

Les også

Nye Spider-Man svinger inn til ny milepæl

Les også

200 løyser ingenting

Les også

Stor usikkerheit i kulturlivet

90 dagar på kino

Nå har Sony eit eksklusivt kinovindu på 90 dagar før filmen kjem på nokon strøymeplattform.

– Spider-Man skal leva lenge på kino, men det er viktig å ta ut potensialet som ligg i den første helga, seier Pedersen. Dermed kjem den spindelvevskytande superhelten til å prega dei lokale kinoane til helga – sjølv om Pedersen også lovar at det blir plass til andre filmar.

Rekordsalet er samtidig ein direkte konsekvens av at dei strengaste koronarestriksjonane blei justerte sist veke. Frå ei grense på 50 frå midten av desember kan kinoen nå selja inntil 200 personar i dei største salane – med ein meters avstand.

Ein annan konsekvens av større publikumskapasitet og signalet om at det neppe kjem nye innstrammingar framover, er at premierekalenderen for kinoane er i ferd med å fyllast opp. Etter tunge og uforutseibare tider, ser det ut til at filmdistributørane igjen torer å satsa på at det går an å ha premiere for store filmar – og selja mange kinobillettar.

Publisert: