Kven er i omlandet til terroristen?

Sakprosa: Eit oppgjer med «tankegodset» til Anders Behring Breivik er ikkje enkelt. Ein ny bok prøver å rydda i det brokete grenselandet mellom politisk vald og legitim politisk kamp.

«Ti år etter terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 etterlyser særleg AUF-miljøet eit «tydelegare oppgjer» med tankegodset som inspirerte Anders Behring Breivik. Det er lett å forstå», skriv Tom Hetland i denne bokmeldinga.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Øystein Sørensen, Bernt Hagtvet og Nik. Brandal (red.):

Politisk vold
Former og årsaker
349 sider
Dreyers Forlag Oslo

Grade: 4 out of 6

Ti år etter terroren i Oslo og på Utøya 22. juli 2011 etterlyser særleg AUF-miljøet eit «tydelegare oppgjer» med tankegodset som inspirerte Anders Behring Breivik. Det er lett å forstå. Samtidig er det ein svært vanskeleg debatt. For kven og kva skal ein ta eit oppgjer med?

Dei som har sympati for Anders Behring Breiviks ideologi og handlingar, utgjer ein mikroskopisk del av folket og blir møtt med avsky av dei aller fleste. Det same gjeld netthets og anna trakassering av ofra. Men delar av tankegodset hans – om innvandring, islam, Arbeidarpartiet og «kulturmarxisme» - har eit vesentleg større nedslagsfelt. Spørsmålet er kor stor sirkel ein kan og bør slå omkring terroristen utan at debatten blir forgifta, ved at kritiske, men legitime synspunkt blir slått i hartkorn med støtte til ekstrem politisk vald.

Fire nivå av radikalisering

Ein av dei som prøver å strukturera ein slik diskusjon, er historieprofessor Øystein Sørensen. I sitt bidrag til boka «Politisk vold» som han har redigert saman med Bernt Hagtvet og Nik. Brandal, set han opp eit «skjema for radikalisering» med fire nivå.
Det første er kjenneteikna av sterk misnøye med samfunnsutviklinga og med elitar i samfunnet. Men misnøya kjem fram innanfor demokratiske rammer.

Neste nivå går lenger. Elitane er ikkje lenger berre dumme og uvitande, dei er vondsinna og vil oss ikkje vel. På dette nivået dukkar konspirasjonsteoriane opp, men tilhengarane av desse manglar eit klart ideologisk alternativ til det eksisterande systemet.
På nivå tre finn me dei revolusjonære til venstre og høgre, som vil erstatta dagens system med noko anna. Dei vil ofte i teorien støtta valdsbruk for å oppnå målet. Likevel vil avstanden i praksis oftast vera svært stor mellom nivå tre og nivå fire, der vald og terror er blitt ein del av strategien her og nå.
I ein annan artikkel i boka, av Nik. Brandal og Dag Einar Thorsen, blir forskjellen mellom den revolusjonære venstresida i Norge og Vest-Tyskland på 1970-talet brukt som eit illustrerande eksempel. AKP-ml i Norge kunne forsvara og jamvel romantisera vald i andre land eller i ein tenkt revolusjonær situasjon i Norge, men brukte sjølv aldri vald og terror som kampmiddel, i motsetning til Baader-Meinhof-gruppa i Tyskland.

Kva slags «tankegods»?

Forfattarane finn forklaringar i den norske politiske kulturen. Medan tyskarane møtte dei revolusjonære med massiv politimakt og yrkesforbod, var den norske staten langt mindre konfronterande. Ml-arane i Norge fekk eit stort rom i det offentlege livet, ikkje minst på kulturfeltet. Det bidrog til å avdramatisera den revolusjonære trusselen; hyllinga av Stalin, Mao og Pol Pot vart oppvegen av bøkene til Dag Solstad og Jon Michelet og visene til Vømmøl Spelmannslag.
Sjølv om eksempla er forskjellige, kan begge artiklane lesast som ei åtvaring mot å gjera sirkelen rundt valdelege ekstremistar for vid. Ein romsleg ytringsfridom kan vera ubehageleg, men kan spara oss for langt verre ting. Dersom det svenskane kallar «meiningskorridoren» blir for smal, kan det pressa fleire over i det yttarleggåande landskapet og stenga for viktige diskusjonar. Og i alle fall må ein vera ryddig i omgrepa. Sørensens avsluttande påminning er vel verd å ta med seg: «Hvis man snakker om «tankegods» eller «meningsfeller», eksempelvis i forbindelse med Anders Behring Breivik; Hvilket nivå er det da man snakker om?»

Boka tek elles seg for politisk vald i svært så ulike former og historiske situasjonar: fascisme og nazisme, IS og andre islamistiske rørsler, kolonikrigane i Algerie og Kenya. Breidda blir understreka av artiklar om den franske politiske valdsfilosofen Georges Sorel, og om kjønnsbasert vald i krig. Som kontrast til slutt stiller Inge Eidsvåg opp Mahatma Gandhi som eksponent for ein konsekvent ikkje-valdeleg politisk filosofi.
Som i dei fleste artikkelsamlingar er bidraga noko ujamne, og ikkje alle er like lett tilgjengelege. Likevel gir boka eit nyttig kunnskapsfundament for ein debatt som elles kan bli dominert av rettkomen moralsk indignasjon, men altfor enkle svar.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. 22. juli
  4. Radikalisering

Mest lest akkurat nå

  1. Gjenåpningen ble feiret skikkelig i Stavanger lørdag. Ikke minst i Farge­gata

  2. Tusenvis feiret gjen­åpningen på Torget: – Velkommen tilbake, Stavanger

  3. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  4. MC-fører tatt i 160 km/t i 60-sone

  5. De trives i høyden, både Signe og Regine. Men slik har det ikke alltid vært

  6. I over 30 år har Egil Tveit jobbet nattevakt på Shell-en i Løkkeveien. Nå rives stasjonen – uten at det stopper Egil