Vondskapens imperium sett frå venstre

BOK: Utviklinga i Putins Russland skremmer, men har russarane så stor makt som Luke Harding vil ha oss til å tru?

Russiske militærhelikoptre markerte sigeren i Den andre verdskrigen søndag 9. mai i år. Men kor mektige er eigentlig russarane? Foto: AP Photo/Alexander Zemlianichenko Jr.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Luke Harding: Skyggestaten. Mord, kaos og Russlands manipulering av Vesten. 341 sider. Omsett frå engelsk av John Grande. Forlaget Press.

Russlands tilbakefall til det autoritære er eit av dei mest deprimerande utviklingstrekka i verda på 2000-talet.

Dagleg får me eksempel på at Putin strammar til. Den siste resten av demokratisk opposisjon er under sterkt press. Putin kan i praksis vera president på livstid, medan motstandarane hans risikerer livet. Korrupsjonen blomstrar, og kriminelle har fått innpass i eliten. Kreml bruker hardare maktspråk både innanfor og utanfor Russlands grenser.

Luke Harding, journalist i britiske The Guardian, er ein av dei fremste kritikarane av Putins Russland. Den tidlegare Moskva-korrespondenten vart kasta ut av landet alt i 2011, etter ein nærgåande artikkel om Putins «mafiastat». Seinare har han mellom anna skrive bøker om mordet på avhopparen Aleksandr Litvinenko i Storbritannia, og om Russlands rolle i det amerikanske presidentvalet i 2016.

Imponerande og spennande

Årets bok, «Skyggestaten», går vidare på den same tematikken. Undertittelen «Mord, kaos og Russlands manipulering av Vesten» oppsummerer godt kva boka handlar om. Harding tek blant anna for seg drapsforsøka på Sergej Skripal og Aleksej Navalnyj, høgteknologisk krigføring og desinformasjon via sosiale medium, krigføringa i Ukraina og Russlands forsøk på å påverka Brexit-avrøystinga og amerikansk politikk.

Luke Harding, journalist i britiske The Guardian, er ein av dei fremste kritikarane av Putins Russland. Den tidlegare Moskva-korrespondenten vart kasta ut av landet alt i 2011, etter ein nærgåande artikkel om Putins «mafiastat».

Det er på mange måtar ei imponerande bok. Harding følgjer pengane – og datastraumane. Han viser inngåande kjennskap til GRU, FSB og andre russiske hemmelege tenester, og han gir oss eit fascinerande og skremmande innblikk i moderne elektronisk etterretning. Harding portretterer agentar, tvilsame forretningsfolk og ditto politiske operatørar så nært at ein av og til kunne tru at han var flue på veggen.

Og han skriv drivande og spennande, godt omsett av John Grande, med fleire referansar til norske forhold. «Skyggestaten» kan minna om ein spionthriller, og det er neppe tilfeldig at sitat frå John le Carré innleier fleire av kapitla. Men av og til kan det vera krevjande å henga med i alle intrigane og den avanserte teknologien, og den vanlege lesaren blir nødvendigvis prisgitt forfattarens framstilling. 

Ein kan også irritera seg over at Harding iblant blir i overkant dramatiserande og bombastisk, og ikkje oftare drøftar innvendingar mot sine eigne hypotesar. Han er tydeleg skuffa over at spesialetterforskaren Robert Mueller ikkje fann tunge nok bevis på samrøre mellom Trump-kampanjen og Russland i 2016, og forklarar det med at den mangeårige FBI-sjefen var «ekstremt skuddredd» og ikkje våga utfordra presidenten. Ein mindre skråsikker skribent ville nok spurt seg om saka eigentleg var så klar som Demokratane ville ha det til. 

Kor dyktige er dei?

At dei russiske hemmelege tenestene er kyniske og nådelause, og at dei har ambisjonar om å påverka andre samfunn i samsvar med Russlands interesser, er vel dokumentert. Det er dei heller ikkje aleine om i den globale spionverda. Men kor dyktige er dei eigentleg?

Harding stiller enkelte stader dette spørsmålet. Likevel sit ein under lesinga igjen med inntrykk av at svært mykje av det som har skjedd av galne ting i verda dei siste åra, skuldast mørke krefter i Putins trollfabrikkar. Forfattaren går langt i å hevda at både Brexit og Trumps valsiger var eit resultat av russisk innblanding. 

For Harding blir dagens Russland dermed eit liknande «Vondskapens imperium» som Sovjetunionen var for Ronald Reagan på 1980-talet. Ein kan undrast på om han her målber ein konspiratorisk tendens blant vestlege venstre- og sentrumsliberale. Det er jo freistande å tolka politiske nederlag som resultat av lumske alliansar mellom mektige ytre fiendar og moralsk forderva «populistar» i eigne land, og ikkje som manglar ved eigen politikk. Dermed kan ein lettare bagatellisera den misnøya som skaper protestvilje blant store grupper av veljarar. Putin fiskar nok i rørt vatn, men grumset er i stor grad heimeavla. 

Slik blir «Skyggestaten» både ei bok om Putins hemmelege politistat, men også indirekte om verdsbildet til dei som vil vera motkrefter mot Putin i Vesten. Det gjer faktisk ikkje boka mindre interessant.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Utrivelig roman nominert til Nordisk råds litteraturpris.

  2. Nådelaus roman om Danmarks Benjamin Hermansen-sak

  3. En siddis slåss best i nye Adidas

  4. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  5. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  6. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  1. Bokanmeldelser
  2. Russland
  3. Amerikansk politikk
  4. Moskva
  5. Anmeldelse