Premiere på trailer for heilrogalandsk film

Barnefilmen «Tottori! Sommeren vi var alene» er ein 100 prosent kortreist lokalfilm frå Rogaland. Torsdag slapp dei traileren til filmen som har premiere 7. august.

Publisert: Publisert:
  • Marie Håland
    Journalist

Det er Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen, kjent for filmar som «Mongoland» og «Now it’s dark», som står bak regi og manus. Her blir det masse skarre-r-ar med berre rogalendingar i rollene.

– Det må vere lov å lage ting frå der du bur, og bruke dialekt og lokal kultur, seier Salomonsen som for første gong har regi på film.

Sine eigne barn i filmen

I filmen møter me Vega (8) og Billie (4) som er på fjelltur med pappa (spelt av Thomas Skjørestad). Når pappa fell ned i ein fjellsprekk og skadar seg må jentene på eiga hand dra ut i øydemarka for å finne hjelp.

– Me hadde ein idé om å lage film om barn, fordi det er ein bra måte å få ungar å sjå film. Me er veldig opptekne av å byggje ein filmkultur for dei. At det skal vere ein film som også vaksne gleder seg til å sjå og som er noko anna ein typiske franchisefilmar, seier Salomonsen.

Les også

Vil laga film om slaget i Hafrsfjord – og om samtaler på nettet

Ommundsen kom opp med ideen om to jenter som skulle finne vegen og ordne opp heilt sjølv utan noko hjelp frå vaksne. I hovudrollene er Vega og Billie Østin, som er døtrene til Salomonsen og Ommundsen.

– Det skulle eigentleg vere lettare sidan me slapp å ha med andre vaksne, men det vart stress. Men det gjekk seg til, og sidan dei er systrer på ekte så slapp dei å spele det. Me lét dei òg spele ut mange av situasjonane sjølv, fordi ungar løyser ting på ein annan måte enn vaksne, seier Ommundsen.

Relevant for årets sommar

Handlinga i filmen går føre seg i norsk, og meir nøyaktig rogalandsk, natur. Filmen skulle eigentleg ha premiere seinare i haust, men trass korona har dei skyvd fram premieren til 7. august. Nettopp fordi sommaren i år blir ute i naturen.

Les også

Jobber med «Mongoland »-oppfølger - kan få premiere i 2021

Også musikken til filmen er lokal. Thomas Dybdahl har komponert musikken til filmen. På tittelkuttet «Tottori!» er Hilde Selvikvåg på vokal saman med Vega og Billie. Musikkvideoen har premiere fredag.

– Dette er ein unik film, og han har blitt selt til fleire andre land, seier produsent Gary Cranner frå produksjonsselskapet Chezville.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Reagerer på fordeling av krisemidler: – Nesten ikke sett noe så gale

  2. 16-åring fikk krav på 860 kroner, Kolumbus endrer praksis

  3. Disse videregående skolene er mest populære i år

  4. – Jeg må si jeg blir betenkt hvis dette skal bli vanlig i naustmiljøene i fylket

  5. Byfjordtunnelen er åpen igjen

  6. Oppfordrer til brudd på koronareglene

  1. Film
  2. Arild Østin Ommundsen
  3. Thomas Dybdahl
  4. Silje Salomonsen
  5. Rogaland