Avvenningskur for oljelandet

Økonomen Knut Anton Mork inviterer til debatt om oljestopp. Men det var før koronaen delte ut korta på nytt.

Publisert: Publisert:

Utvalgsleder Knut Anton Mork overleverer rapport om aksjeandelen i Statens pensjonsfond utland (oljefondet) til finansminister Siv Jensen (Frp). Mork har nå skrevet bok om oljelandet. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Grade: 4 out of 6

SAKPROSA, Knut Anton Mork: «Oljeeventyret som kom og gikk», 320 sider, Spartacus

Knut Anton Mork kunne vore heldigare med timinga. Etter at han sette punktum for manuskriptet til boka om det norske oljeeventyret, slo koronaen til, oljepris og kronekurs fall dramatisk, og politikarane er i full gang med å diskutera krisehjelp til oljebransjen.

Ingenting av dette blir kommentert i boka, som dermed risikerer å verka uaktuell. Men samstundes understrekar hendingane dei siste par månadene eit sentralt poeng hos den tidlegare BI-professoren og sjeføkonomen i Handelsbanken: Det er farleg å bli for avhengig av ei enkelt næring. Norge er blitt hekta på olje, og det er på tide å setja i gang avvenningskuren.

Dessutan handlar store delar av boka om dei lange linjene. Her er forfattaren god. På pedagogisk og lettfatteleg vis rissar Mork opp både den 160 år lange internasjonale oljehistoria og den 50 år lange norske – eit tidsrom som nokså nøyaktig fell saman med Morks karriere som økonom. Han er påpasseleg med å understreka at han ikkje er nokon oljeekspert, men oljå har likevel vore det han kallar eit «garborgsk fylgje» for han i dei løpande analysane av norsk økonomi.

Mork er heller ikkje redd for å trekkja inn eigne opplevingar, både frå tida som student og seinare som forskar og samfunnsdebattant. Det fungerer stort sett bra og gjer framstillinga levande, men i blant blir han for oppteken av å kjempa om att gamle feidar.

Offer for suksess

Det er mykje å vera stolt av i norsk oljehistorie. Forfattaren slår fast at Norge er det einaste landet som har klart å kombinera ein oljedominert økonomi med eit demokratisk statsstyre og ein velfungerande, avansert økonomi.

Men Norge er på sett og vis blitt offer for sin eigen suksess. Den nasjonale leverandørindustrien som det var eit mål å byggja opp, har blitt så omfattande at halvparten av fastlandsøkonomien er direkte eller indirekte avhengig av oljesektoren. Grunnrenta – dei ekstraordinært store inntektene frå uttaket av ein ikkje-fornybar ressurs – har ikkje berre hamna i oljefondet, men også siva ut i privat sektor og auka kostnadene i norsk nærings- og samfunnsliv til eit nivå som me ikkje kan leva med over tid. Men mest alvorleg er det at norsk olje er ein stor bidragsytar til klimaproblemet. Derfor ligg det både rasjonelle økonomiske vurderingar og eit moralsk føre var-imperativ bak når Mork konkluderer med at «vi er nødt til å si stopp». Nokon tidsplan eller vegkart for «avvenningskuren» legg han likevel ikkje fram. På dette punktet er boka ganske vag.

Som resten av Norden

Forfattaren innrømmer ærleg at ei oljeutfasing vil kosta, i form av redusert vekst i levestandard og ein mindre raus velferdsstat. Men han åtvarar mot å krisemaksimera. Når det ikkje minst frå bransjehald vert snakka om kor avgjerande oljeutvinninga er for den norske velferden, ser han det rett og slett som ei fornærming mot våre nordiske naboar, som har skapt avanserte velferdssamfunn utan store oljeinntekter. Det bør også Norge greia.

Samstundes legg Mork ikkje skjul på at omstillings- og innstrammingspolitikk er vanskeleg i praksis. Den enklaste måten å få norske kostnader på linje med utlandet på, er å la krona falla i verdi, skriv han, og slår fast at Norge med eigen valuta har ein fordel framfor land i eurosonen, som Finland. Mork bruker mykje plass på å diskutera korleis pengepolitikken kan brukast til å gi oss ei svakare krone. I mellomtida har koronaen langt på veg hogd over den gordiske knuten: Avstanden mellom norske og svenske industriarbeidarlønner har alt minka med to tredelar på grunn av kursfallet på norske kroner. Forfattaren ergrar seg nok over at boka kom for tidleg til å fanga opp den utviklinga, men er kanskje til gjengjeld fornøgd med at krisa har gjort det lettare å tenkja det utenkjelege.

Publisert:

Les også

  1. Landet omtales som en «pirathavn». Her er grunnene til at idrettens mektigste vil dit

  2. Bra om forsmådd, fortvilet og kåt aldrende dame

  3. Norge er mindre oljeavhengig enn ved forrige krise

  4. Danske Bank-sjef friskmelder norsk økonomi neste år

  5. – Klimatrusselen stadig meir prekær, snart tid for at staten trykker på alle knappane

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinnen i 70-åra fikk et illebefinnende under pensjonistturen. Det reddet Sør-Rogaland fra et omfattende koronautbrudd

  2. Uniformert politi ved Lye skule onsdag morgen

  3. Kvinnelig lærer tiltalt for sex med mindreårig elev

  4. FULL OVERSIKT: 5 døde, 618 påvist smittede i Rogaland – sjekk din kommune

  5. Flere enn 1700 protesterer på at denne ut­sikten mot Jær­havet kan få steiner på stolper

  6. Norges dyreste spiller ble stemplet som et bomkjøp i Danmark. Hvorfor kan proffdrømmer ende opp som mareritt?

  1. Bokanmeldelse
  2. Økonomi
  3. Sakprosa
  4. Litteratur