Søtt og sentimentalt frå krigen

FILM: «Summerland» er flott å sjå på, men for søt og sentimental til at du kjenner det i magen.

Publisert: Publisert:

Gemma Arterton spelar Alice, forfattaren som eigentleg ikkje liker barn. Så bankar gutungen Frank på døra.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 3 out of 6

Summerland

Med: Gemma Arterton, Gugu Mbatha-Raw, Penelope Wilton, Tom Courtenay, Lucas Bond, Dixie Egerickx. Sjanger: Drama / Romantikk. Regi: Jessica Swale. Nasjonalitet: England, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 39 minutt.

«Summerland» startar med å visa fram ei kjip, eldre dame som husjar vekk ungane som bankar på og så vender tilbake til skrivemaskinen og boka ho prøver å skriva. Hopp tilbake i tid, og den yngre versjonen av Alice (Gemma Arterton) viser seg å vera kjip og usympatisk mot ungar også då. Ungane – og resten av landsbyen – i den biletskjønne byen ved Dovers kvite klipper kallar henne for ei heks.

Du treng ikkje vera rakettforskar for å gjetta at det kjem til å skje noko med hovudpersonens forhold til barn i løpet av den neste halvannan timen.

Det som skjer, er at Frank (Lucas Bond) plutseleg ein dag står utanfor døra til Alice. Det er blitzkrig, London blir bomba kvar einaste natt, barn blir sende ut på landet, innlosjert hos vertsfamiliar for å vera trygge. Alice blir plutseleg – og svært motvillig – ein slik vert.

Frank viser seg å vera ein livleg og sympatisk gutunge med insisterande godt humør. Kanskje i overkant sympatisk og i godt humør, akkurat som Alices dårlege humør og usympatiske eigenskapar er dregne hakket for langt til å bli truverdige.

Så må dei to finna ut av det med kvarandre, samtidig som me får rulla ut litt av Alices eiga historie, lenge før krigen, då ho var lysare til sinns, då ho var saman med Vera (Gugu Mbatha-Raw).

Jessica Swale er opphavleg prislønte dramatikar for teaterscenen, og tek med dette steget ut i filmen. «Summerland» byr teatermessig nok på meir snakking enn action. I lange periodar skjer det fint lite.

Til gjengjeld har Swale funne fram til ein fantastisk scenografi på det store lerretet. Dovers kvite klipper, naturen, landsbyen er nydeleg filma. Her er også flotte kostyme. «Summerland» er ei nyting å sjå på, visuelt sett.

Men karakterane er og blir litt for karikert koselege, det heile blir for søtt og sentimentalt til å lodda særleg djupt og få deg til å kjenna det eventuelle dramaet i magen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  2. Aldri registrert i Norge før: – Det var litt av en fangst

  3. Slåssing i Langgata - muligens med kniv

  4. Vasker du kjøkkenbenken før eller etter at du lager mat? Det har noe å si

  5. Lever i skjul etter åtte år med vold: Svigerforeldrene og svogerne risikerer fengselsstraff

  6. FNB-landsmøtet kan bli gjennomført bak lukkede dører

  1. Filmanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Film