Rus, død og teatersuksess

Morten Joachim mista mora, faren, stefaren og broren til rusen. Historia hans har blitt til suksessmonologen «Fire begravelser og ett bryllup», som nå gjestar Rogaland teater.

Morten Joachim skal vera i Stavanger heile hausten og rullar inn på Rogaland teater på nykjøpt sparkesykkel.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

– Refleksjonane mine er almenne, sjølv om historia mi er spesiell. Eg snakkar om ting som opptek oss alle, seier Morten Joachim,.

Monologen hans om oppveksten hos narkomane foreldre og med ein narkoman bror har det siste året vore land og strand rundt med Riksteatret. Både publikum og kritikarar er begeistra - og gjestespelperioden som blei innleia på Rogaland teater sist helg er nå utvida til ut september for at flest mulig skal få billett.

Korleis forklarer Joachim sjølv at hans særs spesielle erfaring treffer så djupt, så breitt, så allment?

– Eg tør å setja ord på tankar og motiv alle har, men som er vanskelege å innrøma at me har.

– Som for eksempel?

– Redsla for ikkje å vera viktig for andre menneske. Eller å avsløra egoistiske motiv i særs sårbare situasjonar. Som å bruka ei gravferd til å imponera med ein ny song, der motivet er å få merksemd om seg sjølv - ikkje å heidra den døde, svarer Joachim.

«Virkelighetsteater»

Å fortelja om seg sjølv og sin eigen familie har nærmast blitt ein eigen sjanger innanfor litteraturen, etter Karl Ove Knausgårds «Min kamp». Som i sin tur har ført til omfattande debatt om kor grensene for utlevering går.

– Eg har aldri tvilt på at dette var rett for meg å gjera. Monologen er min refleksjon rundt korleis eg har blitt som eg er. Eg har brukt mitt møte med familien min til å seia noko om korleis min identitet blei skapt. Det har jo blitt knust nokre egg også her, men eg seier bare det som er sant.

Jamfør søstrene Hjorths to ulike romanar om same familiehistorie: Det kan vera ulike syn på kva som er sant?

– Eg kjem ikkje med ein fasit, men stiller spørsmål, viser fram døme, konkluderer ikkje. Dette er ein forsonande monolog. Eg utleverer ingen. Dessutan er absolutt heile gjengen eg snakkar om døde.

– Er det rart eller logisk at du, med din dramatiske bakgrunn, skulle bli regissør og teatermann?

– Det er nok litt rart. Men ikkje på anna vis enn at verda er rik og at alt kan skje. Av ein eller annan grunn har eg ikkje teke veldig skade av oppveksten min. Men eigentleg syns eg ingenting er rart.

– Heller ikkje at du er påtroppande teatersjef i Haugesund?

– Ja, er ikkje det moro, eller?

Morten Joachim blir ny teatersjef i Haugesund frå 2019.

Blir arabar

For slik er det, altså: Frå 2019 flyttar Joachim til Haugesund for å ta over som sjef på det næraste Rogaland Teater har eit naboteater, sjølv om vilkåra for dei to er ganske ulike. Mens Rogaland teater er eit offentleg finansiert institusjonsteater med full stab og eige bygg, er Haugesund teater eit regionalt prosjektteater utan særleg mange fast tilsette og utan eit eige teaterbygg.

– Det blir interessant å sjå kva me kan få til. Storleiken og plasseringa gir oss fridom til å skapa noko eige, til å tenkja utanfor boksen og slå oddsa.

– Kva er oddsa?

– Det er ei morosam - og fullt mulig - utfordring å gjera Haugesund teater større og viktigare enn kva folk forventar. Eg har lyst til å få teatret lenger fram i folks medvit - og markera det tydelegare på landsbasis.

Gravferd

Joachim blir verande ei stund i Stavanger når han nå først er på plass. Om 14 dagar startar prøvane på «Chaplin: Diktatoren», som har premiere på Hovedscenen 15. november. Joachim har både ansvar for manus og regi.

Men før det skal han altså gjera seg ferdig med «Fire begravelse og ett bryllup».

– Skal du spela det meir etter Stavanger?

– Det nærmar seg 100 oppføringar nå. Eg ser på dette som dei siste. Det er på tide å la framsyninga bli eit godt minne.

– På tide å gravleggja henne?

– Ja.

Publisert: