Ferdig med Mission Impossible-innspelinga på Preikestolen

KULTUR: Tom Cruise hadde torsdag sin siste dag med filminnspeling på Preikestolen. Filmcrewet har forlatt fylket i eit privatfly frå Sola flyplass.

Tom Cruise går om bord i privatflyet som fraktar han vidare frå Stavanger-regionen. Foto: Kristin Stokkedal

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Det er presseansvarleg for produksjonen, Amanda J. Brand, som opplyser at filminnspelinga er ferdig. I ein mail til Aftenbladet bekrefter ho at dei hadde filminnspeling på fjellknatten torsdag, til trass for at vêret har vore heller surt.

Tysdag skulle vere første dagen med filminnspeling for «Mission: Impossible 6» på Preikestolen, men dette blei utsatt på grunn av sterk vind. Onsdag var produksjonen i gang for å ta igjen det tapte.

Filmstjernene Henry Cavill og Tom Cruise vinkar farvel på Sola etter dagar med innspeling på Preikestolen. Foto: Kristin Stokkedal

Store stjerner som Tom Cruise og Henry Cavill har denne veka gjort heftige stunts i den stupbratte fjellveggen. Torsdag forlot dei Sola flyplass i eit privatfly, viser eit bilete som Aftenbladet har fått tilsendt. Aftenbladet har vore i kontakt med Avinor. Dei kan ikkje bekrefte dette ettersom privatflya flyr frå sine eigne område og dermed ikkje er registrert i terminalen. I Lufttrafikktenesta er det berre namnet på pilotane som er registrert, ikkje passasjerar.

Tom Cruise vinker på Stavanger lufthavn, Sola. Foto: Anders Bowitz Knutsen/Tipsfoto

– Overraskande få besøkande

Audun Rake, leiar i Stiftelsen Preikestolen, trur publisiteten vil gi fjellknatten enda fleire gjestar på sikt. Stiftelsen jobbar no for å få bruke materiale frå filmen i marknadsføring av turistmagneten. Preikestolen har i år hatt i underkant av 300.000 besøkande.

– Det som overrasker er at ikkje fleire kom for å sjå dette. Det har vore mindre enn 50 besøkande kvar dag, kanskje så lite som 10- 20 personar. Vi hadde trudd det skulle vere fleire skodelystne. Men det betyr jo samtidig at skadeverknaden er liten, at det er få som ikkje har fått gå opp på grunn av innspelinga.

Det som truleg er flyet til Tom Cruise. Foto: Benedicte Abrahamsen Hantho / tipsfoto

Under sjølve opptaket har Preikestolen vore heilt stengt, men under førebuinga til innspelinga var det ope for publikum.

Det var i utgangspunktet i september at Tom Cruise, Henry Cavill og Rebecca Ferguson skulle til Preikestolen for å spele inn dei dramatiske sluttscenene til den nye Mission Impossible-filmen, men dette vart utsatt fordi Cruise skada foten.

Publisert:

Tom Cruise på Preikestolen

  1. Tom Cruise kan returnere til Vestlandet

  2. «James Bond» får 47 millioner for å spille inn i Norge

  3. Ble presset av filmcrew til å doble antall klatretak på Preikestolen

  4. Rapport om filminnspillingen på Preikestolen: - Vi leide ut sjela i noen uker

  5. Håper å få vist «Mission Impossible» på Preikestolen

  6. Cruise-premiere på Preikestolen?

  1. Tom Cruise på Preikestolen