Dobbel dose Tore

I dag gir Tore Renberg ut både ny roman og ny soloplate. Sjølv om det kanskje er ein dårlig idé.

Publisert: Publisert:

Lansering av tredje bind i Teksas-serien, og soloalbum nummer to. Der har du dagens dagsverk for Tore Renberg. Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det er fullt mulig at dette er ein dårlig idé reint marknadsmessig. Men eg har lang fartstid i å gjera det eg sjølv har lyst til - og ganske lang erfaring for at det går bra, seier Renberg.

I dag kjem «Skada gods», bind tre i Teksas-serien om kriminelle Jani, Rudi og gjengen i Hillevåg. Og så kjem altså albumet «Ein dag te», der gjengen som hjelper Renberg inkluderer folk som Odd Nordstoga og Morten Abel.

– Kvifor i all verda bok og plate på same dag?

– Det hadde sikkert vore lurt å ha eit godt svar på lur, men det ærlege svaret er «pragmatikk». Eg har jobba i fire år med ei bok, i to år med ei plate - nå var begge ferdige. Og så ville det blitt altfor mykje Tore Renberg - både for folk og for meg sjølv - om det først kom ei bok i september og så ei plate i november, seier forfattarvokalisten frå Våland.

Ikkje eit renessansemenneske

Renberg har i år også regissert «Indianeren» på Rogaland Teater, eit stykke han skreiv sjølv. Renberg får stadig spørsmål, så også nå, om det ikkje er komplisert å handtera så mykje samtidig.

– Då eg var 14–15 dreiv eg med tre ting: Eg spelte teater, nokon blei kanskje berørte av mi tolking av Bamsefar (ironi er komplisert i skrift, men her, kjære lesar... Red. merk.). Eg spelte fiolin - andrefiolin! - i orkester, pluss at eg spelte i rockeband. Og så skreiv eg dikt og noveller. Eg dreiv altså, som nå, med teater, musikk og litteratur. Det er dei tre tinga eg kan. Dei fleste kan 2–3 ting. Du er verken multikunstnar eller renessansemenneske av den grunn.

Det som er komplisert, er når to romanar kranglar med kvarandre om å koma ut, slik det skjedde i fjor. Renberg var godt i gang med tredje bind om dei kriminelle i Hillevåg, men så dukka ideen som skulle bli til fjorårets «Du er så lys» opp.

Les også

Nynorsk blei redninga då Tore Renberg stod fast i arbeidet med sin nye roman

Tore Renberg driv på med dei same tre tinga som då han var 14–15 år: Teater, litteratur og musikk. Foto: Pål Christensen

Kok i knollen

Renbergs metode er sånn: Han får ein idé, jobbar med ideen, og så bestemmer stoffet om det skal bli bok, teater eller musikk.

– For meg er det natursituasjonen at mykje kokar samtidig i hovudet mitt, det er ingenting rart eller spesielt ved det. Bok, song eller teater er bare tre ulike måtar å skriva på.

Det vanskelige for Renberg, er dette: Synging.

– Eg lærte aldri å synga, har ikkje ei stor stemme som automatisk leverer. Eg har måtta jobba masse med å klara å levera storytelling syngande. Dette er første gong eg sjølv høyrer at eg syng ganske bra, seier Renberg.

Storytelling

Storytelling er nøkkelordet for Renberg. Også i musikken startar det med teksten for forfattaren.

– Eg driv med historieforteljing, og sprenger og utfordrar songtekstformatet. Mine songar er tekstrike, dei inneheld mange ord, eg skriv om ting poptekstar sjeldan handlar om. Kan du skriva ein song om Nokasranet, liksom? Alexander Flotve, gitaristen min, gjer meg til tider merksam på at eg bryt reglane, men for meg er det greitt, seier Renberg.

Dermed kan eit vers i ein Renberg-song sjå slik ut: «Eg tenkte på den fysste gangen eg fekk kyssa. Eg tenkte på då eg spelte spiss på Vidar. Eg tenkte på den gang meg og Bjørn va på isfiske. Me fekk ein dritsvære torsk og me va så stolte.»

– Fellesnemnaren for boka og plata er at dei bryt med resten innanfor sin sjanger. Det er vanskeleg å peika på noko som liknar. Det er heilt ok for meg.

I Teksas-bøkene ser og kommenterer Tore Renberg samfunnet frå eit anna perspektiv enn middelklassen. Foto: Pål Christensen

Jul i Hillevåg

I «Skada gods» har me kome til desember 2012. Blant dei kriminelle i Hillevåg går livet sin skeive gang.

– Perspektivet i desse bøkene er nedanfrå - sjølv om det er noko dømmande i å snakka om «nedanfrå». Men det er i alle fall samfunnet sett og kommentert frå ein heilt annan stad enn den vellukka middelklassens perspektiv. Lar du ein kar frå Hillevågsgjengen, med all verdas diagnosar og trøbbel, sleppa til, får du eit anna resultat, med ein eigen verdi. Og så byr det på ein underhaldningsverdi som annan litteratur ikkje byr på, seier Renberg.

På nylig avslutta Kapittel gjekk forfattar etter forfattar på scenen og diskuterte seg sjølv i sin siste roman. Renbergs Teksas-bøker er ikkje sånn. Der er det fantasien og maksimalismen som rår.

– Dette er ein ganske kontant langfinger til «virkelighetslitteraturen»?

– Ja, dette er langt unna. Eg var tidleg innom sjangeren, og er glad Ingunn Økland i Aftenposten ikkje fekk ferten av meg då eg gav ut «Kompani Orheim». Det kunne teke knekken på forfattarskapet mitt. Det var ein journalist Zahl som pressa meg litt på om Orheim handla om meg sjølv, men eg hadde ei tydeleg grense for kor langt eg ville gå i å seia det på det tidspunktet. Men etter fem bøker om Jarle Klepp kjende eg at litteraturen min hadde blitt for trong. Eg blei lei av å stira på meg sjølv.

Gjenkjenning i Hillevåg

Om dei barokke typane i Teksas-bøkene ikkje finst som verkelege personar, meiner Renberg likevel han skriv nært den verkelege verda.

– Alle vil oppleva noko gjenkjenneleg i dei. For det finst folk som liknar.

Renberg er oppteken av å sjå dei som ikkje tok del i festen i Stavanger, dei som ikkje hadde pengane, ressursane eller snakka slik ein skulle då det tok av.

– Fordelen med å ha funne eit slikt stort univers som i Hillevåg, er at det byr på mykje å skriva om. Men risikoen ligg vel i å gjenta seg sjølv eller gå lei?

– Ingen skal bli forundra om den neste boka mi ligg i eit heilt anna leie enn denne. Tekstane mine er ein slags reaksjon på dei store universa eg har funne. For å vera skikkeleg pompøs: Eg liknar meir på David Bowie enn på Leonard Cohen. Cohen var fantastisk, men alltid lik seg sjølv. Bowie endra seg heile tida. Det er ei veldig uro i mitt forfattarskap, svarer Renberg.

Ikkje-strategisk

Han innser at han, kommersielt sett, sannsynlegvis burde skrive «Mannen som elsket Yngve, 2».

– Men eg er ute av stand til å gjenta meg sjølv, har inga interesse av det. Ein strategisk karriererådgjevar ville råda meg mot å gi ut ein nynorskroman, eit soloalbum, ei vitsebok som «Varmelager fem». Men eg har gjort det likevel. Nå er eg 45 år. Eg trur lesarane mine veit at dei ikkje heilt kan vita kva som kjem neste gong. Sjølv om eg meiner kjernen ligg ganske fast: Eg ser på meg sjølv som ein heiagjeng for dei eg skriv om. Eg bryr meg om folk.

Og nå skal Renberg på turné.

– Det blir ikkje opplesingsshow, ikkje konsert, ikkje stand up - men alt på ein gong. Eg utfordrar og utforskar litteraturmåten å gjera ting på. Eg blir nervøs av det - men eg liker det også.

Nå blir det turne, både med bok og plate. 9. desember kjem Tore Renberg til Stavanger konserthus. Foto: Pål Christensen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Nå er legestreiken i gang – rask opptrapping varsles

  2. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  3. Ble ikke straffet for homohets. Her er dommerens forklaring

  4. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. – Et overgrep mot barnet

  1. Litteratur
  2. Odd Nordstoga
  3. Tore Renberg
  4. Morten Abel
  5. Roman