Kortreist kunst på KinoKino

KUNST: KinoKino har ambisjonar om å fylla sin nyoppussa kunstsal med lokal og internasjonal kunst av høg kvalitet. Utstillinga «Kongruens» er svært kortreist, med seks kvinnelege kunstnarar frå atelierfellesskapet Stasjon K.

Publisert: Publisert:

Lise Flørli (t.v.) og Karin Sunderø jobbar saman om utstillingane på KinoKino framover. I «Kongruens» har dei blant anna med seg Gunn Tjensvold, som har laga kunst av innmaten til vinkassane på Polet. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Det går ein diskusjon om mannleg overrepresentasjon i kunsten. Her har to kvinner fått inn seks kvinnelege kunstnarar. Hadde det motsette vore mogleg, med berre menn?

– Det hadde gått an. Men det ville nok fortare blitt oppfatta som problematisk, seier Karin Sunderø, kurator for utstillinga «Kongruens», som opnar på KinoKino denne veka.

– Dei fleste mannlege kunstnarane frå regionen har reist ut og busett seg andre stader. Det er nesten berre kvinnelege kunstnarar både på Stasjon K og på atelierhuset på Tou, seier Lise Flørli.

Satsing i Sandnes

Sidan rett før koronaen slo til, har dei to jobba i kvar si halve stilling ved KinoKino, Sunderø som kurator, Flørli som koordinator. Begge har lang erfaring frå kunstfeltet, og tilsetjinga av dei to er eit uttrykk for ein ambisjon om å skapa ein av dei viktigaste visingsstadene for kunst i regionen nettopp her i Sandnes.

– Me har jobba saman tidlegare, stoler på kvarandre, begge veit kva den andre står for, seier Sunderø.

– Med to personar i kvar si halve stilling har me dobbelt så stort nettverk med oss inn i jobben, seier Flørli.

Les også

En praktfull utstilling!

Les også

Dolk skal ha sin første utstilling siden han forlot anonymiteten

Les også

En fruktbar ørkenkunst

Eigen profil?

Den nyoppussa kunstsalen i det nymalte KinoKino-bygget er langt frå den einaste visingsstaden for kunst i regionen. Skal KinoKino ha ein eigen profil?

– Ja og nei. Politikarane vil at me skal ha brei appell. Me skal ha breidde og mangfald i kunstnariske uttrykk, i alder, kjønn, etnisitet og i spennet mellom det lokale og det internasjonale, svarer Sunderø, som har ambisjonar om å invitera kunstnarar frå dei store biennalane i både Venezia og Kassel – den første av dei kjem i 2021 – samtidig som ein viser fram lokale kunstnarar.

KinoKinos historie og visingsrom gjer det også mogleg å spela meir på film og video enn andre stader.

– Og så er me i den heldige situasjonen at me ikkje må tenkja reint kommersielt, sjølv om me også har salsutstillingar, seier Sunderø.

– Me skal satsa på kunst av høg kvalitet, seier Flørli, tenkjer seg om og legg til: – Men det seier jo alle visingsstader.

Gry Hege Rinaldo bidreg med psykologiske portrett, og er den einaste av kunstnarane i utstillinga som viser bilete av menneske. Foto: Pål Christensen

Slip ned terskelen

Sunderø er veldig tydeleg på at KinoKino framfor alt er til for publikum.

– Korleis er kunstpublikummet i Sandnes?

– Som alle andre stader: Somme vil sjå noko som er «pent», andre er kresne kjennarar med avansert smak. Me vil både visa fram kunst folk ikkje visste dei var interesserte i, og få ting til Sandnes som du elles måtte reist til utlandet for å sjå, svarer Sunderø.

I dette perspektivet blir formidlinga av kunsten heilt avgjerande.

– Me har allereie invitert inn skuleklassar og kunstkontaktar til omvisingar. Me er veldig opptekne av å slipa ned terskelen mange opplever for å gå inn i eit visingsrom for kunst.

– Apropos det: Eg har hovudfag frå universitetet og jobbar med språk, men eg skjønnar ikkje kva «Kongruens» betyr?

– Er ikkje det kjekt, repliserer Sunderø.

– Er ikkje det å heva terskelen?

– Det kan vekka undring, lokka folk inn.

Sunderø og Flørli innrømmer at dei lurte på tittelen. Målet var å finna eit ord som uttrykte samanhengen mellom seks ulike kunstnarar, det som kunne samla dei til éi utstilling. Og det er altså ei felles interesse for biologiske prosessar, om det som spirer og gror og lever. Det kan handla om natur – men samtidig om noko djupt menneskeleg.

– «Kongruens» er synonymt med «samsvar», men «samsvar» dekkjer ikkje heilt tydinga, seier Sunderø – som presiserer at språket i katalogar og kommunikasjon skal vera på norsk. Og forståeleg for folk.

Kva er «ekte»? Er dette ekte vedkubbar? Eller er det betong? Åsa Sjøholm vil utfordra evna vår til å sjå. Foto: Pål Christensen

Pappkunst

Gunn Tjensvold er ein av dei seks kunstnarane. Ho har plukka innmaten ut av vinkassar, plassert dei ut på golvet, som ein slags by, plukka somme av dei frå kvarandre og hengt på veggen.

– Vanlegvis går alt dette i papirpressa. Men som kunstnar som har jobba på Polet, ser eg nok litt andre ting enn kollegaene mine. Eg syns desse formene er fine i seg sjølv. På eitt vis er det søppel – og slik kan dei også enda opp etterpå, seier Tjensvold.

– Du har fjerna det som har verdi – vinflaskene – og viser fram det som beskyttar verdiane. Slik kan ein oppdaga formene som dei er, uavhengig av bruken deira, seier kurator Sunderø.

– Det var veldig fint sagt. Det må eg stela, seier Tjensvold.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  2. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  5. NLM åpner for å frata medlemskap til de som «lever i strid med Guds ord»

  6. Svensk studie: Alle koronasmittede utviklet antistoffer

  1. Utstilling
  2. Kunst
  3. KinoKino
  4. Utstillinger