Barnelitteratur: Frå offer- til maktrolle

– Aldri før har barne— litteraturen hatt så mykje makt, aldri før har barnelitteratur vore så synleg, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen. Sånn cirka heilt motsett av mytane, altså.

Publisert: Publisert:

Er dette bøker med makt? Over barnesinn eller vaksne? I februar inviterer fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen og prosjektleiar Ine Marit Torsvik Bertelsen til konferanse om barne- og ungdomslitteratur. Foto: Fredrik Refvem

– Barnelitteraturen har lenge hatt ei offerrolle, men nå kan du knapt opna ei avis utan å sjå referansar til barnelitteratur. Og i førre veke hamna ei barnebok i spørjetimen på Stortinget, seier Ine Marit Torsvik Bertelsen. Kultur— og litteraturformidlaren jobbar som prosjektleiar for den store Nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Maktens pluttifikasjon», som skal gå av stabelen i Stavanger i februar, i regi av Rogaland fylkeskommune. Ein barnebokkonferanse som, av alle ting, skal ta for seg makt, klasseskilje og brytingstid.

Synleg

For mens ein på litteraturfestivalen Kapittel i september hadde ein eigen debatt om barnelitteratur under overskrifta «Litteraturen ingen husker» – om at barnas eigen litteratur praktisk talt er gløymd av norske medium, meiner Torsvik Bertelsen situasjonen er omtrent motsett.

– Kulturminister Anniken Huitfeldt si bok om Gro Harlem Brundtland blei ei politisk sak. Det same blei Norges første splatterbok for barn, der skurken heiter Sivert Jensen og leiar Skrittpartiet, seier Torsvik Bertelsen.

Framstegspartiets kulturpolitiske talsmann Ib Thomsen bad førre veke kulturministeren gripa inn og hindra at boka blir kjøpt inn av Norsk Kulturråd fordi han meiner «partipolitiske barnebøker» ikkje bør subsidierast av staten. Han fekk nei.

Vaksenbøker

Forfattaren av boka om Sivert Jensen heiter Jan Christian Næss. Han debuterte som vaksenbokforfattar – men har sidan også skrive ei rekkje bøker for barn og unge – som så mange andre vaksenforfattarar.

– Dei gjer det fordi dei får så mykje merksemd når dei skriv barnebøker, seier Torsvik Bertelsen.

– Dei seier stort sett det motsette sjølv – at dei knapt får merksemd når dei skriv for barn?

– Kor mange oppslag fekk ikkje Tore Renberg i media då han nyleg gav ut barnebok? Nei, det er så mange mytar om barne- og ungdomslitteraturen. I februar skal me driva myteknusing og tenkja framover, svarer Torsvik Bertelsen.

Konferansen, som framfor alt rettar seg mot skulefolk, blir arrangert kvart tredje år – for slik blir det mogleg å sjå dei nye trendane mellom kvar gong.

– For tre år sidan ville eg til dømes ikkje funne på å seia at barnebøker er så synlege i media, seier Torsvik Bertelsen.

Digitalt

Eit anna tema på konferansen er den digitale utviklinga.

– Me skreiv minnebøker før, men kva skjer når det barn og unge skriv blir spreidde til tusenvis av lesarar, slik bloggarane gjer, seier fylkeskultursjef John Gunnar Johnsen. Han vil ha forlag og forfattarar med på diskusjonen. Og er oppteken av korleis ein kan ha kontroll med alt dette. I den grad det kan kontrollerast.

–Eg er oppteken av at me som vaksne veit kva som foregår, kva dei unge får av opplysningar og informasjon.

– At kven som helst kan skriva og publisera på nettet inneber vel ei demokratisering og frigjering av ordet?

– Ja, men kjenner me til kva som blir publisert?

– Dei som bloggar og les kjenner vel svært godt til det?

– Ja, men me som foreldre? Skulen?

– Heile tankegangen innanfor forsking på barne- og ungdomslitteratur har tatt utgangspunkt i at det er vaksne som skriv for barn. Men kva skjer når det er barnet sjølv som skriv, seier Torsvik Bertelsen.

Vaksne

Eit anna spørsmål når det gjeld barne- og ungdomsbøker, kan tidvis vera kven som eigentleg er målgruppa, barn eller vaksne? Skjønar til dømes barn referansane til splatterfilmar som «Død snø» eller dei politiske referansane til Siv Jensen?

– Nei, svarer Torsvik Bertelsen, og plukkar fram ei svensk suksessbok: «Bajsfesten». På norsk «Bæsjfesten».

– Målgruppa for denne er fedrar mellom 25 og 40 år. Og gutar på 5–6 år. Det handlar om bæsj, seier ho.

Status

Så kva er så status for barne- og ungdomslitteraturen, rett før det blir 2011? Torsvik Bertelsen har følgjande heildekkjande svar:

– Aldri har mangfaldet vore større. Og utviklinga peikar i alle retningar.

Publisert: